Hopp til innhold

Rekordstor søknad om spelemidlar, men ein kommune søkjer ikkje

Kommunane har søkt om 221 millionar kroner til nye og rehabilitering av gamle anlegg knytt til fysisk aktivitet. Selje glimrar med sitt fråvær.

Klatrepark - Nordfjordeid

ANLEGG: Klatreparken på Nordfjordeid vart opna med glede og jubel. No har kommunane i fylket søkt om rekordmykje pengar til dette og andre idretts- og friluftslivsanlegg.

Foto: Eid kommune

– Eg må seie eg stussa litt over at det ikkje kom nokon søknad frå Selje i år. Det vil alltid vere behov for rehabilitering av anlegg som idretten eller kommunen eig, seier Atle Skrede, som er rådgjevar for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i fylkeskommunen.

I utgangspunktet gler han seg over at dei har godkjent spelemiddelsøknadar om 221 millionar kroner. Ein auke på 97 millionar kroner frå 2014. Førde har levert inn 45 søknadar og Gloppen har søkt om midlar til prosjekt for heile 38 millionar kroner. Frå Selje kommune er det ikkje første gong det er stille.

Atle Skrede i hagen på NRK-huset i Førde

DUGNAD: Atle Skrede i fylkeskommunen er imponert over all dugnadsjobben som blir lagt ned i kommunane. - Dugnadsånda er høg. Vi har godkjent dugnadsarbeid for 51 millionar kroner. I 2016 var talet 45 millionar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Kommunen har ikkje søkt om midlar dei siste fem åra, men idrettslaga har søkt om midlar. Det er eit val som kommunen har teke, seier Skrede.

Kommunen lovar å søkje

Spelemidlane er pengar som kjem frå overskotet til Norsk Tipping. Søknadane som har kome inn i år gjeld alt frå nye idrettshallar, klatreparkar, ballbingar, skøyteflater og sykkelløyper.

I kystkommunen innrømmer ordføraren at dei ikkje har gjort ein god nok jobb på området.

– Vi har nok vore for dårlege der. Det har noko med kapasitet, men også økonomi å gjere, seier ordførar Stein Robert Osdal.

Spelemidlar kan finansiere berre inntil ein tredjedel av kostnaden. Han understrekar at det i framtida vil kome søknadar frå kommunen. For før 2017 er omme skal kommunen ha vedteke ein ny kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Stein Robert Osdal

PLANARBEID: - Det er mykje vi ynskjer å få til i kommunen, seier Seljeordførar Stein Robert Osdal.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Der skal vi liste opp prosjekt vi ynskjer å prioritere. Planprogrammet skal vedtakast i kommunestyre før sommaren. Det er mange i Selje som drøymer om fleirbrukshall og det kjem vi vil å diskutere i planen, seier Osdal.

Betre søknadar gjev meir pengar

I denne runden vart 99 prosent av søknadane som kom inn godkjende. I 2014 var tilsvarande tal 72 prosent.

– Det har vore varierande kvalitet i søknadane. No ser vi at kompetansen hjå dei som søkjer aukar. Og det gir resultat. Dei åra vi ikkje har så mange godkjende søknadar taper vi eit tilskot på kring 5 millionar kroner, noko som svarar til 16 ballbingar, seier Skrede.

Det er Kulturdepartementet som til sjuande og sist avgjer kor mykje pengar som blir delt ut til kvart fylke. Dei færraste får prosjektet sitt innvilga i første søknadsår, men ventetida er no redusert frå fem til tre år. Tildelinga blir klar 20. april, og hovudutval for næring og kultur fordelar pengane på dei ulike prosjekta i møte 30. mai.