– Kommunestyrerepresentantane har ein rett til å sjå rapporten for å kunne gjere nødvendige vedtak som politikarar, medan rapporten har stor offentleg interesse for lokalbefolkninga, seier Elin Floberghagen som meiner saka i Sogndal er svært spesiell.
Avisredaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis er både irritert og bekymra over avgjerda.
– Dette handlar om korleis denne barnevernstenesta er driven. Det er klart at det er i ålmenta si interesse å få innsyn i det.
Barnevernet i Sogn er eit samarbeid mellom kommunane, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Luster. Dei har fått kritikk frå fleire hald, og difor valde kommunestyret i Sogndal å bestille ei utgreiing av arbeidet barnevernet har gjort.
– Det er heilt horribelt at vi ikkje får innsyn. At ikkje ein gong politikarane som har betalt for rapporten får innsyn, er veldig spesielt. Hadde eg vore lokalpolitikar hadde eg følt på mistillit frå kommuneleiinga, seier Fardal.
Veit at rapporten er kritisk
Sjølv om redaktøren ikkje har sett rapporten, har det kome fram at den inneheld fleire punkt med kritikk mot korleis det interkommunale barnevernet er organisert og drive.
Då tykkjer Fardal det er gale at rapporten blir haldt hemmeleg.
– Sjølvsagt skjønar eg at det er ein del ting i denne rapporten som ikkje kan kome ut offentleg, men då må ein jo fjerna dei tinga frå rapporten. Det er fullt mogleg å innfri begge omsyn her.
Sogn Avis har brukt mykje ressursar på denne saka over lang tid, og har ikkje tenkt å gje seg på avslaget.
– Dette er ei sak vi har dekka i over eitt år, og det var jo eigentleg vi som byrja å rote litt i desse forholda. Det er ei sak vi har brukt store ressursar på, og vi kjem til å klage på avslaget om innsyn, seier Fardal.
Han legg til at han også har drøfta saka med redaktørforeininga.
– Dei seier at dei nesten ikkje har høyrt om noko liknande.
Ordføraren står på sitt
Ap-ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal har lagt teieplikta og personvernet til grunn når han har nekta innsyn. Han står på sitt.
– Eg har bede om juridiske råd på korleis rapporten korrekt skal handsamast vidare. Dei er tydelege på at rapporten må unnatakast offentleg innsyn.
– Ein kan ikkje gje ut ein rapport der alt er sladda, men så mange teiepliktige opplysningar er eg overtydd om at det ikkje ligg i denne rapporten, seier Floberghagen.