Hopp til innhold

Drivstoffprisane gjer at rånarane let bilen stå

Bilkøyring har blitt dyrt for mange unge. – Det blir at eg heller sit heime, seier ung rånar.

Thea Christine Evebø frå Sandane

BEKYMRA: Thea Christine Evebø er bekymra for kva som skjer med rånemiljøet på Sandane om drivstoffprisane held seg høge.

Foto: Oddmund Haugen/NRK

– Vi kan ikkje møtast så ofte som før. Prisane har blitt så høge og vi bur jo så spreidd, fortel Thea Christine Evebø.

18-åringen er ein del av rånemiljøet på Sandane.

Vanlegvis ville rånarane brukt kveldane på å køyre rundt, men høge drivstoffprisar sett ein stoppar for det.

Evebø fortel at rånarane no let bilane stå meir i ro.

Fleire stader i landet har prisane klatra til langt opp på 20-talet. Og det er spådd at til sommaren vil bensinprisen bikke 40 kroner.

Rånarane på ein parkeringsplass i Sandane.

DYRT: Den siste tida har vore mykje stillesitting for rånarane i Sandane. Det er vanskeleg å ta seg råd til drivstoff når ein kanskje berre er skuleelev eller lærling.

Foto: Oddmund Haugen/NRK

Prisauken kjem i hovudsak som følge av høgare pris på råolje etter Russland sin invasjon av Ukraina.

Om ein ser på fjoråret, låg gjennomsnittsprisen på drivstoff på knappe 17 kroner.

Bilen som sosial arena

Skuleeleven Henrik Flo i Førde er klar på at prisauken har skapt problem for han og andre unge som er glade i bil og bilkøyring.

Når NRK møter Flo, sit han i bilen og ventar på å plukke opp ei venninne.

Før prisauken den siste månaden brukte Flo 800 kroner på å fylle tanken.

No må han ut med 1100 kroner. Då er det ikkje like freistande å dra ut.

– Så då blir eg heller heime. Og nettopp dagen eg er heime er dagen eg kunne fått ein ny bestekompis.

Ikkje lenge igjen til tanken må fyllast.

TOM TANK: Ikkje lenge igjen før bilen til Thea Christine Evebø må fyllast opp. Men det er dyrt å fylle.

Foto: Oddmund Haugen/NRK

Blir problem med 30 kroner literen

Bygdesosiolog Bjørn Egil Flø peikar på at høge drivstoffprisar treffer rånekulturen hardt fordi dei som deltar i han gjerne er unge med låg inntekt.

Om prisane held seg lågt på 20-talet literen, vil rånarane kunne tilpasse seg, trur sosiologen.

Med drivstoffprisar opp mot 30 kroner blir det problem.

– Då forsvinn rånarane ut av sentrum av bygdebyane, og dermed forsvinn den viktigaste rekrutteringsarenaen rånemiljøet har.

Har ikkje råd

På Sandane har Thea Christine Evebø og dei andre unge rånarane byrja å møtast heime hos kvarandre.

Sjølv er ho skuleelev, medan andre i miljøet er lærlingar.

– Så vi har jo minimalt med pengar å bruke på å fylle bilen, forklarar 18-åringen.

Evebø er bekymra for kva som skjer om dei unge bilistane ikkje har råd til å fylle bilen.

– Til ein viss grad kan dette bety døden for rånemiljøet her.