To vogntog og ein personbil hamna i ei dramatisk ulykke på glatta i Sogndal kommune. No vil eit av transportselskapa melde Statens vegvesen til politiet.
– Dette kunne fort blitt ei alvorleg ulykke, seier Arne Slinde Ahlin.
Han er dagleg leiar for Slinde transport, som eig eit av vogntoga som kolliderte på den såpeglatte vegen.
Vegen vart salta nokre timar før ulykka, men den blei ikkje strødd med grus.
I nattetimane hadde regnet vaska vekk mykje av saltet og då temperaturen kom under frysepunktet blei asfalten dekka av is.
Då transportsjefen kom fram til ulykkesplassen sleit han med å halde seg på beina.
No vil han melde Vegvesenet til politiet for å ikkje ha strødd vegen etter forholda.



Kontrollerte kort tid før
Få timar før hadde entreprenøren vore på staden, salta og kontrollert forholda.
– Då var det berr og isfri veg, fortel Svenn-Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Men i ei periode på ein halvtime hadde vêret skifta og temperaturen gjekk under null grader.
– Det var i den halvtimen at ulykka skjedde, seier Finden.
Finden vil ikkje kommentere at køyreforholda kjem på politiet sitt bord.
Utfordringar over heile landet
– Vi hatt masse utfordringar i år, fortel Kjell Olavsrud, marknadsdirektør i Noregs Lastebileier-Forbund.
Han får meldingar frå sjåførar i heile landet som slit med dårleg vintervedlikehald langs vegen, men seier det er sjeldan at nokon tek skrittet og politimelder Statens vegvesen.
At det er for lite salta og strødd er ein gjengangar. Olavsrud meiner at det ikkje er entreprenørane sin feil, men heller ein systemfeil.
– Det handlar om økonomi, dei som er ute og brøyter har for dårlege vilkår og kontraktane er for dårlege, meiner han.
Han vil ha mindre kontraktar slik at entreprenørane får kortare avstandar å jobbe med.