– Det er kjent at det er ein del ulykker i denne svingen. Og det er langt fleire enn det som kjem fram i statistikkane, der dei berre tel ulykker med personskade, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl ved Stryn og Hornindal lensmannskontor til NRK.
Tysdag var fem personar involverte i ein frontkollisjon i svingen ved avkøyringa til Panoramavegen på Riksveg 15 nokre kilometer vest for Stryn sentrum. Ein person fekk moderate skadar i ulykka.
Ulykka skjedde berre éi veke etter at ei kvinne i 50-åra omkom i ei motorsykkelulykke i den same svingen. Då sa Trosdahl til Bergens Tidende at låg sol kan ha vore ein medverkande årsak. Politioverbetjenten understreka då at svingen er ein uoversiktleg og krevjande sving å køyre.
I tillegg var det ei liknande motorsykkelulykke første helga i juni. Også då var det personskade – men ingen omkomne.
– No har vi hatt tre alvorlege ulykker i den same svingen på éin og ein halv månad. Og det er ikkje berre den svingen som er eit problem, det gjeld også fleire ikkje fullt så skarpe svingar like ovanfor på den same strekninga, seier Trosdahl.
– Det må gjerast noko drastisk
Stryn-ordførar Sven Flo seier at dei er godt kjende med at svingen er utfordrande, særleg sidan avkøyringa til Panorama ligg der. No er han heilt klar på at noko må gjerast i svingen.
– Vi har fleire gongar teke opp at heile strekninga frå avkøyringa til Faleide og heilt opp til Langeset er krevjande heile året, både for bilar, tungtransport og mjuke trafikantar. Det er trist at det må gå liv før ein vurderar å gjere noko, seier han.
Flo seier at det er mykje med svingen som bør utbetrast.
– Om ein ser på heile vegkonstruksjonen, og løysinga med av- og påkøyring, held det ikkje med skilting og enkle strakstiltak. Det må gjerast noko langt meir drastisk.
Vegvesenet undersøker tiltak
Avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden, seier at dei er i gang med å undersøke kva tiltak som kan gjerast i svingen.
– Det første vi har gjort er å registrere dei tekniske forholda på staden, seier Finden, som fortel at dette gjeld både lysforhold, sikt og utforminga av svingen.
Akkurat kva tiltak som kan vere aktuelle er ifølgje Finden vanskeleg å seie enda.
– Det kan vere så enkelt at det er behov for å felle meir skog, og kanskje ta vekk delar av ein knaus ved svingen for å skape betre sikt, seier han.
Finden fortel også at skilting kan vere eit alternativ.
– Det er også noko som vi vurderar, men vi må finne ut kva type skilt det skal vere, og sørgje for at dei vil ha ein verknad. Derfor må vi analysere dette før vi kjem fram til aktuelle tiltak, seier han.