Pengedryss over Vestlandet: Lovar ny E16 og gigantbru på E39 til over 60 milliardar kroner

Regjeringa vil bygge både Hordfast og ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle. Totalt vil prosjekta koste 64 milliardar kroner. Men det er uvisst når byggestarten blir.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

HORDFAST: Slik kan ei ny bru over Bjørnafjorden i Vestland sjå ut når den skal erstatte ferjesamband. Men det er Tysnes-brua som skal komme først.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

Den store debatten om vegprosjekta i Vestland vekker sterke kjensler og stort engasjement.

Gong på gong har regjeringa lova utbetring av rasutsette E16 mellom Voss og Bergen, men lokalbefolkninga er blitt skuffa igjen og igjen.

Også gigantbrua på E39 sør for Bergen har det vore kamp om.

No slår regjeringa på stortromma og set av pengar til å starte opp begge delar i ny nasjonal transportplan:

  • Hordfast: Ny E39 mellom Stord og Os forkortar reisetida med nærare ein time, altså til ein halvtime. Det vil koste 37,7 milliardar kroner.
  • E16 Bergen-Voss: Det blir ny veg og jernbane på den sterkt rasutsette E16 mellom Arna og Stanghelle eller Dale. Dei skal byggast nokolunde samtidig og vil gi tryggare veg og kortare togreise austover. Kostnadsanslaget er totalt 26,4 milliardar kroner: 12,7 milliardar kroner til bane og 13,7 milliardar kroner til veg. Delar må bli finansiert av bompengar.

Dette er ein lekkasje frå transportplanen som regjeringa går ut med før heile planen for 2022-2033 blir lagt fram før påske.

Nasjonal transportplan handlar om kva veg- og jernbaneprosjekt som skal få pengar og bli bygd dei neste åra.

Ras ved Stanghelle E16

RASUTSETT: Strekninga på E16 mellom Indre-Arna og Voss er svært rasutsett. Biletet er teke frå eit større ras som gjekk i 2013.

Foto: Karl Martin Valestrand

Usikker oppstart

Spørsmålet er framleis kor raskt dei to prosjekta kan bli sett i gong.

Statsminister Erna Solberg (H) seier oppstart for begge delar skal skje i løpet av dei neste seks åra, og bli fullfinansiert i løpet av åra deretter.

Men regjeringa tør førebels ikkje seie noko konkret årstal.

Solberg strekk seg til å seie at dei tek sikte på oppstart av vegdelen av E16 i 2024.

– Det er ikkje alle delar av prosjekta som no er klare. Vi kjem ikkje til å vere så detaljerte som før, for det har vist seg å ikkje halde, seier statsminister Erna Solberg.

Ho har ikkje nokon lovnadar for Hordfast, men skal det starte opp dei neste seks åra, må det skje seinast i 2027.

– Vi har brent oss litt på at vi er for altfor detaljerte på når vi skal starte opp.

Jordras på E16 ved Hyvingetunnelen ved Voss.

PÅ VISITT: Statsminister Erna Solberg på besøk langs E16 etter raset ved Hyvingetunnelen i 2016. Til høgre ordførar på Voss, Hans-Erik Ringkjøb.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Heilt historisk

Solberg kallar samferdselssatsinga til regjeringa for «heilt historisk», men vedgår at det er store løfte ho kjem med.

– Nokon vil seie at vi har lova dette før. Ja, det tek lang tid med desse prosjekta. Dei har lagt inne i mange planar, men vi ligg nærare no å få realisert dei, seier statsministeren.

Ho peikar på at Hordfast «har gått strafferunden i å få ned kostnadane sine», slik at det er gjennomførbart.

– For alle som har sagt vi må velje mellom det eine eller det andre: regjeringa har tenkt å gjere begge delar, seier Solberg.

Sikrar Noregs verste veg

Ho la fram nyheita saman med klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) i eit digitalt møte med NRK og bergenspressa.

Alle stiller som førstekandidatar i stortingsvalet frå Hordaland til hausten. Det gjer ikkje samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF), som glimra med seg fråver.

– Knut Arild har gjort ein kjempejobb, seier Solberg.

Regjeringa er opptekne av synergieffektane ved å bygge veg og jernbane samstundes mellom Bergen og Voss.

– Det gjeld mellom anna det med gjensidig bruk av rømmingstunnelar. Byggar vi veg og bane samtidig, er det ganske mykje å spare på det, seier Solberg.

Ulstein seier E16-utbygginga er livsviktig for dei som bur i det svært rasutsette området. Vegstrekninga på E16 er kåra til Noregs verste veg.

Seinast i haust deltok fleire hundre bilar i ein kortesje og demonstrasjon mot nok ei utsetting.

AKSJON:

DEMONSTRASJON: Aksjonistane slapp ein stein på tre tonn ned på ein bil under ein demonstrasjon for E16 Bergen-Voss i september.

Foto: Gerd Johanne Braadland

Rotevatn er oppteken av at reisetida med tog frå Bergen til Voss og vidare mot Oslo med dette vil gå ned.

– Saman med satsinga vi har varsla på Ringeriksbana vil det i sum korte ned reisetida på Bergensbana betrakteleg, seier miljøvernministeren.

Må planlegge for to scenario

E16-prosjektet er prioritert for oppstart i løpet av dei neste seks åra. Statens vegvesen må likevel planlegge for to scenario:

Eit for full utbygging, og eit som tek høgde for alternative planar med etappevis utbygging der ein startar med vegutbyttinga først.

– Om ein startar med vegbygging først, betyr det ikkje ein har parkert jernbana, men at bana kan komme med eit eller to års forseinking i sjølve gjennomføringa, seier Solberg.

1 milliard til Hordfast neste seks åra

Når det gjeld Hordfast er statsrådane oppteken av at Bergen og Sunnhordland blir bygd tettare saman når firefelts motorveg og rekordlang flytebru skal erstatte tre ferjesamband og redusere reisetida.

Det er det største og dyraste delprosjektet i visjonen om ferjefri E39 langs kysten. Sjølve strekninga som no blir sett av pengar til er mellom Ådland på Stord og Svegatjørn i Os.

– Vi byggar sterkare bu- og arbeidsmarknad for denne regionen, seier statsministeren.

Men det er berre sett av 1 milliard kroner pluss bompengar til Hordfast dei neste seks åra.

Solberg peikar på at det med bompengar i oppstarten likevel vil få fart på sakene.

– Det betyr at du kan bruke bompengar i startfasen på prosjektet og få større statleg finansiering etter kvart.

Regjeringa vil begynne med veg, bru og tunnel frå Stord til Tysnes.

– Kostbare prosjekt

Regjeringa understrekar at begge deler er veldig kostbare prosjekt som må bli delfinansiert av bompengar.

– Sjølv om transportplanen er stor, er det likevel tøff konkurranse mellom prosjekta og du må prioritere ganske tøft undervegs, seier Rotevatn til NRK.

På spørsmål om kvifor dei no prioriterer begge prosjekta svarar han:

– Skal ein tru meiningsmålingane er det dei viktigaste prosjekta for innbyggarane i Hordaland, og då er det klokt å gjennomføre.

Naturvernkritikk mot Hordfast

Naturvernforbundet er mot Hordfast-prosjektet, som dei meiner er dårleg nytt for klimaet, myr og kystlandskap. Dei har peika på at vegprosjektet ikkje vil bidra til å redusere klimautslepp i Noreg.

Statsforvaltaren i Vestland har kalla Hordfast det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn forsvarar transportplanen med at «av og til må ein også ta nokre val av omsyn til framkomelegheit, tryggleik på reise og viktig verdiskaping».

– Konkret når det gjeld Hordfast så vil ein jobbe med spørsmål om økologisk kompensasjon, slik at ein kan ta vare på naturområde også dersom ein blir nøydde til å bygge ned viktige naturområde, seier Rotevatn.