Laksen som deler lokalsamfunnet i to

FØRDE (NRK): Ikkje før var striden om Y-blokka over, så flytta kulturkampen seg til ein lakseskulptur i Sunnfjord.

Ei bru skal byggjast og noko må vike: Lakseskulpturen eller ein del av fotballbana like bortanfor. Det er ikkje rom åt dei begge.

TIL LAKS ÅT ALLE KAN INGEN GJERA: Dette er kjernen i striden.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eg har tenkt å gje litt slakk på tida, innleiar Olve Grotle (H), ordførar i Sunnfjord.

Det er torsdag morgon og kommunestyret i Sunnfjord er samla. Det er fleire saker på dagsorden, men alle veit kvifor ordføraren vil vere raus med tida.

Grunnen er enkel. Det handlar om ei sak som er langt meir enn berre politikk, men også dultar borti djupe eksistensielle spørsmål: Kva skal vi leve av? Og for?

Kva det handlar om? Ein 65 meter lang laksefigur i stein.

Ei bru skal nemleg byggjast og noko må vike: Lakseskulpturen eller ein del av fotballbana like bortanfor.

Det er ikkje rom åt dei begge.

Og difor er det ufred i Førde. Med fakkeltog, «hjarte-mobilisering», motdemonstrasjonar, utfall mot «kulturkjerringar», og påstandar om ein «idrettsmafia» som held folkevalde som gislar.

Fakkeltog for skulpturen Laksen i Førde

FAKKELTOG: Sist onsdag slo 160 førdianarar ring rundt laksen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Kan ikkje flytte - berre øydelegge

Så steile har frontane vore at avisa Firda tok til orde for å utsetje heile avgjerda – «slik at Førde-samfunnet kan gå vidare på ein god måte».

Kommunestyremøtet starta med same appell.

– Vi treng ein timeout, sa Åsmund Berthelsen (SV).

Miljøpartiet Dei Grøne slutta seg til («til alle steinar er snudd»), men begge vart stemt ned.

No var det best å få saka opp og avgjort. Etter fem år med utgreiingar og politiske omkampar var det nok. (Sjå resultatet av voteringa lengre ned.)

Kva med berre å flytte laksen i staden for å øydelegge han? Nei, hadde kommunalsjefen forklart. Eit av paradoksa i åndsverklova er at kommunen ikkje har høve til å flytte verket – berre til å øydelegge det.

Førde – ein sosialdemokratisk fiksjon

Gunn Merete Paulsen (V) var blant dei som stemte for å verne laksen.

– For meg er laksen ein del av kulturarven i Førde, og ein identitetsskapar for ein by i rask vekst og utvikling, seier ho.

Laksestriden i Førde er nemleg ikkje mogleg å forstå utan to bakanforliggande historier.

Det eine er trafikkmengda og behovet for ei ny bru etter at talet på innbyggarar i Førde «eksploderte».

Den andre er knytt til ryktet som «Noregs styggaste by», sist gjenteken i ei kåring i Dagens Næringsliv i 2007.

Eit stempel byen har slite med å riste av seg heilt sidan åttitalet.

Førde på kveldstid

FEKK KRITIKK: Førde fekk hard medfart då Bergens Tidende laga reportasje om tettstader i Sogn og Fjordane i 1988.

Foto: Alf Vidar Snæland

«Mange bygdebyar i Sogn og Fjordane er så smaklause at du kan lure på om det ein stad finst eit kontor, inst i ein lang dunkel korridor, bak grå, massive murveggar, der dei arbeider dag og natt for å setje smakløysa i system», skreiv journalist Jan Nyberg, då Bergens Tidende laga ein reportasje om tettstader i Sogn og Fjordane i 1988.

Verst gjekk det utover Førde:

«Meir enn ein bygd er Førde i dag ein sosialdemokratisk fiksjon, skapt av tanken om at ting er alle menneskes mål, meir enn at alle ting sine mål er mennesket», skrev Nyberg.

Då den danske kunstnaren Jørn Rønnau året etter kom med ideen til ein lakseskulptur langs elva som snor seg gjennom Førde sentrum, vart han difor godt motteken.

No kunne førdianarane vise at bilen og den sosialdemokratiske logikken ikkje hadde invadert alle sider ved livet deira, og at dei enno hadde vett til å byggje små katedralar.

Rønnau presenterte idéen under miljøkunstveka i 1989.

DUGNAD: Ikkje berre mitt verk, men innbyggarane sitt verk også, seier Jørn Rønnau.

Foto: FAKSIMILE/FIRDA

Med «Miljøkunstveka 1989» som springbrett vart barneskuleelevar og lærarar sendt ut for å vere med på den store dugnaden – eit konsept den danske kunstnaren ikkje var kjend med, men raskt vart begeistra for.

– Ein kveld gjekk det opp for meg at det ikkje lengre berre var mitt verk, men innbyggarane sitt verk også. Vi hadde skapt det saman, seier han i Firda.

To år seinare var det fullendt. Ordføraren trakk eit teppe til sides, og fisken sitt auge titta fram. Ville også resten av landet sjå kor fagert Førde kunne vere?

Ein signatur i granitt mot himmelen

– Miljøkunstveka 1989 sette dagsorden for å utvikle «Fagre Førde», seier Hans Jakob Reite, som sist veke tok initiativ til fakkeltoget for bevaring av Laksen.

– Skulpturen bør reinsast, stellast, takast vare på og gjenreisast i det kollektive medvitet, seier Helge Johnsen, og kallar Laksen ei påminning om at Førde kan vere «noko meir enn handelshus, bilar og kommers».

I vår takka han av som politisk kommentator i Firda, etter ei tenestetid på 30 år.

– Laksen er ein signatur skriven i granitt mot himmelen, og så diskuterer ein seriøst å ta den bort? Eit slikt vedtak vil vere eit verdival som gjer festtalane om kulturstaden Førde til pinleg prat, seier han.

Men kor flinke har Førde vore til å ta vare på laksen?

– Det vel rett å seie at kommunen ikkje har nytta det potensialet som ligg i å ha ein slik skulptur i byen, seier Leiar for Sunnfjord Arbeidarparti, Helge Robert Midtbø.

– Eg personleg har ikkje noko sterkt forhold til skulpturen, men eg synest det er flott å ha eit slikt kunstverk i Førde, og har stor forståing for argumenta for å behalde den der den ligg i dag.

Blei klar over Laksen etter 20 år

Likevel, torsdag stemte han til fordel for fotballbana, saman med resten av partigruppa si.

Det same gjorde kommunestyrerepresentant for Frp, Terje Helgheim.

– Det er først no eg er blitt merksam på Laksen, sa han, då han tok ordet.

Han fekk følgje av Kjell Navelsaker, som i fjor melde seg ut av Høgre:

– Eg var ikkje klar over Laksen sjølv om eg har budd her i 20 år, uttala han.

Nokre timar seinare var det tid for votering. Då stemmene var talte opp, fordelte dei seg 26–19.

I favør fotballbana.

Og slik gjekk det til då Laksen i Førde vart sløya. Eller?

Oppstår som fugl Fønix

– Laksen er eit forsømt kunstverk som oppstår som fugl Fønix når dei som meiner mykje får noko å samle seg om, seier Elin Haugen, som har engasjert seg på fotballen si side.

– Y-blokka er ein parallell. Forskjellen er at så få veit at Laksen eksisterer.

Har Laksen enda eit Fønix-byks i seg? Det kan vere.

I vedtaket til kommunestyremøtet ligg nemleg eit spørsmål til Statens vegvesen om dei kan lirke det til og få bruvegen utanom eller over Laksen.

– Om den ikkje har fått nasjonal merksemd tidlegare, så har den fått det no, seier Tore Fossen (H), som stemde for å vareta laksen.

Han legg til:

– For meg er Laksen det same som eit måleri på veggen: Det er ikkje kvar dag eg ser på det, men den dagen måleriet er vekke, vil det bli eit sakn.

Dette alternativet vart valt av Sunnfjord kommunestyre. Vegvesenet skal no sjå på om det er mogleg å redusere storleiken på veganlegget for å unngå Laksen. Dersom Laksen likevel blir berørt, skal det greiast ut om vegen kan gå i ei låg bru over Laksen.

VEDTAKET: Kommunen spør Statens vegvesen om dei kan lirke det til og undersøke om dei kan få bruvegen utanom eller over Laksen.

Foto: STATENS VEGVESEN