Hopp til innhold

Sel heimelaga tøymunnbind på nett – gløymer éin viktig ting

Hundrevis av annonsar for private som sel tøymunnbind, manglar merking om at dei ikkje er like gode som medisinske munnbind. Finn.no visste ikkje om reglane.

Christina Sörensen syr og sel munnbind.

HEIMESYDD: Fleire har starta med å sy eigne tøymunnbind etter koronapandemien kom til Noreg. Mange sel no også dei heimelaga tøymaskene på nett.

Foto: Privat

Christina Sörnsen starta å sy tøymunnbind allereie i mars, då samfunnet stengde ned. I det siste har symaskina i kjellaren i Sveio gått varm.

– Eg la ut eit bilde av dei fyrste tøymunnbinda på Facebook. Etter det har det kome inn bestillingar heile tida.

Etter sommarferien og all omtala av munnbind, var innboksen full av bestillingar.

Ho har annonsert på både Facebook og Finn.no. Fyrst no har ho funne informasjon om kva reglar som gjeld ved sal av ikkje-medisinske munnbind.

– Då eg starta i mars, var det ingen reglar. Dei siste dagane har eg lese meg opp på regelverket og jobbar med å merke produkta mine, seier Sörnsen.

Christina Sörnsen i Sveio syr tøymunnbind.

SYR: Christina Sörnsen er eigentleg skodespelar, men starta å sy tøymunnbind under namnet «Frøken Sörnsen» då alle førestillingar blei avlyst i mars.

Foto: Privat

Mange informerer ikkje

Tøymunnbind kan vere eit rimelegare alternativ til medisinske munnbind.

På nettstader som Finn, Tise og Epla ligg det ute fleire hundre annonsar frå privatpersonar som sel heimesydde tøymunnbind.

Regjeringa har varsla at det kjem råd om munnbindbruk 14. august, truleg med råd om munnbindbruk på kollektivtransport. Då kan trykket på heimelaga munnbind bli endå større.

Men langt frå alle har merkt annonsane med viktig informasjon: I kva grad tøymunnbinda vernar mot smitte.

Det må dei ha, fortel Sverre Limtun i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

Han seier det skal kome tydeleg fram at tøymunnbind ikkje vernar mot koronasmitte på same måte som medisinske munnbind gjer.

– Det kan stå at det kan avgrense dropespreiing, men det skal ikkje stå at det vernar mot Covid 19 og reduserer risikoen for å bli smitta, seier Limtun

Tøybind-annonser på finn.no

SAL: På finn.no ligg det fleire hundre annonsar for både tøymunnbind og medisinske munnbind ute for sal.

Foto: Skjermdump

På nettstaden sikkerhverdag.no har direktoratet samanfatta krav til dei som sel ikkje-medisinske munnbind, som tøymunnbind. Forbrukaren må få tydeleg informasjon som gjer dei i stand til å vurdere tryggleiken til produktet, skriv direktoratet.

«I praksis betyr dette at det skal følge med ei tydeleg åtvaring om at produktet ikkje beskyttar deg mot nokon risiko, og at produktet berre er meint til privat bruk.»

– Når ein vel å produsere slike munnbind, må ein vere klar over at den informasjonen må ut til forbrukaren, slik at ein ikkje skaper ein falsk tryggleik, seier Limtun, som er utgreiingsleiar i DSB.

Ber brukarane undersøke sjølv

Finn.no var ikkje kjend med at det blir stilt konkrete krav til sal av munnbind frå privatpersonar til privatpersonar.

– Vi har per i dag ingen ekstra kontroll på om annonsar for munnbind som blir selde på FINN tilfredsstiller konkrete krav, skriv Geir Petter Gjefsen, leiar for forbrukartryggleik i selskapet.

Finn.no seier dei vil følgje med på tilrådingar frå Folkehelseinstituttet.

– Generelt sett kan eg seie at vi oppmodar vi alle våre brukarar, både når det gjeld munnbind og elles, å gjere undersøkingar rundt det som blir seld.

Tise seier dei har sett ei auke i sal av munnbind laga av tøy over sommaren, og meiner det er bra med alternativ til eingongsmunnbind.

– Men det aller viktigaste i desse dagar er smittevern. Vi ber alle brukarar om å vere oppdaterte på retningslinene til Folkehelseinstituttet til kvar tid, seier Victoria Hauk, marknadssjef i Tise.

Tøymunnbind-annsonser på Tise.

TREND: Fleire har sel heimeproduserte munnbind på nett. Her frå appen Tise.

Foto: Skjermdump

Ikkje til medisinsk bruk

Medisinske munnbind blir produsert til bruk i helsetenesta og har klare standardar, men det er, ifølgje Folkehelseinstituttet, ukjent kor mykje ulike tøymunnbind vernar mot smitte.

Christina Sörnsen i Sveio seier hennar kundar er opptekne av kor trygge tøymunnbinda er, og at ho gir dei informasjon om kva munnbinda hennar vernar mot og ikkje.

Ho synest det er bra at det kjem tydelege reglar, både for sjølve munnbinda og korleis dei skal merkast.

– Det er bra med retningsliner for produksjonen, slik at dei blir sydde ordentleg og reduserer dropesmitte. Det og merking av produkta er ein tryggleik både for dei som skal kjøpe og for oss som sel munnbind.

Christina Sörnsen syr tøymunnbind for sal

PRIVAT BRUK: Munnbinda Christina Sörnsen syr, er meint til bruk av privatpersonar og ikkje i helsevesenet.

Foto: Privat