Hopp til innhold

Rekordhøg novembertemperatur målt fleire stader

Takle i Vestland og Lista fyr i Agder sette denne veka rekord for høgast målte november-temperatur nokosinne.

Solen skinner gjennom høstfargede blader.

HAUST: Meteorolog Unni Nilssen seier det er fleire årsaker til dei varme novemberdagane, blant dei føn og frålandsvind frå sør og søraust.

Foto: John-André Samuelsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Takle vart temperaturen målt til 16,3 varmegrader.

Det er varmare enn på om lag halvparten av julidagane på same stad.

Også fleire andre stadar målte temperaturar på meir enn 16 grader.

Temperaturar frå 01.11.22

Fleire stader på Vestlandet var det temperaturar over 16 grader på den fyrste novemberdagen i år.

Foto: Meteorologisk Institutt

Meteorolog Unni Nilssen seier det er fleire årsaker til dei varme novemberdagane, blant dei føn og frålandsvind frå sør og søraust.

– Det er uvanleg, men ikkje ekstremt, seier ho.

Meteorologen spår at me truleg går ei mild tid i møte. Sjølv om enkelte dagar skil seg ut, påpeiker ho at dette jamnar seg ut i løpet av eit år.

– Dersom det er tørt på våren, ser me at det ofte regnar mykje på hausten. Slik er det òg med temperaturar, sjølv om me framover truleg vil setje fleire varmerekordar enn tidlegare.

Les også No blir det «sommar» i Sør-Noreg

Bilete til versak, frå Velledalen i Sykkylven

Klimatoppmøtet i Egypt startar måndag

29. oktober vart det målt 14,2 grader på målestasjonen til Meteorologisk institutt på Blindern. Det er det varmaste som er målt på denne datoen nokon gong.

– At det stadig vert sett varmerekordar heng saman med klimaendringar, seier Nilssen.

Onsdag viste ein ny rapport frå Verdens meteorologiorganisasjon (WMO) at Europa vert raskare varma opp enn noko anna kontinent. Faktisk dobbelt så fort som det globale snittet.

Og ingen stadar har det vore varmare enn i Spania, der spanjolane har komme opp med eitt nyord for å beskrive det dei opplever: «Veroño».

Ordet er ei samanstilling av orda for sommar (verano) og haust (otoño).

– Det er den varmaste oktoberen sidan målingane byrja i 1961, seier Ruben del Campo frå den spanske vêrvarslinga Aemet til AFP.

27 EU-land vart denne veka samde om ein tekst der dei tek til orde for ein «betydeleg» auka ambisjon i kampen mot klimakrisa.

Klimatoppmøtet COP27 i Egypt startar måndag.