Kvinne frå Harstad omkom i motorsykkelulukka

Det var ei kvinne frå Harstad i 50-åra som omkom etter ei MC-ulukke i Stryn onsdag. Politiet mistenker at låg sol kan ha vore grunnen til ulukka.

Trafikkulykke Stryn

ULUKKE: Ulukka skjedde ved Blekesvingen i Stryn kommune.

Foto: KART NRK

– Motorsykkelen har køyrt rett fram i svingen og ut av vegen på motsett side. Låg sol kan ha vore ei medverkande årsak, men vi undersøker fleire ting. Dette er ei uoversiktleg og krevjande sving å køyre, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl til Bergens Tidende.

Det var ei kvinne i 50-åra som omkom i motorsykkelulukka. Kvinna var ikkje heimehøyrande i Stryn kommune.

Ingen andre var involverte i ulukka, som skjedde der riksveg 15 møter fylkesveg 613.

Alle naudetatar og luftambulanse rykte ut til ulukka, som skjedde rundt kl. 18.30. Det blei drive livreddande førstehjelp, men livet til kvinna stod ikkje til å redde.

Klokka 21.15 opna vegen att etter å ha vore stengt i samband med redningsarbeid og undersøkingar etter ulukka.

Laster Twitter-innhold