Hopp til innhold

Pynta på farenivået etter asbestfunn for å «dempa angsten» på rådhuset

Kommunen sa verdiane for asbest var langt under grensa. Sanninga er at dei er tre gonger høgare.

Bergen rådhus

UNDER ARBEID: Tilsette i rådhuset i Bergen har flytta ut på grunn av store problem med betongkonstruksjonen på utsida og asbest på innsida.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bergen rådhus vart 17. september stengt og tømt for tilsette fordi betongsøylene i bygget er for dårlege.

No er dei mest naudsynte reparasjonane gjort, men framleis er problembygget sperra av.

Dette fordi det nyleg vart funne asbeststøv i 22 prøvar rundt omkring i bygget, mellom anna i eller ved kjøkkenet i nesten alle 13. etasjane.

– Låge verdiar

Støv frå asbestmaterialar er kreftframkallande om ein pustar inn høge konsentrasjonar over lang tid.

9. oktober fortalde kommunen for første gong at det var funne asbeststøv på rådhuset: både i lufta og på takplatene på eit kontor i 11. etasje.

– Dette er svært låge asbestkonsentrasjonar. Den tilrådde grenseverdien frå Arbeidstilsynet er 33 gonger høgare, sa assisterande kommuneoverlege Ola Jøsendal.

Også kommunaldirektør Tor Corneliussen hevda at «resultatene ikke overstiger grenseverdiane».

Det dei ikkje nemnde, var at dei ikkje samanlikna seg med det som er dei offisielle råda for inneluft. Desse kjem nemleg frå Folkehelseinstituttet, ikkje Arbeidstilsynet.

Tilsett varsla i brev

Ein kommunetilsett reagerer i ei uromelding til verneombodet sitt. NRK har fått tilgang til uromeldinga, der den tilsette meiner kommunen villeiar om grenseverdiane.

Den tilsette viser til at Arbeidstilsynet sin grenseverdi gjeld for folk som driv asbestsanering med fullt verneutstyr, ikkje for innelufta på vanlege arbeidsplassar.

«Å bruke denne verdien er derfor grovt misvisende», skriv den tilsette.

Arbeidstilsynet si grense for asbest i arbeidsmiljøet er 0,1 fiber per milliliter luft. Folkehelseinstituttet (FHI) sin norm er 0,001 fibrar.

Til NRK seier Arbeidstilsynet at dei held seg til Folkehelseinstituttet sin norm når det gjeld kontorarbeidsplassar.

– Vår grenseverdi gjeld industri-, bygg- og anleggsarbeidsplassar, seier Astrid Lund Ramstad, sjefingeniør i Arbeidstilsynet.

Flytting fra Rådhuset i Bergen

MÅTTE UT: Bergen kommune vedgår at dei fortalde om andre verdiar for ikkje å uroa dei tilsette. Her frå flyttinga i september.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Støttar kritikken

I kontoret i 11. etasje på Bergen rådhus vart det funne tre gonger høgare asbestnivå i lufta: 0,003 asbestfibrar per milliliter. Det svarar til 3000 fibrar per kubikkmeter.

Folkehelseinstituttet støttar kritikken frå den tilsette.

– Arbeidstilsynet sin grenseverdi for arbeid med asbest er ikkje relevant når det gjeld dei som jobbar fast på rådhuset. Då gjeld FHI sin anbefalte praktiske norm på 0,001 fibrar, seier toksikolog Rune Becher.

Likevel, asbestnivået som er målt i rådhuset i Bergen er truleg lite helseskadeleg, meiner Becher.

– Med nivå på 0,003 må ein gjera tiltak, sjølv om helserisikoen framleis er veldig låg. Dessutan er éi luftmåling i eitt kontor for lite til å konkludera om asbestnivået i bygget.

Ville få tilsette til å «senke skuldrene»

Kommunelege Ola Jøsendal vedgår at det er påvist meir asbest i lufta inne på Bergen rådhus enn den norma som Folkehelseinstituttet (FHI) har sett.

– Kvifor nemnde de ikkje det, men samanlikna heller med Arbeidstilsynet si grense?

– For å illustrera hovudpoenget: Det er svært låge førekomstar i rådhuset, og høgst truleg absolutt ingen helsefare.

– Var samanlikninga villeiande?

– Ein kan jo diskutera måten me prøver å dempa angsten for at det skal vera reell helsefare. Det er litt kjedeleg at nokon hausar det litt opp og kanskje tar det ut av proporsjonar. Eg håpar at når me kjem med nøktern, sakleg informasjon kan folk senka skuldrene.

Uansett skal Bergen kommune no fjerna alle asbestmaterialar i heile rådhuset, før den planlagde innvendige ombygginga startar våren 2019.