Hopp til innhold

No blir det «sommar» i Sør-Noreg

Du treng ikkje finne fram vinterjakka heilt enno. Varme luftmassar er på veg til Sør-Noreg dei neste dagane.

Bilete til versak, frå Velledalen i Sykkylven

VARMARE: Det kan bli mindre snø i fjellet fleire stadar i landet som følge av høgare temperaturar. Her frå Velledalen i Sykkylven i Møre og Romsdal.

Foto: Wenche Rokseth

Det er venta temperaturar opp mot 15–16 grader i kystnære strøk på Vestlandet, Sørlandet og etter kvart også på Austlandet.

Måndag vart det målt 15,6 grader på Sola i Rogaland.

Snittemperaturen i dei største byane for heile oktober i 2021 var 8,7 grader i Oslo og 9,8 grader i Bergen, ifølge Værstat.

Vakthavande meteorolog, Ingrid Berntsen, seier vinteren ikkje er på veg heilt enno. Det er også godt mogleg at snøen som har kome i fjellet dei siste vekene, delvis kan forsvinne.

– Det er mildt også i fjellet. Vi ventar stort sett nedbør som regn der dei neste dagane.

Sjølv om det blir mildt i sør, blir det truleg ikkje så mykje sol.

Dei varme temperaturane kjem til å halde seg ut månaden, etterpå er det meir usikkert, ifølge meteorologen.

Værbilete frå Sandane

Framleis er bøane grøne, medan snøen har kome enkelte stadar i fjellet. Dei neste dagane blir det mildare i sør.

Foto: Randi Ryssdal

Stor kontrast

Temperaturane mot slutten av oktober er venta å bli høgre enn enkelte av sommardagane i år.

Til dømes er det meldt rundt 15 grader i Bergen førstkomande fredag. Enkelte dagar i sommar kraup kvikksølvet aldri over 12 grader her, og det vart snakka om at «hausten kom tidleg».

Dermed vart sommar haust, og haust vart sommar. I alle fall temperaturmessig.

– Det er veldig fine temperaturar for å vere slutten av oktober.

Twitter-melding frå YR om veret

Milde dagar i vente, varslar Meteorologisk institutt.

Foto: Skjermdump frå Twitter / Meteorologisk institutt

Kjøligare i nord

I Nord-Noreg blir det vekslande ver, og ein god del kjøligare enn i Sør-Noreg.

Enkelte stadar vil det vere minusgrader, medan andre stadar i nord får lågtrykk og nokre plussgrader.

I Sør-Noreg er det annleis fordi vindretninga frå sørlege delar av Europa går mot denne delen av landet.

– Det er varmt over store delar av kontinentet no, seier Berntsen.

Både Frankrike og Italia har over 20 grader, Spania har opp mot 27 grader.

Værbilete frå Arendal

Hauststemning i Arendal. Vinteren her kjem ikkje enno, melder meteorologen.

Foto: Jarle I. Kvam