Hopp til innhold

Regjeringa vil gjere livet surt for kryptofabrikkar

I januar går innspelsfristen for den nye datasenterstrategien ut. Trass auka press vert det ikkje forbod mot kryptoproduksjon.

Lefdal Mine Datacenter

BERGET SKAL OPNA SEG: – Vi seier konsekvent nei til alle førespurnadar der vi skjønnar at det ligg i krypto i botn, seier Jørn Skaane, som er dagleg leiar i Lefdal Mine Datacenter.

Foto: Lefdal Mine Datacenter.

700 meter inne i fjellet og 60 meter under havoverflata ligg Lefdal Mine Datacenter.

Den gamle olivingruva vart i 2017 omskapt til Nord-Europas største datasenter, og lokka til seg selskap med ulike interesser, mellom anna eit tysk kryptoselskap.

Ved inngangen til eit nytt år er statsrådane Ola Borten Moe (Sp) og Sigbjørn Gjelsvik (Sp) invitert til dei same gruvegangane for å markere flyttinga av den norske superdatamaskina Sigma2.

Inne i berget på si nye adresse skal supermaskina vere trygg for naturkatastrofar, krig, terror, brann og innbrot.

Flyttinga representerer også eit skifte for datasenteret, som ikkje lenger vil vere ein heim for kryptoutvinning.

Vi seier konsekvent nei til alle førespurnadar der vi skjønnar at det ligg i krypto i botn, seier Jørn Skaane, som er dagleg leiar i Lefdal Mine Datacenter.

Han legg til at krypto har «øydelagt omdømmet til datasenterbransjen».

Det har vore fleire uheldige historier rundt krypto. Det vil vi ikkje vere ein del av, seier han.

Sigma2

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) starta i haust arbeidet med ein revidert datasenterstrategi. Her saman med Ola Borten Moe (Sp) i Lefdal Mine Datacenter.

Foto: Asgeir Reksnes

Kraftsituasjonen legg beslag på viktige kraftressursar

I mai sa Senterpartiet og Arbeiderpartiet nei til eit forslag på Stortinget om å forby den mest straumkrevjande utvinninga av kryptovaluta.

Grunngivinga var at regjeringa ville «unngå eit særnorsk kryptoforbod», og at det var «prinsipielt problematisk å diskriminere datasenter ut frå ei politisk definert samfunnsnytte».

Då kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i haust starta arbeidet med ein revidert datasenterstrategi, var det likevel teikn til at kryptofabrikkane kunne vere i spel.

Kraftsituasjonen er sært krevjande, og kryptoutvinning legg beslag på viktige kraftressursar, forklarte statsråden.

Les også Da verdens største datasenter kom til bygda

Ballangen

På same tid gjorde finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) livet til kryptofabrikkane surare då han avvikla elavgift-rabatten for alle datasenter.

Vi ser ei utvikling med auka utvinning av kryptovaluta i Noreg. Vi treng denne krafta til fellesskapet, forklarte finansministeren.

NRK forklarer

Hva er bitcoin?

Hva er bitcoin?

Dette er bitcoin

Bitcoin betegner både et digitalt betalingsnettverk og verdienheten i dette nettverket. Bitcoin omtales gjerne som virtuell valuta eller kryptovaluta.

Hva er bitcoin?

Baserer seg på blokkjede

Nettverket er digitalt og desentralisert og baserer seg på blokkjedeteknologi. Enkelt forklart betyr det at du kan sende bitcoin direkte til en mottaker, uten behov for en bank.

Hva er bitcoin?

Plusser og minuser

Tilhengere av kryptovaluta som bitcoin peker på fordeler som lave transaksjonsutgifter, tilgjengelighet og anonymitet. Kritikere peker at bitcoin benyttes i kriminell aktivitet, bruker mye strøm og også at kursen svinger veldig.

 

Kilde: Store norske leksikon.

 

Her har de likestilt digital valuta med den offisielle

Vi kan ikkje sløse straum på kryptovaluta

Det etterlatne inntrykket var difor at «eit særnorsk kryptoforbod» ikkje var utelukka, symbolisert ved eit tverrpolitisk desember-vedtak i Nordland fylkesting om å innføre nettopp eit slikt forbod.

På Stortinget har Raudt, MDG og SV pressa på for å forby kryptofabrikkar.

Med tilvising til det svenske finanstilsynet som ønskjer eit forbod mot «den mest energikrevjande utvinninga av kryptovaluta», spurde Lars Haltbrekken (SV) tidlegare i år kva Støre-regjeringa gjer for å «stanse bruken av norsk kraft til å produsere bitcoin, eller i alle fall redusere denne produksjonen kraftig?»

Vi har ikkje straum å sløse på utvinning av kryptovaluta, seier Geir Jørgensen i Raudt.

Ingenting er betre enn om dette no har sokke inn hos regjeringa.

Gruvegangane i Lefdal Mine Datacenter

Utgreiingar har vist at det er vanskeleg å skilje mellom «god» og «ikkje-god» aktivitet i datasentera. For å «straffe» kryptofabrikkane måtte derfor elgift-rabatten avviklast i sin heilskap.

Foto: Lefdal Mine Datacenter

Politikarane likte heller ikkje fargefjernsyn

Brønnøysundregistera har ikkje ei eiga næringskode for utvinning av kryptovaluta. Og det er ikkje krav om å rapportere til skattestyresmaktene at du vinn ut kryptovaluta.

Tilbakemeldinga frå næringslivet er derfor at det reint metodisk er vanskeleg å skilje mellom ønskt og uønskt aktivitet i datasentera; at forsøk på å «ta kryptoutvinninga» rammar for breitt; og dessutan at «ingen veit kva for innovasjonar som vil spinne ut av kryptoutvinninga».

Dei siste orda tilhøyrer Nils-Ola Widme, som er direktør for næringspolitikk i Abelia.

Vi skjønner at politikarane ikkje liker krypto. Dei likte heller ikkje fargefjernsyn. Det som er sikkert er at eit forbod vil hindre innovasjon i Noreg.

Han legg til:

Vi håpar på at regjeringa ikkje forbyr dette, men er redd for at det vil skje.

Regjeringa har i løpet av hausten hatt fleire møte der næringsliv, partane i arbeidslivet og delar av sivilsamfunnet har delteke. Siste innspelsmøte var 8. desember.

Ballangen kommune og planane om datasenter vart tatt opp hos Nytt på Nytt.

Departementet vil redusere kryptoutvinning

Gunn Karin Gjul (Ap) er statssekretær med ansvar for digitalisering og elektronisk kommunikasjon i Kommunal- og distriktsdepartementet.

Ho seier at departementet er i sluttfasen med å utarbeide ein rettleiar for å bidra til at kvar enkelt kommune kan avklare «kva forventningar det er realistisk å ha til ei mogleg datasenteretablering» og at dei «opplever at næringa tek utfordringane på største alvor».

Til dei som forventar eit forbod mot kryptoutvinning har ho følgjande helsing:

Eit særnorsk kryptoforbod vil ikkje vere ein konsekvens av revideringa av den nasjonale strategien.

Men eg kan seie så mykje som at vi er i gang med å undersøkje ulike tiltak for å redusere kryptoutvinning.