Hopp til innhold

Rektor i mobbesak: Bad lærarar helse på elevar etter arbeidstid

Eleven opplevde at fleire lærarar endra oppførsel og slutta å helse.

Møte om helsing på lærarrom

Det er ei uvanleg sak rektor vil ta opp med lærarane, på ein skule i Vestland i september i fjor.

Det handlar om noko dei fleste tek som ein sjølvfølge: Å helse når ein møter nokon ein kjenner.

På møtet kjem rektor likevel med ei oppfordring: Det er viktig at lærarar er imøtekomande overfor alle elevar, sjølv om ein er ferdig på arbeid.

Lærarane blir oppfordra til å helse på elevane, ikkje berre på skulen, men også etter arbeid.

Bakteppet for oppmodinga er at Statsforvaltaren i Vestland har gått tungt inn i ei sak ved skulen.

Lærar helsar ikkje på elev

Foreldra vert uroleg

Saka starta for litt over eit år sidan, i desember 2022.

Då tok foreldra til ein 10 år gamal gut opp ei problemstilling med kontaktlærar, ifølge dokument NRK har fått tilgang til.

Både eleven sjølv og foreldra skildrar hendingar – i og utanfor skulen – der lærarar «ikkje helsar», «ser i taket» eller «snur på hælen».

Faren fortel om ei hending, ved juleavslutninga i 2022.

Då var begge foreldra og sonen der, elevane hadde laga til skodespel og framsyning.

Men ifølge faren oppførte fleire av lærarane seg annleis.

– Dei unngjekk oss og gjekk heller rundt i salen i staden for å gå forbi oss. Det var ikkje noko kjekt å vere der.

Manglande helsing utanfor skulen

Mora fortel om ei anna hending, då ho og sonen var på den lokale matbutikken. Dei sto i kassa for å betale for matvarene.

– Eg såg sjølv at ein lærar kom inn med ungane, tok med ungane ut igjen og sprang av garde.

Guten fortel også om andre hendingar frå skulen og SFO til foreldra, der han meiner å sjå ei klar endring hos enkelte av dei vaksne.

Han skjønar ingenting.

Han opplever at tilsette som «alltid» helste før, sluttar å helse på han.

Foreldra seier til NRK at hendingane går sterkt inn på sonen. Han forstår ikkje at vaksenpersonar, som tidlegare var imøtekomande, no endrar oppførsel. Han gret og kjenner seg ikkje sett, likt og inkludert.

Det blir skildra slik i eit brev frå foreldra til rektor:

«Han ber om å få slutte ved skulen, og heller byrje ein stad der lærarane er slik som han opplevde at lærarane var mot han tidlegare, då dei likte han.»

Foreldra fortel at han byrjar å vegre seg for å gå på skulen. Far jobbar skift og er den som i periodar følger sonen mest på skulen.

– Han vart prega av det. Han ville ikkje på skulen dei vekene eg var heime. Eg måtte følge han inn i klasserommet, seier faren

Mora ser ei tydeleg endring i åtferd, frå ein gut som er trygg saman med vener til å bli meir klengete. Sonen snakkar om at han har vondt i magen og at han har hovudpine.

Illustrasjon i mobbesak

«Familiær situasjon»

Men kva er motivasjonen for at fleire lærarar brått skal ha endra oppførsel?

Statsforvaltaren skriv:

«Slik saka er lagt fram av dei føresette handlar det om ignorering over tid frå fleire vaksne, på bakgrunn av ein familiær situasjon, konfliktar og rykte knytt til dette.»

Dokument i mobbesak

NRK kjenner til at ein av foreldra har ein familierelasjon til ein av lærarane på skulen.

Statsforvaltaren behandlar saka etter opplæringslova kapittel 9A, den såkalla «mobbeparagrafen», som handlar om eleven sitt skulemiljø.

Korsstingsbroderi av opplæringsloven

Etter samtale med far, skriv dei:

«I samtalen kom det fram at N.N (namn på elev) opplever utryggleik fordi fleire vaksne på skulen ignorerer han. Det skal vere slik at dei ikkje helsar, eller ikkje hjelper han slik som dei hjelper andre elevar. N.N er difor usikker på om dei likar han.»

Ingenting skjer

Etter at faren varslar kontaktlæraren om hendingane desember 2022, blir det stille.

Ifølge sakspapira seier foreldra frå til kontaktlærar både i desember, og tre månader seinare, i mars.

Men rektor tek ikkje saka vidare.

«Ved slik mistanke skal rektor varsle skuleeigar, noko vi ikkje kan sjå er gjort her», skriv Statsforvaltaren.

Først i april går rektor vidare med saka, etter at faren namngir nokre av dei vaksne.

Då har rektor også samtalar med fleire av lærarane, «som ikkje kjenner seg igjen i N.N. si oppleving.»

Det vil seie at lærarane meiner dei er imøtekomande og at dei helsar på elevane.

Lærar som seier hei

Skulen skriv at «dei ikkje finn grunn til å sette inn tiltak knytt til N.N si oppleving av dei vaksne». (Sjå heile svaret frå rektor lenger nede i saka)

Men her meiner Statsforvaltaren at skulen gjer ein klar feil.

Rektor skulle undersøkt saka betre, eleven si stemme skulle blitt høyrd.

Statsforvaltaren vurderer at plikta til å undersøke ikkje er oppfylt.

Nye undersøkingar

Seinare, i juni, svarar skulen med at dei no har gjennomført undersøkande samtalar med N.N.

Skulen ønsker å få eleven sjølv til å sette ord på kva han opplever i møte med dei vaksne.

På dette tidspunktet har foreldra allereie varsla om konkrete hendingar som sonen har fortalt om, og andre hendingar som dei skal ha opplevd saman med sonen.

Men i møtet med skulen er bodskapen frå eleven ein annan.

«N.N. ytrar gjennom samtalar med kontaktlærar og rektor at han ikkje opplever seg oversett av andre vaksne», skriv rektor.

Samtalane går føre seg mellom eleven og kontaktlærar – og mellom eleven, kontaktlærar og rektor.

«N.N set ikkje ord på at han kjenner seg oversett eller at han ikkje får hjelp når han treng det», står det i svarbrevet.

Likevel opnar rektor for at guten kan ha ei anna oppleving enn det han seier til dei.

«Skulen veit at sjølv om eleven ikkje seier han opplever å bli oversett eller at han ikkje får hjelp, kan han likevel ha ei oppleving av det som han formidlar heime.»

Foreldra meiner dette er eit viktig poeng.

Faren beskriv sonen som «ein stille gut som ikkje skrik så høgt.»

– Kanskje er han slik av natur at han seier ting er bra på skulen, sjølv om ting ikkje er bra.

Etter ei samla vurdering vel rektor å avslutte aktivitetsplanen.

Men igjen får skulen kritikk frå Statsforvaltaren.

For heime seier guten noko anna enn han gjer i intervju med tilsette på skulen.

«Det kjem fram av dei føresette sine kommentarar at N.N framleis gir uttrykk for at dei vaksne på skulen ikkje likar han, og at han får sterke reaksjonar på dette når han kjem heim.»

Illustrasjon i mobbesak

Skulen har ikkje grunnlag for å avslutte aktivitetsplanen, meiner Statsforvaltaren.

Dermed må rektor, gjennom sommaren, kome opp med nye tiltak som viser at saka blir følgt opp slik ho skal.

Nye tiltak

I slutten av august, ved starten av det nye skuleåret, er bodskapen frå rektor til Statsforvaltaren ein annan.

Skulen skriv no, i eit nytt svar, «at ein må sette i verk ytterlegare tiltak for å trygge N.N.» og at dette gjeld «utryggleik overfor enkelte tilsette, og særleg då utanom skuletid».

Det er her rektor, på eit allmøte, ser seg nøydd til å minne lærarane på at ein bør helse og vere imøtekomande, også når ein er ferdig på arbeid.

Det er rett nok ikkje eit pålegg.

Lova er nemleg forma ut slik at skulen si tiltaksplikt er avgrensa mot å sette inn tiltak i fritida til eleven.

Men det er ei tydeleg oppmoding, der rektor skriv at arbeid med «gode relasjonar» strekk seg utover tida elevane er på skulen – og at «det er viktig å ha ein god tone med føresette.»

I tillegg blir det sagt noko meir til Statsforvaltaren: «Rektor ynskjer og å informere om at 1 av dei tilsette som ikkje har vore imøtekomande overfor N.N og familien utanom skuletida no ikkje lenger jobbar ved skulen.»

Teikning av skule
Foto: Kjersti Lofthaug / NRK

Her blir det slått fast – og denne gongen meir som eit faktum – at det har skjedd konkrete hendingar.

Statsforvaltaren er nøgd med svaret og meiner tiltaka er «eigna».

I løpet av hausten blir saka avslutta frå deira sida.

NRK har stilt spørsmål til Statsforvaltaren i Vestland rundt vurderingar som er gjort i saka.

Seksjonsleiar Marianne Svege svarar:

«Vi vurderer at vi gjennom vedtakene våre (og andre brev), har gitt et utfyllende svar i slike saker. Vi kommenterer derfor ikke innhold i vedtak og pålegg i enkeltsaker, uavhengig av om melder fritar oss for taushetsplikt.»

– Ikkje uvanleg

Sakspapira viser også at Mobbeombodet i Vestland har vore involvert i saka.

Ombodet ønsker ikkje å kommentere enkeltsaker, men skriv at dei er eit lågterskeltilbod som skal bidra til at barn får eit trygt og godt skulemiljø.

– Vi gir faglege råd, emosjonell støtte og nokre gongar sosial støtte, skriv mobbeombod Aina Drage.

Har de nokon gong vore involvert i ei sak som dette før, der eit sentralt spørsmål går på om tilsette/lærarar helsar eller er nok imøtekomande?

Det er ikkje uvanleg at vi får kjennskap til saker der utrygg/svak relasjon mellom elev og tilsett er ei av problemstillingane.

Statsforvaltaren skriv mellom anna at det tek for lang tid frå rektor får varsel, i desember 2022, til hen går vidare med saka. Korleis vurderer de dette?

Vanskeleg å svare på denne saka. På generelt grunnlag kan vi seie at lovverket stiller krav til at tilsette raskt skal varsle rektor når ein elev ikkje har det trygt og godt. Når relasjonen mellom elev og tilsett gjer skulemiljøet utrygt og uføreseieleg, skal rektor varsle skuleeigar – og for å vareta den låge terskelen, tenkjer vi at rektor bør gjere dette raskt.

Ved to høve meiner Statsforvaltaren at rektor ikkje gjer nok i forhold til denne saka. Korleis ser de på dette?

Utan at vi kan kommentere denne saka spesielt, kan vi likevel seie at dette dessverre ikkje er uvanlege problemstillingar vi ser i skulemiljøsaker.

Dokument

I tidlegare saker NRK har hatt om mobbing i skulen, kjem det fram at Statsforvaltaren fann brot på opplæringslova i 9 av 10 klagesaker.

I tillegg har det vore ein kraftig auke i talet på saker.

Foreldra angrar ikkje på at dei gjekk vidare med saka.

Mora seier at dei aldri hadde laga noko sak av dette dersom sonen ikkje viste klare symptom på noko.

Faren seier at sonen er på skulen og verkar å ha det bra, og at ting er meir normalt no.

– Det var verdt å ta denne runden, elles så hadde han ikkje hatt det så godt på skulen.

Les også Oskar ble slått, truet og tatt kvelertak på - i første klasse

Seks år gamle Oskar med kul i panna