Hopp til innhold

Politiet prioriterer ikkje teneste på sjøen - har ingen båt

Politiet har tidlegare varsla fleire kontrollar til sjøs, etter at at det vart innført krav om båtførarbevis. – Stikkprøver vil vi ha, men det er ikkje høgt prioritert, seier politiet.

Video Lite synleg på sjøen

NETT-TV: Politiet i Florø selde politibåten for å spare pengar i oktober 2010.

Den finst i dag ingen politibåt mellom Trondheim og Bergen. Politibåtane i Florø og Molde er seld fordi det må sparast pengar.

– Beredskapsordning har vi, men noko kontrollteneste vil det ikkje vere enno, seier politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane politidistrikt til Firda.

Varsla fleire kontrollar

Eit stort fleirtal av det norske folk meiner politiet ikkje er synlege nok på sjøen. Det syner nedslåande tal i ei ny undersøking som vart presentert i oktober i fjor. I fjor omkom 31 menneske på sjøen, og over halvparten av dei spurde meiner ulykker kunne vore unngått dersom politiet hadde gjort meir.

Politiet har varsla fleire kontrollar på sjøen etter at det vart krav om båtførarbevis, men det blir vanskeleg sidan dei ikkje har nokon båt å bruke.

– Stikkprøver vil vi ha, men det er ikkje høgt prioritert, seier lensmann og driftsleiar Jan Egil Tvinde for politiet i Sunnfjord til Firda.

Høyr radiosak frå oktober 2010:

Lagar handlingsplan

Politiet sa til NRK i oktober at det var planar om å kjøpe ein ny og mindre båt. Førebels er ingen ny båt på plassn.

Det er sett ned ei handlingsgruppe som skal sjå på politiet si sjøteneste i fylket og komme med ei tilråding til politimeisteren innan 1. juni.

– Før handlingsplanen er på bordet har eg ikkje noko svar på korleis dette bil gå føre seg. Men det blir nok uaktuelt med fulltidsbemanning slik det er i Bergen no, det har vi ikkje resursar til, seier Brekke til Firda.

Eit dokument som NRK.no har fått tilgang til viser at politibåten i Florø vart seld for litt over ein million kroner til Statens naturoppsyn. Skjer det noko og politiet må rykkje ut til sjøs må dei no leige inn båt.

Politibåten i Molde

SELD: Denne politibåten låg til kai i Molde, men vart seld i april. Båten er av same type som politiet i Florø hadde.

Foto: Joachim Constantin Høyer / NRK