Hopp til innhold

Steinknuseverk velta – skulle til omstridd vindkraftanlegg

FØRDE (NRK): Ein spesialtransport på veg til det omstridde vindkraftanlegget på Haramsøya, velta tysdag ettermiddag på E39. No blir vegen stengt ei natt for å berge vogntoget og lasta.

Førde Kranservice er med på berging av steinknuseverk i Førde.

BERGINGA I GANG: Ei stor mobilkran er no i gang med å få rydda vegen på E39.

Foto: Adrian Sandnes Nordvik / NRK

– E39 blir heilt stengt frå onsdag kveld klokka 23 til torsdag morgon klokka 05, opplyser Statens vegvesen.

I tillegg til køane i Førde-området, blei det meldt om mykje trafikk på omkøyringsvegane i Sogn og Fjordane.

No syner det seg at transporten med eit steinknuseverk var på veg til Haramsøya i Møre og Romsdal.

Der skulle steinknuseverket brukast i samband med den svært omstridde vindkraftutbygginga.

Olav Sylte i firmaet Stangeland, som utfører transporten, seier til Sunnmørsposten at dei førebels ikkje veit årsaka til hendinga.

Velten skjedde rett før rushtida i bygdebyen Førde.

– Vi fekk inn ei melding frå politiet om lag 14.20 at ein spesialtransport med ein steinknusar hadde velta på veg ned Halbrendslia i Førde, opplyser vegoperatør Ketil Molvær til NRK.

E39 er hovudvegen mellom Bergen og Ålesund og det er fleire krappe og bratte svingar ned mot Førde sentrum.

Vogntoget velta i ein av dei siste svingane før ein kjem ned frå fjellet.

– Dette er ein brei og tung transport. Det er ein viktig veg, så eg vil jo tru at dei vil starte med dirigering så raskt som råd her.

Det er ikkje meldt om personskade.

Vogntog velta i Førde.

KRAPP SVING: Den breie spesialtransporten fekk trøbbel i ein av dei siste svingane før Førde.

Foto: NRK-tipsar
Lange køar i Førde sentrum etter vogntogvel i Halbrendslia.

LANGE KØAR: Vogntogvelten førte til lange køar på E39.

Foto: Julianne Flølo / NRK