Den lange kystlinja gir Noreg eit unikt høve til meir miljøvennleg transport langs sjøvegen.
Det har norske styresmakter sagt på heile 2000-talet.
I den verkelege verda blir mesteparten av godset frå Europa lessa av i hovudstadsområdet, og frakta over fjellet med trailerar.
Vidare er den historiske tendensen at veg har styrkt seg på kostnad av sjø og bane.
Tal frå Bergen hamn viser at det i dag kjem ti gonger så mykje gods til bergensregionen via asfaltvegen som via sjøvegen.
– Dette er eit av dei viktigaste infrastrukturspørsmåla i vår tid, seier Michal Forland, direktør Bergen Havn.
I 2016 vedtok Stortinget eit mål om at 30 prosent av vegtransporten som går over 30 mil skal overførast til sjø og bane innan 2030. Riksrevisjonen rapporterte om manglande oppfølging av Stortingets mål allereie i 2018.
Foto: NTB– Vegnettet er ikkje bygd for dette
Prognosar frå Statens vegvesen viser at transportbehovet aukar fram mot 2050, og at 70 prosent av veksten vil komme på lastebil.
Vegnettet er ikkje bygd for dette, slår Vegvesenet fast i ei ny utgreiing.
For å avlaste vegane tek dei til orde for meir transport via sjøvegen.
Det same seier tidlegare miljøvernminister og no sjøfartsdirektør, Knut Arild Hareide.
– Sjøtransporten bør spele ei endå større rolle dersom vi skal nå klima- og miljømåla, seier han.
Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide viser til forsøk med sjødronar som bidreg til å frakte konteinarar og lastetraller på utsleppsfrie skip i staden for på lastebil. – Dette viser at sjøvegen kan erstatte mykje av gods på veg.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKEin ny rapport frå DNV seier at klimagassutsleppa kan reduserast med opp mot 80 prosent om fleire trailerar blir erstatta med skip.
For smelteverksindustrien på Vestlandet går det meste av godstransporten på sjø, medan landbruksvarer går på bil.
Den store eksportnæringa, fersk laks, vert stort sett «skipa» i all hast med bil til flyplassen.
– Det er lett å slutta seg til behovet for å flytta meir gods frå veg til sjø og bane, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).
Han legg til at det fort blir med fagre ord om ambisjonen ikkje blir supplert med «store statlege omstillingsbidrag».
– Gods finn alltid billegaste og raskaste veg. Skal meir gå frå bil til båt, så må det vera kostnadseffektivt og raskt. Så langt er dei statlege løyvingane for svake til å driva det grøne skiftet gjennom, seier han.
– Frakt som skal til Vestlandet må til Vestlandet
I juni gjekk startskotet for NHO LT Sjø og Havn, eit felles initiativ for å fremje sjøtransporten.
Eit tilsvarande prosjekt er Logistikk 2030, som vart skipet i 2020. På sikt skal studien bidra til «meir sjøbasert logistikk» mellom Europa og norskekysten.
Narvø Mjøs er direktør i Grønt Skipsfartsprogram (GSP), som står bak prosjektet.
– I dag går altfor mykje via Oslo. Det enkle svaret er: Frakt som skal til Vestlandet må til Vestlandet – ikkje til Austlandet, seier han.
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.
Mjøs legg til:
– Overføring av transport frå veg til sjø vil dessutan gi grunnlag for ei etterlengta flåtefornying og leggje forholda til rette for grøne skip.
Med tilvising til den siste rapporten frå Miljødirektoratet – Klimatiltak i Noreg mot 2030 – kallar han det «ein no-brainer» at meir last må flyttast frå veg til sjø.
Fleire av Noregs største vareeigarar deltek i prosjektet, blant desse Ekornes som kvar veke sender frå seg 50–60 konteinarar frå fabrikklokala på Sunnmøre. 70 prosent av dei via sjøvegen.
– Hos oss er første tanke: På kva måte kan vi bruke sjøtransport når vi skal frakte møblar frå Sykkylven, seier logistikkdirektør i selskapet, Jan Robert Lyngvær.
I dag går det meste av det som blir importert til Noreg vegen om Austlandet, uavhengig av sluttdestinasjon. På bilete: Drammen hamn.
Foto: NTB– Ulempa er at det tek lengre tid
Asko, som «forsyner Noreg med mat», har mål om null i utslepp innanfor distribusjon innan utgangen av 2026.
– Ulempa for sjøtransporten er at det tek lengre tid, og at ferskvarer med kort haldbarheit ikkje eignar seg, men det er tilstrekkeleg med anna gods som kan ta sjøvegen i staden for landevegen, seier kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland.
Ho seier dei arbeider med å flytte meir gods frå veg til bane og sjø, men at politiske mål må følgjast opp av konkrete handlingsplanar og tiltak i Nasjonal transportplan (NTP).
Sist veke varsla regjeringa at ho gir 37 millionar kroner i tilskot til seks nye hamneprosjekt, frå Kristiansand Havn i sør til Tromsø Havn i nord.
– Regjeringa vil ha meir kystutvikling og sjøtransport. Her kan staten bidra til at vi får realisert gode prosjekt i hamnene som gjer logistikken betre, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Foto: NTBDirektør i Norske hamner, Kjell-Olav Gammelsæter, trur sjøtransporten «står framfor ein renessanse».
– Ein viktig grunn til at det ikkje går raskare er at det gjennom fleire år er lagt til rette for lastebilen på kostnad av sjøtransporten, seier han.
No ser han tendensar til at det kan snu:
– Dels på grunn av slitasje på vegane, og dels fordi teknologien vil leggje til rette for det. Eit tredje poeng er at det å investere i sjøtransporten er mykje billigare enn å investere i veg og bane.
Norskregistrerte lastebilar frakta 261,1 millionar tonn gods innanlands i 2021, 9,3 prosent meir enn i 2020.
– Sjøvegen er eit miljømessig kinderegg. Ein velutvikla norsk godsmarknad på sjø gir lågare utslepp frå transport og stimulerer samtidig til utvikling av grøn norsk skipsteknologi og verdiskaping, seier Jørn Askvik i Shortsea Promotion.
Vegtransport og innanlands luft- og skipsfart står for omtrent ein tredel av klimautsleppa i Noreg. Transportsektoren står for godt over halvparten av utsleppa frå ikkje-kvotepliktig sektor.
– Ein rask overgang frå veg til sjø krev store statlege omstillingsbidrag spesielt på grøn teknologi som erstattar fossilt drivstoff. Så langt er dei statlege løyvingane for svake til å driva det grøne skiftet kraftfullt gjennom seier i Jon Askeland.
– Dagens fraktmønster og den generelle infrastrukturen legg i stor grad vekt på vegtransport og bruk av trailerar, seier Narve Mjøs, direktør i Grønt Skipsfartsprogram.
– Sjøtransporten speler ei viktig rolle i godstransporten i dag, og bør spele ei endå større rolle i framtida dersom vi skal nå klima- og miljømåla, Knut Arild Hareide, direktør for Sjøfartsdirektoratet.
I 2016 vedtok Stortinget eit mål om at 30 prosent av vegtransporten som går over 30 mil skal overførast til sjø og bane innan 2030. Ein rapport frå Menon Economics peikar på at det har vore «liten eller inga godsoverføring» frå veg til sjø sidan måle
Undersøkingar frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at om lag 90 prosent av slitasjen på norske vegar kjem frå lastebilen.