Hopp til innhold

Promillemistenkt politimann krasja i juni – ventar framleis på svar

Ein sommarnatt i juni hamna politibetjenten utfor vegen, mistenkt for promillekøyring. Fem månader seinare er politiet framleis ikkje ferdige med etterforskinga.

Ulykke - politimann mistenkt for promillekøyring.

KØYRDE I STOLPE: Politimannen køyrde i ein stolpe i juni. Det var to passasjerar i bilen.

Foto: POLITIET

Politibetjenten hadde to kollegaer i bilen då dei hamna i grøfta. Dei tre hadde vore samla på hyttefest ikkje langt frå staden der uhellet skjedde.

Politimannen melde ikkje frå om ulukka i etterkant.

Ifølgje loggen til Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, blei naudetatane varsla av tilfeldig forbipasserande som såg bilvraket morgonen etter.

Politimannen blei suspendert og sikta for promillekøyring.

Eit halvt år seinare er etterforskinga enno ikkje avslutta.

Tal frå Politidirektoratet viser at gjennomsnittleg sakshandsamingstid i perioden mai-august var 74 dagar for alle typar saker. Det er tida frå politimelding til påtaleavgjerd.

– Det er korona, ting tek lengre tid

Sidan politibetjenten er tilsett i Vest politidistrikt, er det Møre og Romsdal politidistrikt som fekk ansvar for etterforskinga.

Politiadvokat Jan Roar Gidske forklarar at dei framleis ventar på ei eksperttale om blodprøveresultatet.

– Vi ventar framleis på sakkunniguttale. Når vi har fått gjennomgått den, vil saka gå sin gang.

– Er saka elles ferdig etterforska?

– Slik saka står no, er vi avhengige av å kunne gå gjennom rapporten før vi tek ei avgjerd om saka er ferdig etterforska eller ikkje.

Gidske seier saka har teke lang tid, men ikkje uvanleg lang tid.

– Det er korona, og ting tek lengre tid, forklarar han.

– For lang tid

Leiar i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Oscar Dietrichson, seier på generelt grunnlag at sakshandsamingstida i straffesaker er for lang.

– Det er ei belastning for den som er mistenkt eller sikta, men også ei belastning for dei fornærma i saka.

Leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund seier det kan vere ulike årsaker til at saka dreg ut i tid, men at dei har tillit til at systemet fungerer og at forholdet blir undersøkt slik det skal.

– Når det er sagt, er det svært uheldig at sakshandsamingstida er så lang med tanke på belastninga for alle dei som er råka, seier han.

Sigve Bolstad, Politiets fellesforbund

UHELDIG: – Det er svært uheldig at sakshandsamingstida er så lang med tanke på belastninga for alle dei som er råka, seier Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Viktig med ei avklaring

Også politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, tykkjer saka har teke for lang tid.

– Ikkje minst med tanke på at det er ei personalsak er det viktig med ei avklaring, seier han.

Ingen vart skadde då bilen hamna utanfor vegen, og dei to passasjerane er sjekka ut av saka.