Hopp til innhold

Russar dømd til 90 dagar fengsel for droneflyging i Noreg

Må i fengsel etter å ha flydd drone 16 stader i Noreg i oktober. – Skuffande og for streng dom, meiner russaren og forsvararen hans.

Skjermdump fra Instagram. Russer tiltalt for å ha flydd med droner.

TURISTPERLER: Den russiske mannen tok bilder som dette på turen i Noreg. Her er han på Kjeragbolten ved Lysefjorden.

Foto: Skjermdump fra Instagram

Russaren (34) møtte i Hordaland tingrett førre veke, tiltalt for å flydd drone ved fleire turistperler i Rogaland og Vestland.

På grunn av sanksjonsforskriftene er det ulovleg for russarar å fly luftfartøy i Norge, og det inkluderer droner.

– Eg meiner dette handlar om politikk, ikkje lovar, sa den russiske mannen til NRK under rettssaka.

No har Hordaland tingrett dømd mannen til fengsel i 90 dagar for brot på sanksjonen. Mannen får også inndratt dronen han brukte, samt ein mobiltelefon.

Russaren får frådrag på 29 dagar fengsel fordi han har sete i varetekt etter å ha blitt pågripe i Ullensvang i oktober.

Dronetiltalt russer

PREIKESTOLEN: Russaren stilte i retten med t-skjorte frå Preikestolen.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Skuffa

Forsvararen hans Einar Råen seier at russaren er svært skuffa over dommen.

– Han meiner dommen bygger på politiske oppfatningar, ikkje juss.

Dei vurderer no å anka.

Korleis kan ein forventa at ein russisk borgar skal kjenna eit nokså spesielt regelverk, når både politiet og domstolar i Noreg har hatt manglande forståing for regelverket?

Einar Råen, forsvarar

Han viser til at politiet kontrollerte russaren og sende vidare på ferien sin, og at Hålogaland lagmannsrett meinte at det ikkje var forbode for russiske turistar å fly drone.

Høgsterett korrigerte dette i slutten av oktober, fleire veker etter droneflyginga russaren no er dømd for.

– Eg konstaterer i alle fall at dette er eit regelverk som har vore uklart, og sjølvsagt vesentleg meir uklart for ein utlending.

Meiner han burde visst om reglane

Sjølv fortalte russaren retten at han er dagleg leiar i eit reisebyrå og at han besøkt 85 land.

– Eg er ikkje kriminell, eg har ikkje gjort noko kriminelt, sa mannen i intervju med NRK.

Til retten forklarte han at han ikkje visste om reglane i Noreg, men det er retten usamd i. Mellom anna viser dei til at tiltalte fekk tilsendt artiklar om pågripne russarar i Nord-Norge av vener i Russland.

«Han fortsatte likevel å fly drone uten å gjøre ytterligere undersøkelser om det var noen særlige regler knyttet til droneflygning for russere», skriv retten i dommen.

Dei er også usamde i at det var vanskeleg å finna ut av reglane. Dei meiner russaren burde ha undersøkt betre før han reiste til Noreg.

«Denne spesielle situasjonen tilsier etter rettens syn et skjerpet aktsomhetskrav for russiske borgere som reiser inn i andre land. Det må i en slik situasjon forventes at russiske statsborgere setter seg inn i gjeldende sanksjons- og restriksjonsbestemmelser rettet mot russere», meiner tingretten.

– Han var vel ikkje uvitande om reglane når han hadde fått vita om dette frå vener i Russland?

– Men før det hadde jo norsk politi latt han dra vidare på ferie, så han la vel meir vekt på signala frå politiet, seier Råen.

Russaren reagerer også på straffeutmålinga.

– 90 dagar ubetinga fengsel framstår for han som heilt uforholdsmessig. Særleg når norske borgarar berre risikerer bøter viss dei bryt regelverket og til dømes flyr nær flyplassar. Det er jo mykje meir skadeleg, seier Råen.

Dronen til den nå dronetiltalte russeren.

Dette er dronen som den nå dronetiltalte russeren tok bilder og video med i Norge.

Dronebilde tatt ovenfor Preikestolen i Rogaland.

Dronebilde tatt ovenfor Preikestolen i Rogaland.

Dronebilde tatt av dronetiltalt russer.

Landskapsbilde tatt fra dronen til russeren.

Dronebilde

Oversiktsbilde tatt fra luften.

Ba om frifinning

Statsadvokat Marit Formo ba om 120 dagar i fengsel for russaren då rettsaka gjekk for tingretten. Forsvarar Råen ba om frifinning.

Ifølge påtalemakta har mannen flydd drone 16 ulike stader i Noreg i oktober:

  • 3. oktober i Dalen, Bykle, elven Okra, Lysevein, Lysebotn og Tjodapollen
  • 14. oktober i Lysebotn, på Kjeragbolten, ved Flørlitrappene og Hafrsfjord
  • 15. oktober på ukjent sted
  • 18. oktober i Stavanger
  • 19. oktober på Preikestolen, ved Tysdalsvatnet og Hjelmeland
  • 20. oktober på Trolltunga i Tyssedal i Ullensvang og Vetlavatnet

Dette er den første av fire dronesaker som kjem opp for norske domstolar som gjeld sanksjonsforskrifter kring situasjonen i Ukraina. PST har ansvar for alle drone-etterforskingar i Noreg.

- Vi er nøgde med dommen og at retten har fulgt vår argumentasjon heile vegen. Eg trur likevel ikkje denne saka vil skape presedens for dei andre sakene som skal opp. Alle sakene er forskjellige, seier statsadvokat Marit Formo til NRK.