Denne steinen trefte nesten kona – Torgils fekk gåsehud av at vegen skal rustast opp

Med kake, gåsehud og sjampanje har dei som brukar E16 feira at regjeringa vil byggja ny veg og jarnbane mellom Bergen og Voss.

Torgils Rogne viser fram den 23, 8 kilo tunge stenen som nesten drap sambuaren hans i 2015.

23,8 KILO: Denne steinen trefte førarhuset til lastebilen til Torgil Rogne i 2015. Hadde dei kome nokre millisekund seinare, hadde den treft kona hans.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg fekk gåsehud då eg høyrde det, og ikkje minst for at skal inn i første perioden av planen, fortel Torgils Rogne, distriktsleiar i Norges Lastebileier-Forbund.

Onsdag ettermiddag vart det kjend at veg- og jarnbaneprosjektet på E16 mellom Bergen og Voss skal vera med i fyrste del av neste Nasjonal transportplan (NTP).

Rogne har fleire gongar i veka køyrd lastebil langs vegen sidan 1991. Mellom 3000 og 4000 gongar i året køyrer lastebilane han eig mellom Bergen og Voss.

– Me veit aldri når det går ras langs vegen. Eg har gitt fyrstehjelp på vegen, og følt det på kroppen sjølv.

I 2015 hadde Rogne for ein gongs skuld med kona sin på turen langs E16. Like før dei køyrde inn i ein tunnel, høyrde dei ein enormt høg smell, og frontruta knuste.

Etterpå fann han ein 23,8 kilo tung stein på lasteplanet. Steinen hadde treft på toppen førarhuset.

– Hadde me kome nokre millisekund seinare, hadde den kome inn i førarhuset og rett i fanget på henne, seier Rogne.

Torgils Rogne fekk denne steinen i taket av lastebilen sin langs E16 i 2015.

FØRARHUSET: Slik såg førarhuset til lastebilen til Torgils Rogne ut etter steinen trefte i 2015.

Foto: Privat

Glad for jarnbaneopprusting

Regjeringa reknar med at opprustinga av vegen og jarnbanen på strekninga vil kosta 26,4 milliardar kroner.

Det fyrste spadetaket vil koma i 2024, kunne statsminister Erna Solberg melda under dagens presseseanse.

Regjeringa må likevel få fleirtal for planen i Stortinget for at planane skal realiserast.

– Den politikaren som stemmer nei no, har blod på nevane, seier Rogne.

Han takkar politikarane for at dei no har teke det han kallar eit vakse val.

– Eg har hatt tre samferdsleministrar med meg i på tur på E16. Alle har lova like mykje, men fyrst no har gjennomslaget kome, seier Rogne.

Han er også glad for at togtraseen blir rusta opp, slik at meir av godset som skal til Bergen kjem over på jarnbana.

– Det skapar meir arbeid for oss på endestasjonane. Og så fjernar det mykje av den unødvendige tungtransporten og mange austeuropeiske lastebilar, seier lastebileigaren.

Ras i 2015 mellom Stanghelle og Trengereid

RAS: Opp gjennom åra har mangt eit ras gått langs E16 mellom Bergen og Voss. Dette gjekk i 2015.

Foto: HELENE WIESE-HANSEN

Feira med kake

På Voss feira ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) med kake på kontoret i dag.

– Dette er ein god dag. Me har fått stadfesta at dei vil byggja ny veg og jarnbane samstundes. Der er jo det me har jobba for. Regjeringa fortener ros i dag, seier ordføraren.

Han er også leiar for Forum Nye Bergensbanen, og er glad for at statsministeren har antyda byggjestart i 2024.

– Om ikkje alle me som lever i dag får sjå heile greia ferdig, så veit me iallfall at dei som kjem etter får det mykje betre enn kva me har hatt det.

Sjølv om det vart feira med kake, stod likevel ikkje jubelen heilt i taket.

– Det handlar om at pengane må koma på bordet. No har regjeringa lovd. Då må dei levera på prioriteringane sine.

Hans-Erik Ringkjøb feira NTP-lekkasjane med kake på kontoret. Åleine.

FEIRA ÅLEINE: Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) måtte feira åleine med kake på kontoret i dag, sidan mange av kollegaane er på heimekontor.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg seier ofte «ikkje køyr i dag»

– Det blir vel ein del spretting av sjampagnekorkar i dag. Eg trur folk er veldig glade, seier Trine Helle Simmenes.

Ho er geolog og bur langs vegstrekninga. Ho er avhengig av E16 om ho skal nokon stad.

– For oss som bur her betyr det at me kan føla oss tryggare når me køyrer på vegen. Eg ligg vaken til eg veit at barna har kome heim att.

Simmenes seier ho veit kor farleg det, fordi ho er geolog.

– Eg fortel folk at ved enkelte vêrtypar må folk vera forsiktige. Eg seier ofte «ikkje køyr i dag».

Geolog Trine Helle Simmenes.

GEOLOG: Når vegen endeleg opnar kjem det til å bli «hallelujastemning», seier geolog Trine Helle Simmenes som bur langs E16.

Foto: Camilla Salas Gulliksen / NRK