Hopp til innhold

Rekordmange har gjort som Andrea (22)

Aldri før har så mange meldt seg på ordninga der barn og unge kan fiska for 50.000 kroner. – Det er som ein ferie, og samstundes ei god inntektskjelde, seier Andrea.

Andrea Horseng Skogseth og ein fiskekasse

TEINEFANGST: Andrea Horseng Skogseth ser over fangsten frå ei av teinene. Ho sel leppefisk, som bergnebb og berggylte til lakseoppdrettarar.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Eg kunne verkeleg ikkje hatt ein betre sommarjobb, seier Andrea Horseng Skogseth (22).

Ho skal bruka litt av sommarferien sin til å fiska, som mange andre ungdommar i Austevoll.

Andrea fiskar etter leppefisk, som ho sel vidare til lakseoppdrettsnæringa. Der blir fisken sett ut i merdane for å eta lakselus.

Eigentleg jobbar ho som helsefagarbeidar.

– For meg er det ferie å vera på sjøen. Det er veldig kjekt å bruka sommaren utandørs på båten saman med sambuaren min og hundane våre. Og så er det ei god inntektskjelde.

Kjem du til å verta fiskar på heiltid?

– Eg held meg nok til å fiska på sommaren, seier ho.

Andrea Horseng Skogseth styrer 31 fot lange «Regina»

STYRER SKUTA: Andrea Horseng Skogseth står i styrehuset på den 31 fot lange «Regina», som ho leiger av svigerfamilien sin. I bakgrunnen står sambuar Ole Kristoffer Tøkje.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Rekordmange deltakarar

Horseng Skogseth er med i ungdomsfiskeordninga til Fiskeridirektoratet. Unge mellom 12 og 25 år kan fiska for opptil 50.000 kroner og selja fisken vidare.

Skogseth håpar å bruka mindre enn to veker på å fylla kvoten.

I år har heile 647 unge meldt seg på ordninga. Det er ikkje sikkert kor mange av dei påmelde som deltek, men Fiskeridirektoratet forventar at mange fleire enn i fjor deltek. Då var det 306 personar som meldte at dei hadde delteke i ordninga.

Allereie då var det ein stor auke frå 2018 og 2017.

Her kjem årets ungdomsfiskarar frå

Påmeldte ungdomsfiskarar pr. 04.08.2020

Fylke

Talet påmeldte

Agder

38

Innlandet

2

Møre og Romsdal

22

Nordland

87

Oslo

4

Rogaland

50

Troms og Finnmark

215

Trøndelag

38

Vestfold og Telemark

11

Vestland

175

Viken

5

Totalsum

647

Ekspander/minimer faktaboks

Ikkje berre for blivande fiskarar

At det er så mange påmelde, gler direktør Liv Holmefjord i Fiskeridirektoratet.

– Det er veldig bra. Det viser at mange ser mogelegheiter i fiskeri- og havbruksnæringa, seier ho.

– Det kan også vera mange som deltek i år fordi det er vanskeleg å få ein del andre sommarjobbar. Dessutan kan ein jobba ute i friluft om sommaren, seier fiskeridirektøren.

Men ungdomsfiskeordninga er ikkje berre for dei som kan tenkja seg eit liv på havet.

– Ordninga er oppretta fyrst og fremst for at ungdom skal kunna læra. Kanskje vel nokon å gå inn i fiskerinæringa seinare, men ordninga er ikkje berre eit rekrutteringstiltak, seier Holmefjord.

– Ein kan kombinera det å læra, med å tena seg litt pengar, seier ho.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

GLER SEG: Direktør for Fiskeridirektoratet, Liv Holmefjord, gler seg over den høge påmeldinga til ungdomsfisket i år.

Foto: Fiskeridirektoratet

Veit de kor godt ordninga fungerer som rekrutteringstiltak?

– Me har ikkje konkrete tal på kor mange av yrkesfiskarane som har ei fortid som ungdomsfiskarar. Men det er heilt sikkert nokon, seier Holmefjord.

På nasjonal basis opplever fiskerinæringa ein stor auke i talet på søkjarar.

Ein av tre er kvinner

Ordninga med ungdomsfiske har mange fleire kvinner enn det som er vanleg blant yrkesfiskarar.

Heile 36 prosent av ungdomsfiskarane i år kvinner. Blant yrkesfiskarar er andelen berre 3,5 prosent.

– Det er spennande og kjempebra, seier fiskeridirektøren.

Andrea Horseng Skogseth hiv ei teine uti

UTI ATT: Andrea Horseng Skogseth hiv ei teine uti att. Som ungdomsfiskar er det lov til å ha maksimalt 20 teiner i vatnet. Skogseth trekkjer teinene fleire gongar om dagen. I bakgrunnen står sambuar Ole Kristoffer Tøkje.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK