Hopp til innhold

Politiet finn ikkje ut kven som truga byråd i Bergen

Topp-politikaren fekk brev om å trekkje seg eller ta livet sitt. Kripos granska trugselbrevet for DNA og fingeravtrykk, utan å få svar.

Trussel mot byråd i Bergen

SLADDA: Kommunen valde å sladde det aller meste av trugselbrevet då dei informerte pressa om saka i april. Både Kripos, Folkehelseinstituttet og Posten har vore involvert i etterforskinga.

Foto: Bergen kommune

Det var i april i år at ein av byrådane i Bergen fann eit anonymt brev i posten. Innhaldet i brevet gjorde at byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) gjekk til politiet.

Brevet hadde overskrifta «Trakaseringsvarsel» og inneheldt grove og alvorlege trugslar mot byråden.

« ... vil foregå helt til du endrer kurs, trekker deg fra politikken, eller begår selvmord», stod det mellom anna i trugselbrevet.

Trugslane førte til at den aktuelle byråden vart utstyrt med valdsalarm og det vart sett i verk ei rekke tryggingstiltak.

Legg vekk saka

Eit halvt år seinare har ikkje politiet klart å finna personen som har sendt brevet til byråden. Saka er no lagt vekk grunna mangel på opplysningar om gjerningsperson.

– Vi har ikkje klart å finna opplysningar som vi kan knytte til ein mistenkt gjerningsperson, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal til NRK.

Opdal fortel at det er gjort ei rekke med undersøkingar for å prøva å finna fram til avsendaren, men at dei no ikkje lenger finn grunn til å etterforska saka vidare.

Saka fekk stor merksemd i media, utan at det har ført til tips i saka frå publikum. Brevet var knytt til ei konkret politisk sak som byråden har ansvaret for.

Harald Schjelderup

– GROVT: Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) gjekk til politiet med trugselbrevet og omtala innhaldet som grovt og alvorleg.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Kopla inn Kripos

Brevet vart sendt til undersøkingar hjå Kripos og Folkehelseinstituttet. Målet var å avdekke DNA eller fingeravtrykk som kunne avsløra kven som stod bak brevet.

– Undersøkingane gav ingen resultat. Kripos har også studert brevet for eventuelle trykkriller og anna tekst på papiret som vi kunne knytt til ein gjerningsperson, men også det utan resultat, konstaterer politiadvokaten.

Også Posten har hjelpt politiet i etterforskinga. I samråd med politiet valde byrådet å halda identiteten til byråden unna offentlegheita.

– Krevjande

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) omtala trugslane som svært grove då han informerte media om saka tilbake i april.

– Kvar ein trugsel mot ein politikar må vi ta på alvor, også fordi det er ein trugsel mot folkestyret vårt. Vi tek politiet si henlegging til orientering, seier Schjelderup til NRK onsdag.

– Det var ubehageleg, både situasjonen og det at vi ikkje visste kven som hadde fremja trugslane. Vi har likevel forståing for at det har vore vanskeleg for politiet å finne spor i denne saka, legg han til.

Politiadvokat Trine-Benedikte Opdal seier på generelt grunnlag at det kan vera krevjande å finna ut kven som har sendt anonyme trugslar.

– Vi tar slike trugslar alvorleg, men i denne saka ser vi ikkje kva meir vi kunne gjort. Det er veldig synd, fordi vi skulle helst hatt ein mistenkt som vi kunne knytt til brevet, avsluttar Opdal.