Hopp til innhold

Håpar utryddingstruga mose stoppar gigantplan, men fryktar kommunane blir lokka av meir pengar

Fleire titals raudlista artar er funne der eit av Europas største vindkraftanlegg er planlagt. Motstandarane fryktar ny energimelding vil få kommunane til å snu.

Torbjørn Høitomt (foran) på kne, feltundersøking av raudlista mose, karplanter og sopp i Stølsheimen og Matrefjella

LEITING: Torbjørn Høitomt (fremst) ligg på kne og studerer raudlista mose i Stølsheimen/Matrefjella.

Foto: Gunvar Mikkelsen / FNF Hordaland

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei færraste har nok høyrd om jøkulfrostmose eller fjellhutremose. Men slike moseartar kan no bidra til å stoppa gigantiske vindkraftplanar sør for Sognefjorden.

For to nye rapportar påviser totalt 41 raudlista planter, fuglar og naturtypar i Stølsheimen og Matrefjella sør for Sognefjorden.

På fjelltoppane der ønsker Norsk Vind å bygga eit nett av store vegar og 200–250 enorme vindturbinar. Prosjekt «Hordavind» kan bli eit av Europas aller største og produsera 5,4 TWh.

Norsk Vind Energis plan for Stølsheimen og Nordhordland

Kart over Norsk Vind sine planar for «Hordavind»-prosjektet.

Foto: Skjermdump

Rett nok har kommunane Masfjorden, Modalen og Alver sagt nei til utbygginga. Norsk Vind seier selskapet derfor har lagt planane på vent.

Men førre veke fekk regjeringa overlevert den nye energimeldinga, kalla «Meir av alt – raskare».

Energikommisjonen peikar på at betre lokal økonomisk kompensasjon kan auka den lokale velviljen til vindkraftutbygging på land.

– Dagens planlagde utbyggingar er av avgrensa storleik. Skal me sikra kraftoverskot i framtida, må me ha eit taktskifte, sa kommisjonsleiar Lars Sørgard under framlegginga.

Sigdfrostmose i Stølsheimen og Matrefjella

Sigdfrostmose er blant artane som vart funne i fjellområda. Mosearten har status som «nær truga» i raudlista.

Foto: Gunvar Mikkelsen / FNF Hordaland

Meir pengar som lokkemat

Forum for natur og friluftsliv (FNF) Hordaland fryktar at Norsk Vind vil tilby kommunane betre økonomisk kompensasjon og klara å freista lokalpolitikarane til å snu.

– Me er litt redde for at kommunestyra etter kvart kanskje blir lokka med meir pengar. Ein veit liksom aldri kva kommunane kjem til å bestemma seg for. Me ynskjer å vera litt proaktive, seier dagleg leiar Gunvar Mikkelsen i FNF Hordaland.

Derfor leigde FNF i fjor inn konsulentselskapa NNI og Biofokus for å kartleggja områda der vindkraftanlegget Hordavind er planlagt.

No er resultata av feltundersøkingane klare. Konsulentane fann

  • 30 raudlista artar mose og karplanter
  • 5 raudlista fugleartar
  • 6 raudlista naturtypar.
  • 11 fugleartar som Noreg har eit særskilt forvaltningsansvar for, såkalla «ansvarsartar». Grunnen er at over 25 prosent av desse bestandane hekkar her i landet.

NNI omtalar funna av ansvarsartane som «kanskje viktigare i eit større perspektiv» enn funna av dei raudlista fugleartane.

– Enormt mykje raudlista mose

Mosespesialist og økolog Torbjørn Høitomt i Biofokus var i sommar med på å registrera artar i desse fjella.

– I mange norske fjellområde finn ein raudlista artar spreidde her og der. Men i Stølsheimen er det enorme mengder, seier han.

Høitomt er fagleg begeistra for det dei fann.

– I Stølsheimen går ein nærmast og vassar i svære teppe av raudlista mose.

Torbjørn Høitomt, Biofokus

FNF meiner dei nye resultata må få konsekvensar for planane.

– Det viktigaste me har fått presentert er at det er store populasjonar av raudlista artar, spesielt moseartar, og raudlista naturtypar. Det er populasjonar som dekker store areal, seier Mikkelsen.

«Hordavind»-planen er altså førebels lagt på is, og «iskalde og værbitne» moseartar som jøkulfrostmose eller fjellhutremose kan bli argument for å stoppa utbygginga for godt.

Feltundersøking av raudlista mose, karplanter og sopp i Stølsheimen og Matrefjella

Biofokus fann 24 raudlista moseartar, 6 raudlista artar karplanter og 6 raudlista naturtypar.

Foto: Gunvar Mikkelsen / FNF Hordaland

– Naturen brytast opp

Dei to selskapa slår fast at vindkraftutbygginga «Hordavind» vil føra til nye tekniske inngrep over eit stort areal.

NNI, som har sett på fuglane i området, skriv i sin rapport: «Om slik fjellnatur skal belastes med nye, store inngrep, som det meldte vindkraftverk, må det gjøres en særs grundig vurdering før avgjørelser tas».

Anleggsveier og vindturbiner vil berøre store områder, som vil føre til at den intakte fjellnaturen brytes opp.

Rapport fra Biofokus

Norsk Vind har på si side tidlegare avvist at naturen i området er «intakt», fordi området har hatt «massiv» vasskraftutbygging i mange tiår.

Selskapet har understreka at sjølve vegane og turbinane berre vil røra ved 2–3 prosent av det totale arealet til vindkraftverket.

Dagleg leiar Gunvar Mikkelsen i Forum for natur og friluftsliv (FNF) Hordaland.

FNF Hordaland har no fått kartlagt raudlista natur sjølv om utbyggingsplanane i Stølsheimen er lagde på is. – Me vil vera proaktive, seier dagleg leiar Gunvar Mikkelsen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ikkje bestillingsverk

FNF finansierte rapportane, men Finsefondet bidrog med 210.000 av totalkostnaden på 350.000 kroner.

Er rapportane eit bestillingsverk, sidan det er de som betalar dei?

Nei, dette er jo fagbiologar som tar alle moglege oppdrag. Dei har sin faglege integritet. Eg vil ikkje kalla det eit bestillingsverk, seier Mikkelsen.

Dei to rapportforfattarane understrekar at dei også lagar rapportar for utbyggarar.

– Uansett kven me hadde gjort dette oppdraget for, så hadde rapporten vore lik, seier Håland i NNI.

– Me jobbar for alle. Denne gongen var det FNF. Me leverer kunnskap, alltid, seier Høitomt i Biofokus.

Resultata me har fått her viser jo utan tvil raudlista natur og artar som faktisk er i området. Det er uavhengig av kven som har finansiert undersøkingane, legg Mikkelsen til.

Arnold Håland, NNI

Arnold Håland og NNI fann fem raudlista fugleartar og elleve artar som Noreg har spesielt forvaltningsansvar for i Europa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK