Hopp til innhold

Planer om gondolbane splitter bygda

AURLAND / FLÅM (NRK): Over heile landet blir det no lagt planar om å bygge baner som skal frakte opp mot 100.000 turistar til fjells kvart år. Men mange stader er motstanden stor.

Det kan bli gondolbane frå fjorden og opp til fjellet Prest i Aurland.

HØGT OPPE: Toppen av fjellet Prest ligg 1478 meter over havet. Det går i dag sti frå Aurlandsfjorden og opp til toppen.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Årleg kjem det over ein million turistar UNESCO-området kring Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden i Indre Sogn.

I Flåm i Aurland kommune i Sogn styrer selskapet Flåm AS det meste av reiselivsutviklinga.

No vil Flåm AS sende mange av turistane i ei ny gondolbane opp den stupbratte fjellsida.

– For oss handlar det om å vidareutvikle Aurland som reisemål og då er det å få på plass ein ny hovudattraksjon viktig. Vi har Flåmsbana og fjorden i dag som er dei store attraksjonane, seier Arve Tokvam i Flåm AS til NRK.

Han er overtydd om at ein gondol vil vere med på å styrke Aurland sin posisjon som fyrtårn i reiselivet.

Flåm AS trur at dei tidlegast kan få realisert planane om gondolbane i 2023.

Men for utbyggaren står utfordringane i kø, lenge før første spadetak er sett i jorda. I Aurland reiser det seg no ein mur av protestar, særleg frå miljørørsla.

Arve Tokvam i Flåm AS

OPTIMIST: Arve Tokvam i Flåm AS trur at ei gondolbane kan bli eit nytt fyrtårn for turismen i Aurland.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Fryktar for reinstammen

– Eg meiner at vi ser så mykje nedbygging av norsk natur, at det å ta vare på Prest og Turlidfossen for ettertida, meiner eg er veldig viktig, seier Bjørn Vike.

Friluftsmannen driv sjølv med naturbasert turisme i Aurland, men har også i mange år vore sentral i oppbygginga av Den Norske Turistforening i sitt hyttenett.

– Prest er i dag eit viktig område for fotturisme. Ein gondol vil øydeleggje dette, meiner Vike.

Han fryktar at ei gondolbane frå Aurlandsfjorden til Prest også vil kunne øydeleggje arbeidet med å byggje opp att reinstammen i fjellområdet.

– Om vi slepp ein masse turistar inn i dette fjellområdet med gondol, så vil det gjere det umogleg å utvikle reinstammen, seier Vike.

Ei rekkje stader i Noreg er ulike variantar av nye tau- og kabelbaner på bordet hos politikarane. Reiselivsnæringa vil gjerne ha dei, anten det er til Sukkertoppen i Ålesund eller det er frå Bjørvika til Ekeberg i Oslo.

Fekk erstatning på Voss

I Loen har den nye skyliften i løpet av få år blitt ein stor attraksjon, og på Voss har fleire titals tusen turistar tatt den nye gondolbana.

Men både frå folk flest og frå dei som er opptekne av natur- og miljø, er protestane mange til dei nye prosjekta.

På Voss blei det bråk då den nye gondolbana blei liggande rett over hustak. Fleire huseigarar har no fått erstatning.

Blant anna Odda, der striden går høgt mellom grunneigarar og reiselivet. Grunneigarar ber no politikarane i Ullensvang kommune om å seie nei til ein skylift frå Skalltaket til Rossnos.

– La oss ikkje øydelegge området med å plassere ei «turistmaskin» her, skriv grunneigarane ifølgje Hardanger Folkeblad.

Loen skylift

DRONNINGBESØK: I strålande sol i 2017 opna Dronning Sonja gondolbana som fraktar folk 1011 meter over havet i Loen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Respekterer motstanden

Tokam i Flåm AS legg ikkje skjul på at suksess andre stadar, ikkje minst i Nordfjord, har sett fart i idéutviklinga deira om å byggje gondol i Aurland. Noko han har stor tru på.

– Eg registrerer at mange ser på dette som øydeleggande og feil type reiseliv å satse på i Aurland. Eg har respekt for dei meiningane, men så er det å balansere dette med dei positive tinga som ligg i eit slikt prosjekt også, meiner han.