Hopp til innhold
Fylkestinget i Hordaland
Foto: Sølve Rydland / NRK

Politikk i Hordaland

Oppsummert

Her får du det siste om fylkestinget og det som rører seg rundt politikken i Hordaland.

  • Hordaland Sp har kandidatane klare

    Senterpartiet i Hordaland har toppkandidatane til stortingsvalet i 2021 klare. På lista står Jakob Bjelland, Nils T. Bjørke, Chase Aleksander Jordal, Hans Inge Myrvold, Sara Hamre Sekkingstad og Kjersti Toppe. Det er ikkje prioritert rekkefølge enno.

  • Varaordfører må på tinget

    Varaordføreren i Øygarden, Torill Selsvold Nyborg (Krf), må møte fast på Stortinget fra kommende mandag om Knut Arild Hareide blir samferdselsminister, skriver Vestnytt. Nyborg er Hareides vara på Stortinget og må i så fall søke permisjon fra kommunestyret.

    Torill Selsvold Nyborg
    Foto: Hordaland Fylkeskommune
  • Attvald som fylkesleiar

    Ole Martini er attvald som leiar i Vestland Unge Venstre. 20-åringen er frå Stad kommune, der han også er vara til utval for kultur, idrett, samfunn og næring. Marius Hellan Hindenes frå Alver og Dina Bovim frå Kinn var vald til første og andre nestleiar.

    Ole Martini
    Foto: Vestland Unge Venstre