NRK Meny
Normal

Ein person har moderate skadar etter trafikkulukke i Stryn

To personbilar kolliderte front mot front i Stryn og fem personar er frakta til sjukehus i Førde. Ein person har moderate skadar.

Redningsarbeid i Blekesvingen etter frontkollisjon

BLEKESVINGEN: Ambulanse og luftambulanse var raskt på staden etter at to bilar frontkolliderte i Blekesvingen på Riksveg 15 i Stryn.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Oppdatert 17.35: Helse Førde melder no at ein person har moderate skadar etter ulukka, medan ein annan har lettare skadar. Dei andre tre er uskadde.

Fem pasientar er frakta til Førde sentralsjukehus og riksveg 15 er no opna att forbi ulukkesstaden.

– To personar er kritisk skadde, to er lettare skadde og éin er uskadd, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

To bilar frontkolliderte i 11.30-tida i avkøyringa frå Riksveg 15 til Panoramavegen i Stryn. Totalt var det fem personar i bilane. Politi, brannvesen, ambulanse og luftambulanse var raskt på staden.

– Ingen var fastklemde, seier Magnussen.

Ulykka skjedde i svingen ved Veitun på Riksveg 15. Det er berre ei veke sidan ei kvinne i 50-åra omkom i ei motorsykkelulykke på same staden.

Litt før klokka 13.00 var naudetatane framleis på staden, men pasientane frakta til sjukehus.

Det er svært glatt på staden, og noko som minner om oljesøl i vegbana. Det er uvisst om dette har komme etter kollisjonen.

Frontkollisjon i Blekesvingen i Stryn

KOLLISJON: Frontkollisjonen skjedde midt i Blekesvingen på Riksveg 15.

Foto: NRK-tipsar

Det danna seg raskt lange køar i området. Ifølgje Vegtrafikksentralen vil vegen bli stengd ei tid framover. Brannvesenet jobbar med å få rydda bort bilane og spylt vegen. Omkøyringsveg nordover er Fylkesveg 60 og E39 via Anda-Lote til Nordfjordeid.

Oppdatert klokka 14:40: Trafikken blir dirigert manuelt fordi ulykkesstaden.

Laster Twitter-innhold
Laster kart, vennligst vent...
Vegopning på Bergum i Førde kommune