Hopp til innhold

Promillemistenkt politimann køyrde utfor og rett i stolpe med to kollegaer i bilen

Ein politibetjent er mistenkt for promillekøyring etter at han køyrde utfor og i ein stolpe natt til sist laurdag. Han hadde to kvinnelege passasjerar i bilen, som også er tilsett i politiet.

Ulykke - politimann mistenkt for promillekøyring.

KØYRDE I STOLPE: Politimannen køyrde i ein stolpe. Folk kom til og køyrde dei tre som var i bilen tilbake til ei hytte dei var på.

Foto: Politiet

Hendinga skjedde i Sogn og Fjordane i helga. Politimannen skal heller ikkje ha meld frå om ulukka i etterkant.

Ifølgje loggen til Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, blei naudetatane varsla av tilfeldig forbipasserande som såg bilvraket. Det skjedde klokka 08.51 laurdag morgon.

– Det er ei utruleg kjedeleg sak. Det er ein politibetjent som er suspendert med mistanke om promillekøyring. Han er sikta i saka, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Han ser svært alvorleg på hendinga, men legg vekt på at ingen er skuldige før dei er dømde.

– No er det ei pågåande etterforsking her som er overtatt av Møre og Romsdal politidistrikt. Så får vi sjå kva som kjem ut av den.

– Køyrde med høg fart

Dei tre politi-tilsette var i helga samla på ein hyttefest ikkje langt frå staden der uhellet skjedde.

Rett før utforkøyringa såg fleire vitne at den aktuelle bilen køyrde i det dei oppfattar som høg fart gjennom bygda. Det er 30-sone og smal veg der.

Eit anna vitne som kom til, vurderte det ikkje slik at føraren var rusa. Vedkomande køyrde dei tre tilbake til hytta.

Ingen av dei tre blei sende til sjukehus etter uhellet, og skal ha kome frå det utan fysiske skader.

Blir etterforska

Det var to kvinnelege passasjerar i bilen då ulukka hende. Dei er også tilsett i politiet i Sogn og Fjordane. Ingen av dei vart skadd då bilen hamna utanfor vegen.

Saka skal etterforskast av Møre og Romsdal politidistrikt.

– Vi har blitt informert av Vest politidistrikt om at vi vil få overført ei sak knytta til promillekøyring. Vi har enno ikkje fått dokumenta i saka.

Det seier Olav Sindre Rise, kommunikasjonssjef i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politibetjenten har status som sikta, medan passasjerane er mistenkte i saka. Passasjerane er ikkje suspenderte.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

SKUFFA: Politileiar i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, meiner dei tre tilsette har utvist for dårleg dømmekraft.

Foto: Truls Kleiven / Truls Kleiven

– Dårleg dømmekraft

Politisjef Arne Johannessen utelukkar ikkje at politibetjenten kan ha drukke i etterkant av ulukka. Det er også ulovleg.

– Det er ingen tvil om at begge deler er alvorleg, seier Johannessen.

Burde ikkje dei to andre ha gripe inn overfor bilføraren?

– Etterforskinga vil visa kva som hende. Difor kan eg berre seia at me har ein suspendert per i dag, seier politileiaren.