Hopp til innhold

Regjeringa får kritikk for å ha dikta opp «eventyrskog»

Regjeringa vert skulda for å fortelje eventyr om skogen. Kommunalministeren innrømmer at han «kunne vore tydelegare».

Steinbrot -planer ved fjellet Aksla i Bremanger, Vestland.

BREMANGER, VESTLAND: Regjeringa innrømmer at dei burde vore meir presise da dei skauv to regnskogar framfor seg i vedtaket om eit steinbrot på fjellet Aksla (til venstre). Det som er sikkert er at kystregnskogen på bilete finst. Enn så lenge.

Foto: Steinar Lote / NRK luftfoto

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kommunalminister Erling Sande vart før påske kalla til Stortinget for å svare på om regnskogen i Bremanger berre er ei luftspegling i hans eige hovud.

Invitasjonen kom frå Venstre som ville vite om «eventyrskogen» i Bremanger faktisk eksisterer.

– Det verkar som desse eventyrskogane berre finst i fantasien, seier Sveinung Rotevatn (V) til NRK.

Til grunn for striden ligg vedtaket om å ofre ein kystregnskog for å gi plass til det omstridde steinbrotet på fjellet Aksla.

I løyvet til steinbrotet skriv regjeringa at tiltaket «til dels vil øydelegge ein viktig førekomst av naturtypen boreonemoral regnskog», men at det til gjengjeld er «to andre lokalitetar av naturtypen i kommunen».

Eg ser at dette kunne komme tydelegare fram

Spørsmålet er om desse to andre regnskogane finst, eller berre er to gode unnskyldningar.

Til støtte for det siste synet er Naturbasen til Miljødirektoratet og Miljøfaglig Utredning frå 2018.

I sistnemnde er Bremanger oppført med éin (og berre éin) regnskog-førekomst.

Tilsvarande har Miljødirektoratet konkludert med at dei andre kandidatane i området er «for svakt utvikla» til å oppnå full «regnskog-skår».

Regnskogen på Tysnes

Slik ser kystregnskogen på Tysnes i Hordaland ut.

Foto: Naturvernforbundet

Konfrontert med dei miljøfaglege utgreiingane erkjente kommunalministeren at det er «stor forskjell» på dei tre skogane – «både med omsyn til størrelse og verdi» – og at det berre er den eine som kan kategoriserast som «rik regnskog».

Han la til:

Eg ser at dette kunne komme tydelegare fram i saksutgreiinga.

Han presiserte at han framleis sto inne for regjeringa sitt ja til steinbrotet, og at avgjerda ikkje kvilte på definisjonen til dei ulike skogsområda.

Vedtaket har vekt internasjonal oppsikt og kom trass i protestar frå Riksantikvaren, Statsforvaltaren og Miljødirektoratet.

«Eventyrskog» skaper bry for regjeringa

Kommunalministeren erkjenner at departementet tok litt hardt i då dei viste til tre regnskog-førekomstar i Bremanger kommune. Sveinung Rotevatn (V) svarte at det var «oppsiktsvekkande» at departementet visste at dei tre skogane ikkje var samanliknbare, men likevel gjorde nettopp det – samanlikna dei.

– Det er fullstendig uakseptabelt

Geir Gaarder er ansvarleg for miljørapporten som identifiserer éin kystregnskog i Bremanger.

– Det verkar som om regjeringa nyttar frivillig vern av to andre lokalitetar som eit argument for å godta tap av den aktuelle regnskogen. Reint metodisk er denne forma for kompenserande tiltak diskutabel, seier han.

– I det minste burde dette vore juridisk greidd ut.

Anne Sverdrup-Thygeson

– Kystregnskogane på Vestlandet er unike og verdifulle, og Noreg har eit heilt spesielt ansvar for å ta vare på dei, seier Anne Sverdrup-Thygeson.

Foto: Mikkel Soya Bølstad

Det er fullstendig uakseptabelt å øydelegge denne kystregnskogen, seier Anne Sverdrup-Thygeson.

Ho er professor i bevaringsbiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), og vann i fjor Akademikerprisen for boka «Skogen».

Sjå fleire reaksjonar på «skog-glippen» under.

Une Aina Bastholm under pressekonferanse i Stortinget. Regjeringspartia er blitt samde med SV, MDG og KrF, og holder holder pressekonferanse om havvindsatsinga på Sørlige Nordsjø II i vandrehallen på Stortinget.
Lise Åserud / NTB

Une Bastholm, MDG

– Dette er klassisk eksempel på at ønska til utbyggarane blir prioritert høgare enn sjølv den aller rikaste naturen. At avgjerda i tillegg er tatt på feil grunnlag gjer det heile enda meir alvorleg. Her har ein gitt grønt lys til å bygge ned eit område med boreal regnskog utan å vite at det var det siste området i sitt slag i heile i kommunen. Sande må openbert skjerpe rutinane sine.

Frode Pleym
ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Frode Pleym, Greenpeace

– Eg blir så opprørt av denne saka! Det finst knapt kystregnskog igjen i Noreg, og på verdsbasis er naturtypen unik. Det er utilgiveleg å øydelegge dei små restane vi har igjen. Noreg kjempar for at fattige land skal verne skogen sin og artane sine. Men kva truverd har vi, kanskje det rikaste landet i verda, for å krevje av andre det vi ikkje gidd å gjere sjølv?

Sverre Lundemo, seniorrådgivar naturmangfald i WWF Noreg
Geir Barstein

Sverre Lundemo, seniorrådgivar i WWF

– Det er svært uheldig at dei øydelegg den einaste lokaliteten av denne trua naturtypen i kommunen. Det hjelper ikkje at det er sett i gang ein verneprosess for to område som har litt liknande livsmiljø, men som består av andre naturtypar. Denne saka er eit godt eksempel på at vi mistar verdifulle skogar jamt og trutt – det bidrar til at skog er det økosystemet med dårlegast tilstand i Noreg.

Trond Lødøen, Universitetsmuseet i Bergen
Julie Haugen

Trond Lødøen, avdeling for kulturhistorie ved UiB

– Dette er oppsiktsvekkande. KDD har basert saksutgreiinga på feilaktige opplysningar frå Bremanger kommune utan å kvalitetssikre desse med Statsforvaltaren i Vestland. Det er dessutan grotesk for det norske demokratiet at fagkompetansen (hos Riksantikvaren, Statsforvaltaren og Universitetet i Bergen) for natur- og kulturminneverdiar er heilt tilsidesette.

Steinulf Hoel
Grete Thobroe / NRK

Steinulf Hoel, seksjonsleiar i Miljødirektoratet

– Vår oppfordring i denne saka kjem fram av vår tilråding til klima- og miljødepartementet. At Kommunal- og distriktsdepartementet har komme til ein annan konklusjon tar vi til orientering.

Christian Steel, Sabima-leiar
Sabima

Christian Steel, Sabima

- Det er skakande å ofre så verdifull og trua natur som kystregnskog for dette steinbrotet. Noreg er det europeiske landet med mest regnskog, og har derfor eit spesielt ansvar for å bevare han. Denne naturen kjem aldri tilbake og kan ikkje erstattast andre stader.

Morten Wedege

Morten Wedege, forbundsleiar i Naturviterne

– Det er ei stor utfordring ved det lokale sjølvstyret at eit naturinngrep lokalt kan verke akseptabelt. Der er først når vi ser det totale naturtapet i sum at totalbelastninga på økosystema kjem fram. Viss næringsinteresser over tid alltid blir vegen tyngre enn dei naturfaglege vurderingane, undergrev det moglegheita forvaltninga har til å vareta allmenne natur- og friluftsinteresser.

Geir Gaarder
Naturviterne

Geir Gaarder, rådgjevar i Miljøfaglig Utredning AS

– Eg set sjølvsagt pris på at kartleggingane våre blir brukte aktivt av myndigheitene, men dagens rettleiing som blir gitt av myndigheitene på feltet er frustrerande vage og ufullstendige. Viss det ikkje ligg føre ryddige, klare og solide retningslinjer for å samanlikne naturtypar og kva som er tilstrekkeleg kompensasjon, så har vi eit forvaltningsproblem.

Gunnar Austrheim
NTNU / Åge Hojem

Gunnar Austrheim, professor i bevaringsbiologi ved NTNU

– Problemet er at inngrepssaker i verdifull natur kjem på løpande band, mens arbeidet med å sikre biomangfald og naturfondet i skog og andre naturtypar går veldig sakte. Dei fuktige blandingsskogane i Bremanger med ei blanding av sørlege lauvtre og barskog som vi finn langs kysten på Vestlandet er openbert spesielle i Noreg og enda meir i europeisk og global samanheng.

NRK har vore i kontakt med departementet som seier at dei «ikkje har noko å legge til» utover det som vart sagt frå talarstolen i Stortinget.

NRK har også vore i kontakt med Bremanger kommune, som først opplyste at det var tre regnskog-førekomstar. Sjå forklaringa deira under.

Tapt natur mens du har lest denne saken:
0m2

Les også Utlandet reagerer på norske naturvedtak

vingen helleristningsfelt