Hopp til innhold

RAPPORT: – Gjorde ikkje nok for å løyse arbeidsmiljøproblema

SOGNDAL (NRK): Sogndal kommune må tole ein god del kritikk for måten dei har handtert arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern på.

Ståle Einarsen (t.v.) og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene

GRANSKARANE: Ståle Einarsen (t.v.) og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene AS la fram sin rapport i Sogndal kommunestyre.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I dag la Arbeidsmiljøspesialistene AS fram rapporten om arbeidsmiljøet i Sogn barnevern for kontrollutvalet og kommunestyret i Sogndal.

– Vi har kritiske merknader til ganske mange, seier den eine av granskarane Harald Pedersen til NRK.

Mykje turbulens

Det har vore mykje turbulens i Sogn barnevern sidan det vart oppretta i 2008. Spesielt arbeidsmiljøet har vore gjenstand for mykje av turbulensen. I vår la Sogndal kommune fram ein eigen rapport, der dei konkluderte med at arbeidet med å betra arbeidsmiljøet hadde lukkast.

– Kommunen har ikkje gjort nok

Pedersen vil ikkje nemne einskildpersonar, men at Sogndal kommune er ein av dei granskarane er kritiske til, legg han ikkje skjul på.

– Viss ein ikkje går inn og følgjer arbeidsmiljølova sitt system på skikkeleg vis, og saksbehandlar påstandar om trakassering og arbeidsmiljøproblem, så får ein aldri sett ein fot i bakken og analysert situasjonen. Er det brot på arbeidsmiljølova eller er det belastningar ein må tole? Dette må gjerast først, før ein set i verk tiltak for at ein skal klare å kome seg vidare. Viss ein ikkje går inn og undersøker, vert påstandar hengande i lufta og då vil ting stadig blusse opp, seier han til NRK.

Pedersen meiner kommune burde gjort meir.

– Dei har teke grep for å prøve å løyse opp, men dei har etter vår meining ikkje gått tilstrekkeleg inn i arbeidsmiljøproblema og undersøkt påstandar om til dømes trakassering.

Fleire tusen sider

Arbeidsmiljøspesialistene har gjennomført 54 intervju mellom mai og august, og sett seg inn i tusenvis av dokument. Granskarane Ståle Einarsen og Harald Pedersen fortalde til politikarane at få, verken leiarar, tilsette, tredjepartar eller arbeidsgjevar, går klar av kritikken i rapporten.

– Sogndal kommune har dytta og flytta på problema, i staden for å gå inn i problemet og analysera det, og så bestemma kva som bør vera løysinga, sa Pedersen og Einarsen då dei presenterte rapporten.

– Eit problem har vore manglande kontinuitet på leiarsida. Leiarar kjem og går, nokre sluttar og nokre blir sjukemelde. I seg sjølv er det eit problem, då du får problem med at ulike leiarar har ulike måtar å gjera ting på og ulike sympatiar. Då blir det manglande kontinuitet, som igjen blir eit problem i neste omgang, sa dei.

Dei fortalde også at dei har funne brot på arbeidsmiljølova.

Hovudverneombodet: – Tydeleg signal

Frank Nymark, hovudverneombod i Sogndal kommune, kommenterer kritikken slik:

– Det er jo litt spark i alle retningar. Men dei må jo vere forsiktige når dei presenterer ein slik rapport i full offentlegheit. Eg skjønar at dei ikkje kan ta med alt. Men eg reknar med at det ligg meir i rapporten enn kva som kom fram i dag.

Har leiinga i Sogndal kommune handtert denne saka godt nok?

– Det er kanskje det tydelegaste signalet som kjem; at dei ikkje har gjort det fullt ut.

Rådmannen: – Mykje interessant å lære her

Rådmann Jostein Aanestad tok ordet etter Einarsen og Pedersen.

Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad

TOPPLEIINGA I KOMMUNEN: Ordførar Jarle Aarvoll (t.v.) og rådmann Jostein Aanestad. (arkivbilete)

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er mange interessante lærepunkt her, og me skal granska det grundig. Eg har sagt det før, og seier det att: det har alltid vore, og vil framleis vera, det viktigaste at me yter tenestene. Og no yter me gode tenester. Den vidare behandlinga av denne saka må ikkje påverka det at me no yter gode tenester, sa Aanestad.

Forsiktig ordførar

Også ordførar Jarle Aarvoll er også vag då NRK ber om kommentar til konklusjonane. Han viser til at det er kontrollutvalet som no skal behandle rapporten og kome med ei tilråding til kommunestyret. Han poengterer også at det er viktig at ein tek seg god tid i det vidare arbeidet.

– Eg håpar det vil vere gode læringspunkt, slik at vi unngår å kome i ein liknande situasjon seinare. No må vi gå grundig inn i rapporten og analysere kva som er problema og kva som er årsakene, og så må vi finne løysingar, seier ordføraren.

Frp: – Nokon skal ha kritikk

Rita Navarsete, gruppeleiar for Framstegspartiet, vart heller ikkje så mykje klokare av dagens presentasjon.

– Vi sit at litt spørjande. Presentasjonen var veldig overordna. Eg hadde trudd den ville gått litt djupare.

No ventar ho på behandlinga i kontrollutvalet. Men Navarsete er tydeleg på at saka må få etterspel.

– Denne saka her har ikkje vore heilt god. At nokon skal ha kritikk i denne saka, er heilt klinkande klart. Ei slik handsaming av ei sak er ikkje bra.

– Kven skal ha kritikken?

– Det får vi sjå når vi har lese rapporten. Vi har sjølvsagt våre meiningar alle, men spekulasjonar får vi halde oss for gode til å kome med. Men nokon kjem til å få kritikk.