Hopp til innhold

Rognsø blir ikkje med vidare

Dei siste 8 åra har Terje Rognsø styrt Florø Fotball med ei jernhand, men på søndag er gråluggen sitt regimet over.

Terje Rongsø
Foto: Elise Kvien / NRK

Våren 2007 starta Terje Rognsø opp "fotballakademiet" som eit tilbod spelarar i dei to klubbane Tempo og Florø SK kunne nytte seg av. Dette var starten på eit aldri så lite fotballeventyr. Satsingen skaut fart og det tok ikkje lange tida før de ein gyllen årgang starta å markere seg på både krets- og aldersbestemte landslag.

I 2010 tok Rognsø over som trener for A-laget til Florø. Då hadde han allereie året før fått gehør i klubben for framtidplanane;

Klubben skulle være tru mot en langtidsplan som skulle gjeve de unge talenta i Florø muligheita til å utvikle seg.

No, åtte år seinare, takkar "Teisi" av, og sender stafettpinnen vidare. På desse åra har han berga klubben frå nedrykk til fjerdedivisjon, før han leda laget frå kystbyen heile vegen opp til 1.divisjon og Norsk Toppfotball. Årets sesong vart av det tunge slaget, og etter 1-2 tap mot Notodden førige helg var nedrykket til 2.divisjon eit faktum.

Terje Rognsø, Florø-trenar

OPPTUR: Under Rognsø sin ledelse har Florø Fotball klatra opp divisjonssystemet.

Foto: Truls Kleiven

– Trenger ei pause

Etter 12 år i jobb med Florø-fotballen kjente Rognsø no på behovet for eit avbrekk frå treneryrket.

– Det har vore hektiske år med fotball døgnet rundt, med mykje reising og anna. Eg kjenner derfor at eg trenger ei pause. Klubben er heilt avhengige av å ha ein trenar som er 100 prosent motivert for jobben, og når eg ikkje er det, føler eg ikkje det er riktig at eg helde fram.

Han understrekar at avgangen ikkje var en konsekvens av nedrykket denne sesongen.

Eg gav beskjed allereie før sesongen at dette ville bli min siste sesong, og det blir tyngre å gje seg når vi no rykka ned. Det hadde vore langt enklare å tre av om vi hadde beholdt plassen i 1.divisjon.

Skal på jobb-jakt

Rognsø kan fortelle at han allereie har fått henvendelsar frå andre klubbar, men at dei alle har fått same svar.

-Jobb som fotballtrenar har eg vorte tilboden fleire stadar, men det er ikkje eit tema for meg. Eg har ikkje lyst å være fotballtrenar neste år, sånn er det berre.

Kva skal du gjere framover då?

Haha, ja sei det. No er det heile ganske ferskt, så det vil være ein prioritet å finne ut kva jobb eg skal drive med neste år. Det viktigste er å finne ein jobb som ein kan trivast i, med muligheit for utvikling og dei tinga som eg er oppteken av, seier Rognsø til NRK.

Han utelukker ikkje jobbar i fotballen.

-Det kan gjerne være ein fotball-jobb, men det skal ikkje være ein trenar jobb. Ingenting er bestemt førebels, så vi får sjå kva som skjer dei kommande vekene.

Dagleg leiar Harald Gjervik:

- Me prøver å finne ny trenar så raskt som mogleg, og styret vil ha ei løysing skissert i morgon. Anten at ein har funne nokon allereie, eller har tydelege alternativ.

- Det er sjølvsagt ei stor endring, og han har jo vore her lenge. Men no er det slik at han har kjent på dette lenge, og alle har full forståelse for det. Det går ikkje an å halde på slik til evig tid. Så ein har sett det kome ei stund, og har full forståelse og respekt for dette. Alle har skjønt at dette ikkje ville vare for alltid. Det er dimed heller ikkje noko vanskeleg å forholde seg til det, og alle er eininge om at han har gjort ein veldig god jobb lenge.

Ny trenar-jakt. Dei har sett det kome lenge, har dei leita etter ny trenar?

- Vi har hatt ein prosess gåande for å kartlegge kva som er mogleg, vi har også diskutert enkelte løysingar. Men vi hadde sjølvsagt ikkje lyst til å gjera noko veldige framstøt før sesongen var gjort og avgjort.

Trur du det er vanskelegare å finne ny trenar, etter nedtrykket?

- Eg trur ikkje det er eit problem. Florø er så attraktivt for trenarar, så det er nok ikkje vanskelegare fordi det ikkje er Obosligaen.