Hopp til innhold

Politikarane forhandlar om skatten i oppdrettsnæringa

Nytt forslag til formuesskatt skapar uro i oppdrettsnæringa og usemje internt i Høgre.

Oppdrettsanlegg

VIL SKATTEN AUKE?: Solberg-regjeringa har foreslått endringar i formuesskattegrunnlaget for oppdrettarane.

Foto: André Bendixen / NRK

På øya Værlandet i Askvoll kommune driv Roar Landøy det familieeigde selskapet Landøy Fiskeoppdrett.

Det har familien gjort sidan 1982.

No gjer nye skatteforslag for næringa Landøy uroleg for framtida.

I sitt siste framlegg til statsbudsjett foreslo Solberg-regjeringa å oppheve praksisen der fiskeri- og havbruksløyve gitt før 1998 ikkje inngår i grunnlaget for formuesskatt.

Vidare vart det foreslått at oppdrettsløyve skal verdsetjast ut frå omsetnadsverdi.

Landøy Fiskeoppdrett eig tre slike løyve. Dei anslår Landøy har ein salspris på mellom 200 og 250 millionar.

Derfor reknar han med at verksemda må ta ut mellom 15–20 millionar årleg for å finansiere skatten.

Årsrekneskapen syner at selskapet i 2020 hadde eit overskot på 12 millionar.

– Det blir utruleg kostbart om vi skal halde på i dag med den type skatt i tillegg. Det er ikkje liv laga, seier Landøy.

Støre-regjeringa endra ikkje på forslaget i sitt budsjett-tillegg. No er saka på bordet i budsjettforhandlingane.

Roar Landøy, Landøy Fiskeoppdrett

LOKALEIGD SELSKAP: Roar Landøy driv Landøy Fiskeoppdrett med 12 tilsette på øya Værlandet i Askvoll kommune.

Foto: PRIVAT

Ber om endring

Skatten må betalast uavhengig av kva oppdrettaren tener. Nordland Høgre har gått mot forslaget frå eige parti:

– Vi ønsker at forslaget om formuesskatt på oppdrettskonsesjonar blir trekt og at ein gjer ei meir grundig vurdering av konsekvensane, seier Eivind Holst, nyvalt leiar i Nordland Høgre.

Fleire oppdrettarar i Nord-Noreg har kravd det same.

Dei meiner dei store børsnoterte selskapa med utanlandske- og andre eigarar som ikkje betaler formuesskatt, blir favoriserte.

Tom-Jarle Bjørkly driv Mortenlaks AS i Sortland.

Forslaget vil gjere det vanskelegare å få til investeringar og utvikling, meiner han.

– Det vil sjølvsagt svekke konkurranseevna, og enkelte selskap vil måtte vurdere utsal eller børsnotering med den konsekvens at det lokale eigarskapet langs kysten forvitrar, seier Bjørkly.

Karsten Inge Møgster er dagleg leiar i selskapet Langøylaks i Austevoll.

– Forslaget vil føre til at vi må ta ut større utbytte for å betale formuesskatt. Det vil tappe eigenkapitalen vi treng for å bygge selskapet vidare.

Også Møgster meiner det vil gi svekt konkurransekraft og meir utanlandsk eigarskap.

Skal fremje likebehandling

Bakgrunnen for forslaget er å få til ei meir rettferdig skattlegging.

Det fortel Olve Grotle, fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson for Høgre.

Etter planen skal forslaget innførast frå 2022, men Grotle meiner både tidspunktet for innføring og kva verdi som skal ligge til grunn er noko ein må sjå vidare på.

– Var forslaget forhasta?

– Det er i alle fall behov for å sjå på sider ved det. Og forslaget har vorte meir utfordrande med siste utkast til budsjett frå Støre-regjeringa, der ein aukar promillen knytt til formue og utbytteskatten, meiner Grotle.

– Ein dårleg kombinasjon

Skal marknadspris ligge til grunn for skattlegginga, blir det krevjande for dei familie- og lokalt eigde selskapa, meiner administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Noreg.

– Så blir det forsterka ganske kraftig av at regjeringa Støre har foreslått å auke satsane for utbytte- og formuesskatten. Kombinasjonen av forslaga frå Solberg- og Støre-regjeringa vil føre til ei radikal endring i skattegrunnlaget for desse selskapa.

Ystmark påpeikar at selskapa betalar den same skatten for drift og formue som før, og at dette blir eit reint tillegg. Selskapa betaler òg ein særeigen produksjonskostnad, den såkalla «lakseskatten».

Sjømat Noreg håpar politikarane no vil greie ut konsekvensane av forslaget og gå ein runde til på kva verdifastsettinga skal vere.

– I tillegg til det er det viktig at ein i forhandlingane i Stortinget ikkje endar med å ytterlegare auke formue- og utbytteskatten, legg Ystmark til.

Del av forhandlingane

Karianne Bråthen sit i Næringskomiteen for Arbeidarpartiet på Stortinget. Ho viser til at dagens regjering fekk kort tid til å gjere endringar i budsjettet frå Solberg-regjeringa.

– Alt av bekymringar vi har fått frå næringa når det gjeld denne skatteinnskjerpinga, at ein vil ha konsekvensutgreiing og opptrappingsplan, er spelt inn og ligg i forhandlingane, seier Bråthen.

Tilbake på Værlandet håpar Roar Landås politikarane går vekk frå forslaget.

– Dagens skattesystem er for så vidt leveleg, men ikkje at ein skal skattleggast ut frå forventa salsverdi, seier han.

Laks i mære

OPPDRETTSSKATT: Forslaget om auka formuesskatt er ein del av forhandlingane om statsbudsjettet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB