Hopp til innhold

Politibetjent sikta for promillekøyring

Ein politibetjent i Vest politidistrikt er sikta for promillekøyring og for ikkje å ha meldt frå om ulukka.

Ulykke - politimann mistenkt for promillekøyring.

KØYRDE I STOLPE: Politibetjenten køyrde i ein stolpe i juni. Det var to passasjerar i bilen.

Foto: POLITIET

Ei sommarnatt i juni i år hamna politibetjenten utfor vegen, mistenkt for promillekøyring.

Politibetjenten hadde to kollegaer i bilen då dei hamna i grøfta. Dei tre hadde vore samla på hyttefest ikkje langt frå staden der ulukka skjedde. Politibetjenten melde ikkje frå om ulukka i etterkant.

– Vi har kome fram til at det er føraren som skulle ha meld frå om ulukka, seier politiadvokat Jan Roar Gidske.

Politibetjenten blei suspendert og sikta for promillekøyring. Mannen skal ha erkjent og saka vil gå som ei tilståingssak. Påtalemakta seier han ville hatt status som tiltalt viss han ikkje hadde tilstått.

No kan han bli straffa med bot eller fengselsdom.

Sidan politibetjenten er tilsett i Vest politidistrikt, er det Møre og Romsdal politidistrikt som fekk ansvaret for etterforskinga.

Politibetjenten er sikta for promillekøyring, for ikkje å ha meld frå om ulukka og for å ha drukke alkohol etter ulukka når han måtte forstå at det kunne bli ei politietterforsking.

– Saka er no send over til Sogn og Fjordane tingrett som tilståingssak, seier politiadvokat Gidske.

Gidske vil ikkje sei noko meir om promillenivået til politibetjenten då ulukka skjedde.

La korta på bordet

Etterforskinga har tatt over eit halvt år.

– Politibetjenten har bidrege til at etterforskinga har gått lettare, seier Gidske.

Politisjefen i Sogn og Fjordane er letta over at politibetjenten la korta på bordet.

– Dette er ei kjedeleg sak, men eg er glad for at saka er ferdig etterforska. Politibetjenten har lagt korta på bordet, noko som er positivt, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Politibetjenten blei suspendert frå stillinga si etter ulukka. No skal Vest politidistrikt sette seg inn i straffesaksdokumenta før dei tek stilling til ein eventuell avskjedssak.

Ingen vart skadde då bilen hamna utanfor vegen, og dei to passasjerane er sjekka ut av saka.

Retting kl. 11.21, 18. desember: NRK Vestland skreiv først at mannen er tiltalt. Dette er no retta til sikta.