Alle dei rundt 280 som jobba på rådhuset i Bergen måtte på ein dags varsel flytta ut av bygget 14. september i år.
Dagen før hadde byrådet fått ein konsulentrapport som slo fast at bygget frå 1974 ikkje tilfredsstiller krava til bereevne i betongsøylene:
«Kritiske søyler må utbedres snarleg.»
- Les også:
Manglar halvparten
I fleire år har betongbitar på fasaden falle ned og armeringsjernet innanfor rusta. Dette har vore kjent, men ikkje at beresøylene truleg berre har halvparten så mykje armeringsjern som dei skal ha.
Byggeteikningane viser det skal vere åtte armeringsjern i kvar av dei 68 søylene. Truleg har søylene berre fire.
– Dette er ein alvorleg byggefeil, seier Tom Ingebrigtsen i rådgjevande ingeniørselskapet Smidt & Ingebrigtsen.
Ifølgje Ingebrigtsen har det vore kjent sidan 2012–2013 at det er for lite armering i søylene.
Fara er at det kan oppstå såkalla trykkbrot i betongsøylene på rådhuset.
– Slike brot er me konstruktørar veldig lite glade i, fordi det oppstår lite deformasjonar, og dermed lite forvarsel, før ting kollapsar.
SV: – Ingen varsku
Bergen SV har fått ein gjennomgang av ulike konsulentrapportar frå dei siste seks åra som forargar gruppeleiar Oddny Miljeteig.
– Av ein eller annan grunn har verken det sitjande Ap-byrådet eller det førre Høgre-byrådet tatt fagfolk sine grunngjevne bekymringar på alvor. Eg forstår ikkje at det ikkje blei ropt eit varsku verken etter åtvaringane i 2012 eller då dramatikken tilspissa seg i 2015.
Miljeteig seier at dei to byråda ikkje har presentert åtvaringane i tidlegare fagrapportar i klartekst for bystyret.
– Alle skjønar vel at når halvparten av armeringsjarna manglar, er det så dramatisk at det skulle det vore sagt tydeleg den gongen. Ingen av oss kan hugsa å ha sett det vektlagt.
Byråden: – Me har informert
Finans- og eigedomsbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) har det politiske ansvaret for rådhusbygget. Han seier byrådet har fått god dokumentasjon heile vegen.
– Me har gitt alt me har hatt av opplysningar, seier Ulstein, som meiner bystyret ikkje har grunn til å vera overraska.
Men Miljeteig avviser at dei har blitt halde godt orientert.
– Me fekk i grunnen ikkje den dramatiske sanninga før rådhuset plutseleg måtte tømmast i september.
Ulstein seier at det var først no i haust det vart kjent at det truleg manglar armeringsjern i heile rådhusbygget.
– Og først no meiner fagfolka bygget bryt tryggleiksforskriftene.
Heller ikkje Eiler Macody Lund (Frp) som var finansbyråd fram til 2015, kan hugse at det var snakk om for lite armeringsjern.
– Kanskje det var rapportar som gjekk til etatsdirektøren, men ikkje til meg som byråd. Det som no har kome fram om manglande jern og dårleg betong er sjokkerande.