– Vi har funne dopapir etter at turistar har gjort sitt trengande nummer to, for å seie det fint, fortel fruktbonde Rakel Optun Skagen.
Ho er ein av berre 34 fastbuande i bygda Ornes. I sommar krydde det av menneske på det vesle neset i Lustrafjorden i Sogn.
Rekordmange besøkte verdsarv-stavkyrkja Urnes og rundt 40.000 turistar var innom bygda.
Turistrekorden har likevel ført med seg ein del uønskt problem. Berre tre toalett er tilbodet som ventar dei besøkande.
På innkøyrselen til fruktgarden fann Optun restar etter menneskebæsj.
Slik såg det ut på innkøyrselen til frukthagen til Rakel Skagen i sommar.
Foto: Privat– Det er ikkje greitt, det er heilt motbydeleg.
Stavkyrkja på Urnes er ikkje åleine om besøksrekord. Dei fem stavkyrkjene i Sogn hadde til saman over 100.000 besøkande i sommar.
Men auka interessa for kyrkjene set både kulturminna og områda rundt under press, fortel generalsekretær Ola Fjeldheim i Fortidsminneforeininga.
– For stavkyrkjene på Borgund og Urnes tenker vi at vi har nådd eit tak for tal på turistar.
Sogn Avis skreiv først om saka.
Turistane kjem langvegsfrå for å sjå Urnes stavkyrkje frå ca år 1130. Mellomalder-kyrkja har sidan 1979 stått på Unesco si verdsarvliste.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK
Vil avgrense talet på turistar
Bæsj på avvegar, og mykje trafikk på smale vegar og tronge vegar er nokre av utfordringane rekordsesongen har ført med seg, fortel Fjeldheim.
Då kan det også vere vanskelegare å gi dei besøkande ein god oppleving.
– Det er viktig at vi som forvaltar ein såpass flott kulturar viser den fram. Samtidig er ingen av desse kyrkjene bygd for å ha såpass mykje folk på besøk, seier han.
Urnes stavkyrkje hadde besøksrekord denne sommaren.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKHan ønsker at turistane blir spreidde meir utover sesongen.
– Vi kjem til å sjå på kva for nokre tiltak vi kan gjere for å avgrense straumen til kyrkjene noko.
I tillegg jobbar Fortidsminneforeininga med å få på plass servicebygg og besøkssenter.
– Det er viktig både for toalettfasilitetar og trygge besøk, men også for at turistar skal besøker andre stader i nærområdet og legger igjen pengar i lokalsamfunnet
Verdsarvkoordinator Åslaug Hansegård ved stavkyrkja i Urnes kallar besøksrekorden er eit tviegga sverd.
– Vi er glade for at stavkyrkja er populær, men det er avgrense kor mange som kan ta turen både med tanke på geografien og infrastrukturen i området.
Verdsarvkoordinator Åslaug Hansegård ved stavkyrkja i Urnes kallar besøksrekorden er eit tviegga sverd.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKDritproblem over heile landet
Mange turistar og få doar er eit velkjend problem her til lands.
Tidlegare i sommar braut desperate turistar seg inn på toalett i Vestkapp, som restauranteigaren var lei av å ikkje få betalt for å drifte.
I Lofoten er både fastbuande og naturforvaltarar lei av å få natur og hagar nedgrisa av avføring frå turistar.
Reiselivet i både Lofoten og på Vestlandet har teke til orde for turistskatt for å finansiere betre toalettfasilitetar og søppelrydding, men i forslaget til statsbudsjettet for 2024 var det ingen forslag om turistskatt.
Rakel Skagen dekte sagflis over restane etter toalettbesøka i frukthagen sin.
Foto: Sondre Dalaker / NRKEnn så lenge håper fruktbonde Rakel Skagen på Ornes at det blir sett opp nye toalett til neste turistsesong.
– Festivaltoalett hadde kanskje vore ei god løysing.