Røde Kors-generalen vil ha tilsynsvakter ved Trolltunga

SKJEGGEDAL (NRK): – Det kan ikkje halde fram slik det er i dag, seier generalsekretæren i Røde Kors etter å ha gått til Trolltunga for første gong.

Generalsekretær Bernt Apeland i Røde Kors på Trolltunga

PÅ TUR: Lokale mannskap i Røde Kors fekk tysdag besøk av generalsekretær Bernt Apeland (med raud lue). Han fekk eit innblikk i det tøffe arbeidet dei frivillige har hatt ved Trolltunga dei siste åra.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er ein lang tur, som ein kjenner godt i beina. Eg forstår at dei slit, dei som ikkje er godt trent.

Generalsekretær Bernt Apeland i Røde Kors møter NRK på veg ned frå Trolltunga tysdag kveld. Det er første gong han går den svært populære turen.

Apeland har tatt turen saman med dei lokale frivillige i hjelpekorpsa for å få eit innblikk i den enorme innsatsen som er lagt ned dei siste åra.

Han er klar i talen etter å ha sett turistmagneten på nært hald.

– Denne utviklinga kan ikkje halde fram. Eg fryktar belastninga skal bli enno større og i overkant av det vi kan handtere, seier Apeland.

Generalsekretær Bernt Apeland i Røde Kors på Trolltunga i skodde

KNAPP UTSIKT: Trolltunga bydde ikkje på den sprekaste utsikta tysdag, men generalsekretæren i Røde Kors fekk likevel eit solid innblikk i den tunge turen opp og ned frå turistmagneten.

Foto: Røde Kors

Vil ha vakter i fjellet

Dei siste åra har dei frivillige hjelpemannskapa gong på gong rykka ut til stien til og frå Trolltunga for å hjelpe turistar i naud.

Då ein gjorde opp status etter sommarsesongen i fjor, var talet på redningsaksjonar passert 40.

I sommar er det forventa at besøkstalet vil passera 100.000.

Det får generalsekretæren til å krevje meir tilrettelegging for uerfarne turistar. Han meiner mykje kunne vore løyst med å ha tilsynsvakter i fjellet.

– Dei kan vera i fjellet heile tida, og hjelpe til når nokon er uheldige, slik at dei lokale frivillige slepp å berge turistar som kanskje kunne greidd seg sjølve. Mange treng ikkje veldig mykje hjelp for å koma seg trygt ned att, meiner Apeland.

Han seier dette ikkje berre gjeld Trolltunga, og peikar på ei auke i den generelle interessa for spektakulære stader i Noreg som ligg utilgjengeleg til.

Trolltunga

SELFIE-MOTIV: Det er denne utsikta som fristar over 100.000 til Trolltunga i år.

Foto: Henrik Evertsson / NRK

Nøgd med besøket

Leiar i Tyssedal Røde Kors, Knut Atle Øyre, er samd i at meir nærvær i fjellet kan hindre større aksjonar, og viser til den planlagde hytta ved Trolltunga som kan huse 200 personar.

– Her kan ein leggje til rette for fjellvakter som kan patruljere terrenget og såleis bidra til å få ned talet på redningsaksjonar, seier Øyre.

Han håpar Røde Kors sentralt no vil vera med å legge press på styresmaktene for å sikre ei slik ordning.