Hopp til innhold

Russiske Maxim må sone i fengsel for droneflyging medan Yakunin er frikjent for det same

I Tromsø vart russiske Andrey Yakunin frikjent for droneflyging. I Bergen sit Maxim i fengsel for det same.

Skjermdump fra Instagram. Russer tiltalt for å ha flydd med droner.

I FENGSEL: Maxim var den fyrste russaren som vart dømt for ulovleg droneflyging.

Foto: Skjermdump fra Instagram

Onsdag kveld vart det kjent at tingretten i Tromsø frikjente dronetiltalte Andrey Yakunin.

Russaren stod tiltalt for å ha flydd drone på Svalbard i sommar. Ifølge EU sine sanksjonar mot Russland har ikkje russarar lov til å fly luftfartøy i Noreg.

Men tingretten i Tromsø meiner det ikkje gjeld små dronar, og Yakunin fekk gå fri.

Samstundes sit russaren Maxim i fengsel på Vestlandet. For berre to veker sidan vart han dømd til fengsel i 90 dagar.

Dronetiltalt russer

Advokat John Christan Elden meiner dommen til Maxim må opphevast.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Årsaka? Han var russar og hadde flydd drone i Noreg, akkurat som Yakunin.

Dronetiltalte Andrey Yakunin frikjent i tingretten: – En sterk og klar dom

– Dei andre dommane på opphevast

Totalt fire russarar har stått tiltalt for ulovleg droneflyging i tre ulike tingrettar i Noreg denne hausten.

To av dei er dømd til fengsel. Ein er frikjent. Den fjerde har enno ikkje fått dommen sin.

John Christian Elden er forsvarar til Yakunin som vart frikjent. Han meiner også dei andre må få gå fri.

– Dei andre dommane må opphevast då dei bygger på uriktig forståing. Det er ikkje straffbart for russarar å fly fritidsdroner i Noreg, sa Elden i går då dommen til klienten hans var klar.

John Christian Elden

Elden var svært nøgd med tingretten si avgjersle om å frikjenne russiske Yakunin.

Foto: Pål Hansen / NRK

Ueinige med Elden

Statsadvokat Marit Formo har representert staten i dei to rettssakene der Maxim og Vitalij Rustanovitsj vart dømd til fengsel.

Ho er ueinig med Elden.

– Her er det tre tingrettar som har kome fram til to ulike resultat. Men ein dom frå éin tingrett overgår ikkje ein dom frå ein annan, seier Formo.

Likevel er ho klar på at det kan blir endringar om saka til Yakunin endar i Høgsterett.

– Om Høgsterett kjem fram til same resultat som tingretten i Tromsø har gjort, må me sjølvsagt vurdere dei tidlegare dommane frå andre stadar i landet, seier ho.

Les også Dronetiltalte Maxim til NRK: – En drone gir vakre bilder av natur og landskap, det er alt

Skjermdump fra Instagram. Russer tiltalt for å ha flydd med droner.

Endar fort opp i Høgsterett

Dommarane må tolke lova i alle slike saker, og tidvis kan rekkevidda av den vera uklar. Då kan det lett skje at ulike domstolar kjem fram til ulike resultat, fortel professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, Jørn Jacobsen.

– Det som er spesielt i denne saka er at den har bakgrunn i EU sine sanksjonsreglar og det norske regelverket må difor tolkast på bakgrunn av det. Det gjer det enno meir komplisert enn ved vanleg lovtolking, seier Jacobsen.

Han meiner saka til Yakunin fort ender opp i Høgsterett.

Sluttar Høgsterett seg til tingretten si tolking, må det klart få betydning for òg dei sakene som allereie er avgjort, seier ho.

Statsadvokat Marit Formo

Statsadvokat Marit Formo seier dei vil revurdere dei andre dronesakene om Høgsterett kjem fram til same vurdering som Nord-Troms og Senja tingrett.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Dronesikta russar kan bli lauslaten

Forsvararen til Maxim som sit fengsla i Vestland har ikkje svart på NRK sine førespurnadar.

I går gjekk fristen for å anke dommen frå Hordaland tingrett ut, og 34-åringen må sone totalt 90 dagar i fengsel.

Ankefristen til dømde Vitalij Aleksandrovitsj Rustanovitsj har enno ikkje gått ut.

Han er dømd til 120 dagar i fengsel, men mannen er no lauslaten.

– Avgjersla frå Nord-Troms er grundig, og vurderer alle relevante sider ved dei rettslege problemstillingane saka reiser på ein uttømmande måte, og konkluderer der både jus og sunn fornuft ligg, skriv Jens Bernhard Herstad.