– Eg blir oppriktig lei meg

I dag har landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad signert «dødsdommen» til pelsdyrnæringa i Noreg.

Nikolay Valheim

Nikolay Valheim frå Jæren har pelsfarm båre i Hå kommune i Rogaland og i Nissedal i Telemark. Han er ikkje nøgd med forslaget som i dag blei lagt fram i Oslo.

Foto: Håkon Vårhus Sagen

Pelsdyrnæringa skal avviklast innan 2025 og kompensasjonen bøndene får er noko høgare enn det som tidlegare har vore føreslått.

Dette er hovudtrekka i forslaget til «Lov om forbud mot hold av pelsdyr», som landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i dag har lagt fram.

Olaug Bollestad

Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Eg har lese meir enn 340 høyringssvar og sett at me kan legga kompensasjonsordninga betre til rette. I tillegg ligg det inne midlar til omstilling eller omskulering, og til opprydding, seier Bollestad.

Men sjølv om ho har funne fram meir pengar, er det langt frå nok, ifølgje pelsdyrbonde Nikolay Valheim frå Brusand.

– Eg får kanskje tilbake ein fjerdedel av dei 15 millionar kronene eg har investert i anlegget her heime. Eg blir oppriktig lei meg når eg ser på det forslaget som i dag har kome, seier Valheim.

Jubel hos dyrevernarane

Mens stemninga er dyster i pelsdyrnæringa, er det andre som i dag jublar og feirar med bollar og brus.

– Det er ein siger for dyrevelferda og folkeviljen, seier kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen, Live Kleveland, i ei pressemelding.

Det var Venstre som fekk gjennom forbodet i regjeringsforhandlingar, berre eitt år etter at Høgre og Framstegspartiet sikra fleirtal i Stortinget for ei berekraftig utvikling av næringa i 2017.

– Dette er eit viktig gjennomslag for dyrevern. Mink i bur viser tvangsåtferd, redsel og sjølvskading. Dermed blir det opplagt for dei som arbeider tett på dyra at dette er noko som må avviklast, seier Kjartan Alexander Lunde, leiar av Rogaland Venstre.

Live Kleveland og Guri Melbye

Live Kleveland frå Dyrevernalliansen og Guri Melbye frå Venstre feira med bollar og brus på Stortinget i dag.

Foto: Lars Hægeland / NRK

– 200 familiar råka

For pelsdyrnæringa var snuoperasjonen til regjeringa eit slag i magen.

– Eg forstår at dei som lytta på politikarane i 2017 opplever dette som krevjande, derfor er dei som har gjort investeringar etter dette også med i ordninga nå, seier Bollestad.

Omstillingsmidlane er auka med 50 millionar slik at bøndene søka omstillingspengar frå ein samla pott på 100 millionar kroner.

Dei vil også gi eit tillegg som skal reknast ut frå talet på avlstisper i 2017. Samla blir det om lag 85 millionar kroner, skriv departementet i ei pressemelding.

– Dette er alt for lite. Det er ein katastrofe for om lag 200 familiar som driv med pels i Noreg. Mange blir gjeldsslavar og kasta på gata, seier Bertran Trane Skadsem, som er leiar for Norges pelsdyralslag.

Bertran Skadsem, Morten Johansen, Geir Pollestad

Leiar i Næringskomiteen på Stortinget Geir Pollestad (Sp) (t.h.) saman med Morten Ørsal Johansen (Frp) på pelsauksjon i København i mars i år. Til venstre står leiar i Norges pelsdyralslag Bertran Trane Skadsem.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Håper på hjelp i Stortinget

– Når det kjem til kompensasjonsordninga får me håpa at stortinget kan betra dette gjennom behandlinga dei nå skal ha. Når det kjem til sjølve forbodet treng me nå eit mirakel i form av ei regjeringskrise, seier leiaren i alslaget.

Lovforslaget skal nå til behandling i næringskomiteen på Stortinget. Der er det Geir Pollestad frå Senterpartiet som er leiar.

– Nå er eg ikkje veldig optimistisk på vegner av næringa. Eg trur det er ei ferdig forhandla sak for fleirtalspartia. Det skal dessverre mykje til for å snu regjeringspartia på Stortinget, seier han.

Målet er at eit vedtak blir banka gjennom før sommaren.