Hopp til innhold

Er det innafor å kle seg i pels?

Når kulda bit i hovudstaden, nøler ikkje stylist Erlend Elias med å kle seg i mink, gaupe eller rev.

Erlend Elias Skoglund Bragstad

Erlend Elias held seg varm i pels gjennom vinteren.

Foto: Hanna Johre / NRK

  • Vi vil høyre di meining: Bli med i debatten under! 💬

Erlend Elias Skoglund Bragstad brukar pelsar han anten har arva eller kjøpt brukt, til dømes hjå Kirkens Bymisjon, og han gjer det med godt samvit.

– Då bidreg du ikkje til produksjon og du er heller ikkje skuld i at dyr har vorte utsette for liding.

Den utsegna tek Siri Martinsen, leiar i dyrevelferdsorganisasjonen NOAH, skarp avstand frå.

Kler du deg i pels, er det eit signal til verda om at dyreplageri er greitt, meiner ho.

I 2019 vart det vedteke at alle former for pelsdyrdrift skal opphøyre i Noreg. Årsaka er at dyr ikkje skal lide for menneska si skuld.

Det finst ikkje noko forbod mot å bruke pels, men det er ei allmenn haldning at vi skal la vere.

Synes du det er greitt å bruke pels?

Redd for trendsetjande mote

Live Kleveland er kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen.

Ho slår raskt fast at gjenbruk i seg sjølv er veldig positivt, men ho rår alle frå å bruke pels som klesplagg, sjølv om han er arva eller resirkulert. Årsaka er at det skaper mote.

Mink

Ein mink som vert halden i bur, medan han ventar på å bli del av ei kåpe.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Om du har ein kul stil med brukt pels, kan du vere ein inspirasjon for andre. Folk kan velje å kjøpa seg ein ny pels, for å etterlikne deg, forklarar kommunikasjonsleiaren.

Samstundes seier ho at om ei eldre dame brukar ein gamal pels ho har hatt i mange år, så er det annleis. Det er ikkje trendsetjande på same vis som når eit ungt menneske brukar pels.

Skodespelar Wenche Foss til dømes, brukte pels, men då ho fekk vite korleis dyra vart mishandla, endra ho haldning, fortel Kleveland.

Kva meiner du? Er det mogleg å forsvare bruk av pels, eller ikkje i det heile?

Wenche Foss

Foss hadde skåpet fullt av gamle pelsar. Ho valde å bruke dei fram til ho døydde, men i media var ho tydeleg på at ho tok sterk avstand frå pelsdyroppdrett.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Gjenbruk eller berre å hive?

Erlend Elias Skoglund Bragstad er mellom anna kjend frå TV-programma «Skal vi danse» og «Famen Kjendis». Han er veit godt at han i kraft av sin posisjon kan framstå som eit førebilete.

– Eg tykkjer det er kult å handla brukte klede av alle slag, framfor nye. Om folk let seg inspirere av meg, er det noko miljøet og verda er tent med på langt sikt.

Siri Martinsen i NOAH let seg ikkje imponere. Ho meiner at det uansett ikkje finst fornuft i å bruke opp att pels.

Å resirkulere pels inn i motebildet igjen, er ikkje viktig og det er ikkje riktig, når konsekvensen blir at dyrevelferden blir dårlegare, seier Martinsen.

Og så legg ho til:

Om du absolutt skal bruke pelsen opp att, får du stappe han inn i veggen, sånn at musa kan få bruke han til musebola sine.

Eit spørsmål om verdisett

Stylist Erlend Elias Skoglund Bragstad set på si side eit stort spørsmålsteikn ved ein annan ting:

– At nokon kjem med kritikk til meg for bruk av pels, medan belte og sko av dyreskinn er heilt innafor, det kallar eg dobbeltmoral.

Det er ikkje Live Kleveland i Dyrevernalliansen samd i.

– Det er stor skilnad på dyra som gir pels og dyra som gir skinn. Dyr som har pels, er ville dyr, medan dyr som gjev skinn, er i all hovudsak tamme.

Live fortel vidare at ville dyr med pels har naturleg fykt for menneska. Dei må leve i fangenskap for at vi skal kunne nytte pelsen deira. Det meiner ho ikkje kan samanliknast med tamme husdyr som er hovudkjelda til skinn til belte og sko.

– Om nokon skal kritisere meg, bør dei ha ein heilt rein sti sjølve, seier Erlend Elias.

Han let seg ikkje overtyde om at alle tamme dyr har det godt, og held fram:

Om du verken går med skinnbelte, skinnsko eller klede som er laga av plast eller små barnehender – ja då kan me ha ein diskusjon!

Erlend Elias Skoglund Bragstad i ein arva mink 2

Erlend Elias i ein arva pels av mink.

Foto: Hanna Johre / Hanna Johre