Hopp til innhold

Ny sykkelveg til 920 millionar opnar nye delar av byen for syklistar

BERGEN (NRK): Gamal jernbanetunnel frå 1913 får nytt bruksområde på den 4,3 kilometer lange sykkelvegen midt i tettbygde Bergen.

For tida skjer det ei storstilt utbygging av kollektivsystemet i Bergen.

Bybanen skal nå ut til nye bydelar, og samstundes opnar fleire kilometer med nye sykkelvegar.

Midt i folkerike Kronstad og Møllendal skjer eit av dei største løfta.

Her skal ein over hundre år gamal jernbanetunnel bane nye vegar for syklistar og gåande

– Dette er ein gamal draum. I 20 år har eg høyrt snakk om å bruka denne jernbanetunnelen til sykkelveg. Det er fantastisk å sjå at det no blir ein realitet, seier sykkelsjef i Bergen, Einar Grieg.

Her skal gåande og syklande gjennom ein tunnel som blir dobbelt som brei som før og det blir lys og kameraovervaking.

Slik ser skissa for den nye tunnelen ut:

Illustrasjon av sykkeltunnelen gjennom Kronstadtunnelen sett fra Møllendal
Kronstadtunnelen sett fra Møllendalssiden

Norsk jernbanemuseum/Multiconsult

Foto: Norsk jernbanemuseum/Multiconsult

Over hundre år gamal

Jernbanetunnelen mellom Kronstad og Møllendal blei tatt i bruk i 1913. Då blei Bergensbanen flytta frå vest- til austsida av Store Lungegårdsvann.

I 1964 kom Ulrikstunnelen og i løpet av få år forsvann togtrafikken i tunnelen. I moderne tid har tunnelen likevel blitt nytta til å godstransport, sist i oktober i 2019.

Då bybanetraseen forbi Haukeland universitetssjukehus skulle veljast, tok fleire til orde for at Bybanen kunne gå gjennom den eksisterande tunnelen under Kronstad.

Men planane blei avviste. I staden blei det bestemt at tunnelen skulle overlatast til syklistar og gåande.

Men det blir ikkje billig. Prislappen for at mjuke trafikantar kan få overta det gamle jernbanesporet er på heile 922 millionar kroner (sjå faktaboks).

– Dette er teknisk krevjande. Me er tett på den tunnelen me held på å bygga for bybanesporet. På den andre sida av tunnelen har me ein gravplass å omsyn til, og det er tett busetnad rett over taket på oss, seier byggeleiar Catrine Hatlenes i Bybanen Utbygging.

Sykkelsjef Einar Grieg foran den gamle jernbanetunnelen på Kronstad skal bli sykkeltunnel
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Skal dobla tunnelløpet

Bygging av tunnelen starta allereie i 1907. Arbeidet resulterte i fleire prektige steinhvelvsbruer og -portalar som i dag er verneverdige.

Det gjer arbeidet meir komplisert. Spesielt når tverrsnittet i tunnelen skal doblast for å gjera plass til åtte meter brei sykkel- og gangtrasé. .

– Me skal gjera om ein lang, trong og mørk jernbanetunnel til ein innbydande og flott gang- og sykkeltunnel. Det krev ein del tilpassingar og justeringar, seier prosjekteringsleiar Daniel Frantzen.

Vegg i vegg skjer det arbeidet med å driva den 1400 meter lange bybanetunnelen under Haukeland universitetssjukehus.

For å ta vare på den originale tunnelmunninga i Møllendal skal det byggast ein 40 meter lang lausmassetunnel og etablerast ein eigen portal for gåande – ved sidan av den noverande.

– Tverrsnittet skal nær doblast. Tunnelen skal ha lys og kameraovervaking. Det skal følast trygt for alle som skal ferdast gjennom her.

Bybanen utbygging og sykkelsjef Einar Grieg på befaring i Kronstadtunnelen i Bergen

STØRRE: Den gamle tunnelen under Kronstad skal bli breiare.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Må sprenga ny tunnel for jernbanen

Sykkelveg gjennom Kronstadtunnelen har blitt løfta fram som ei rimeleg og enkel løysing.

Men det er langt meir enn asfalt og lys i taket som må på plass.

For at Bane Nor skulle avstå Kronstadsporet i utgangspunktet, må Bybanen Utbygging sprenga ein 60 meter lang tunnel for eit uttrekksspor under Møllendalsveien (sjå faktaboks).

Årsaka er at Bane Nor framleis treng sporet til å snu lange godstog. Fram til spørsmålet om ny godsterminal i Bergen er avgjort, treng dei dermed tunnelen som er planlagt under Møllendalsveien.

I tillegg til prosjekta ved Kronstadtunnelen, kjem kostnadene med gang- og sykkelbru i Fløen og sykkelvegen over Mindemyren.

Dermed blir totalprisen for knappe fire kilometer med gang- og sykkelveg på 922 millionar kroner.

Kronstadtunnelen i perioden etter bygging i 1913
Foto: Norsk jernbanemuseum
Tunnelen gjennom Kronstadhøyden

GODSTRAFIKK: I oktober i fjor gjekk det siste godstoget på Kronstadsporet. Men Bane Nor har kravd å få behalda deler av sporet, for å kunna snu lange godstog. Difor skal det sprengast eit uttrekksspor som svingar inn i fjellet til venstre, i forkant av biletet.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK