Hopp til innhold

Regjeringa tvangsflyttar 15 årsverk frå aust til vest

I 2018 blei Fredskorpset flytta frå Oslo til Førde, av distriktspolitiske omsyn. No er det Norad sin tur.

Førde sentrum

FØRDE: Konkurransetilsynet, Kystverket, Luftfartstilsynet, Medietilsynet og Post- og teletilsynet er andre verksemder som er flytta ut av hovudstaden dei siste åra. Nå er det Norad sin tur. I dag har Norad besøksadresse i Bygdøy allé i Oslo.

Foto: Alf Vidar Snæland

Regjeringa har bestemt å flytte «minst 15 årsverk» i UD og Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid) til Førde, som blei kåra til «Noregs styggaste by» i ei kåring i Dagens Næringsliv i 2007.

Eit stempel dei sidan har hatt problem med å riste av seg.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim seier at utflyttinga er motivert av distriktspolitiske omsyn, men ikkje berre det.

For det første er det eit sjølvstendig poeng å fysisk skilje ut evalueringsfunksjonen til Norad, som forvaltar store deler av norsk bistand.

I tillegg viser statsråden til at det allereie er etablert eit «sterkt og godt» fagmiljø for bistandsarbeid i Førde etter at Norec (tidlegare Fredskorpset) gjennomførte ei tilsvarande reise over fjellet i 2018.

Den gongen blei 8 av 42 tilsette med på «flyttelasset».

Planen er at evalueringsavdelinga skal dele lokale med Norec.

– Dei to vil passe kvarandre som hand i hanske. Evalueringa viser at Norec leverer godt på samfunnsoppdraget frå den nye lokasjonen i Førde, seier Tvinnereim.

Arbeidstakarorganisasjonane i Norad seier i ein uttale at vedtaket «verken er godt fagleg fundert eller samfunnsøkonomisk formålstenleg» og at avgjerda «påfører tilsette og familiane deira ei stor belastning».

Samtidig viser erfaringa frå andre utflyttingar at mykje verdifull kompetanse går tapt ved å bryte opp etablerte fagmiljø (sjå heile uttalen under).

Førde på kveldstid

«Mange bygdebyar i Sogn og Fjordane er så smaklause at du kan lure på om det ein stad finst eit kontor, inst i ein lang dunkel korridor, bak grå, massive murveggar, der dei arbeider dag og natt for å setje smakløysa i system», skreiv journalist Jan Nyberg, då Bergens Tidende laga ein reportasje om tettstader i Sogn og Fjordane i 1988. Verst gjekk det utover Førde: «Meir enn ein bygd er Førde i dag ein sosialdemokratisk fiksjon, skapt av tanken om at ting er alle menneskes mål, meir enn at alle ting sine mål er mennesket», skrev Nyberg.

Foto: Alf Vidar Snæland

Alternativet som gir størst distriktspolitisk gevinst

I Utanriksdepartementets eiga utgreiing frå 2017 var konklusjonen at Førde er «dyrast, lengst frå brukarane og har dårlegast tilgang på kompetanse», men at byen til gjengjeld var «det alternativet som gir absolutt størst distriktspolitisk gevinst».

I tråd med visjonen til kommunalminister Jan Tore Sanner (H) om å flytte 630 arbeidsplassar ut av hovudstaden, blei derfor Førde valt som ny lokasjon. Framfor Stavanger og Trondheim.

Til sterk motstand blant tilsette som reagerte med «sjokk og vantru» på at kompetansemiljøet i Oslo blei «riva ned».

Fem år seinare konkluderte Menon Economics i ein rapport med at:

  • Norec leverer betre på samfunnsoppdraget etter etableringa i Førde
  • Brukarane er nøgde
  • Dialogen med Utanriksdepartementet er betre
  • Det er ikkje eit problem å rekruttere kompetent arbeidskraft.

Erfaringa i Norec er at dei som kjem hit, opplever ein arbeidsplass med godt miljø, høgt fagleg nivå og moglegheiter til utvikling, seier Norec-direktør Jan Olav Baarøy til NRK.

Kva er helsinga di til tilsette i Oslo som nå blir «røska ut av habitatet sitt»?

Vi skal ha respekt for at det kan vere trist å oppleve at arbeidsplassen blir flytta. Men vi skal ta i mot dei på beste vis, og gjere vårt for at dei skal trivast.

Tvinnereim og Sande

– Det er eit sterkt og godt fagmiljø for bistandsarbeid i Førde, så evalueringsverksemda av norsk bistand passar som hand i hanske i Førde, seier Anne Beathe Tvinnereim (Sp). Her saman med statsråd-kollega Erling Sande midt i Førde sentrum.

Foto: Håvard Nyhus

– Vi skal satse på heile Noreg

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande karakteriserer flyttinga av Norec som «ei suksesshistorie og eit tydeleg døme på at det er fullt mogleg å levere topp kvalitet utanfor Oslo-området».

– Vi skal satse på heile Noreg. Derfor har regjeringa innført gratis ferje, halvert barnehageprisar og satsa storstilt på breibandsutbygging i distrikta. Utflyttinga av desse arbeidsplassane er enda eit konkret bevis på at det betyr noko kven som styrer, seier han.

Alfred Bjørlo (V) kaller flyttinga «ei fornuftig avgjerd».

Å bygge sterke fagmiljø i regionsenter i distrikts-Noreg er ein klok måte å drive distriktspolitikk på

Mykje klokare enn å putle på med å gjenopprette bittesmå politistasjonar, kommunar og tingrettar som fragmenterer nettopp slike felles fagmiljø i distrikta.

Les også Bråk etter at Oslo fekk statlege arbeidsplassar

c-yE_znuDj0

Spørsmål om lokalisering og utflytting av statlege arbeidsplassar har historisk vore eit brennbart tema.

Sist då den nye etaten som skal styrkje eksportkontrollen etter at Russland invaderte Ukraina blei lagt til Fornebu rett utanfor Oslo – i staden for Bergen, Trondheim eller Stavanger.

Hovudregelen er at nye statlege arbeidsplassar skal etablerast utanfor hovudstadsområdet, og utanriksminister Espen Barth Eide vil ikkje svare på kva slags vurderingar og kriterium som låg til grunn då Fornebu trekte det lengste strået.

I ei forklaring til Stortinget skriv statsråden at regjeringa har «behov for å skjerme avvegingane og det interne avgjerdsgrunnlaget».

Erling Sande og Jenny Følling

Førde-ordførar Jenny Følling (Sp) gler seg over at regjeringa har bestemt å flytte 15 årsverk i Norad til Førde. Til venstre: Kommunalminister Erling Sande.

Foto: Håvard Nyhus

undersøke mogelegheitene for fjernarbeid

Ideen om å spreia fagmiljø og ta statlege arbeidsplassar ut av «Oslo-regionen» har brei politisk støtte, men det er ulike syn på om desentraliseringa også bør omfatta «nummer to-byane» som Bergen, Trondheim og Stavanger.

I tillegg er alle statlege etatar pålagde å undersøke mogelegheitene for fjernarbeid («remote work»).

Bakom satsinga på fjernjobbing ligg to forhold:

  • Ein pandemi som kasta om på vante førestillingar om «jobb», «heim» og «arbeidsstad», og som gav nordmenn eit krasjkurs i «teams» og digital møtekultur.
  • Utgreiinga til «Demografiutvalet», som roper varsku om dei demografiske utfordringane i distrikt-Noreg.

Les også Laksen som deler lokalsamfunnet i to

Ei bru skal byggjast og noko må vike: Lakseskulpturen eller ein del av fotballbana like bortanfor. Det er ikkje rom åt dei begge.

Norec (tidlegare Fredskorpset) gjennomførte ei tilsvarande reise over fjellet i 2018.