NRK Meny
Normal

Byråd i Bergen utsett for grove trugslar – kommunen melder saka til politiet

Det anonyme trugselbrevet blei lagt i byråden si postkasse: « ... vil foregå helt til du endrer kurs, trekker deg fra politikken eller begår selvmord».

Harald Schjelderup

GROVE TRUGSLAR: Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) har meldt trugslar mot ein byråd til politiet. Kommunen vil ikkje informera om kva for ein byråd som har teke imot trugselbrevet.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Slik er delar av innhaldet i brevet som byråden i Bergen tok imot i går kveld.

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) og kommunaldirektør Robert Rastad informerte om trugselbrevet på ei presseorientering på Bergen rådhus i ettermiddag.

– Eit angrep på demokratiet

Kommunen meiner innhaldet i brevet er så alvorleg at dei melder saka til politiet, skriv Bergens Tidende.

Byrådsleiaren i Bergen meiner trugslane utgjer eit angrep på demokratiet.

Trusselbrevet mot byråd i Bergen

SLADDA: Bergen kommune har valt å sladda store deler av brevet. Schjelderup seier at måten trugselen er formulert på, gjer det tydeleg at avsendar ønskjer å pressa byråden til å endra kurs eller slutta i politikken.

– Eg reagerer veldig sterkt. Me ønskjer å ha ein låg terskel mellom innbyggjarane og alle dei folkevalde i alle parti i Bergen. Og denne typen trugslar kan bygga opp dei barrierane me ikkje ønskjer i vårt demokrati, seier Schjelderup til NRK.

Byrådet har i samråd med politiet valt å halda identiteten til byråden unna offentlegheita. Brevet skal vera knytt til ei konkret politisk sak som den aktuelle byråden har ansvaret for.

Må gå med valdsalarm

Byråden fekk brevet i ein konvolutt på si private adresse. Både brev og konvolutt er overlevert til politiet, men BT har fått ein kopi der alt unnateke den siste setninga er sladda.

Brevet har overskrifta «Trakaseringsvarsel». Politiet har valt å utstyra byråden med valdsalarm.

Schjelderup seier at byråden opplever trusselbrevet som svært ubehageleg, både for seg og sin familie. På spørsmål om det er snakk om ein drapstrussel, svarar Schjelderup:

– Denne trugselen har så konkret ordlyd at me har teke det ekstra alvorleg. Politiet har difor sete i verk konkrete tiltak rundt den aktuelle byråden.

NRK oppdaterer saka.

Siste video

Ulovlig fiske og bergensbrennevin i verdensklasse er noen av sakene i Vestlandsrevyen torsdag.
Hvordan dokumentaren «Lykkelandet» endret gatebildet i Bergen, er en av sakene i onsdagens Vestlandsrevyen.
Øyvor Bakke