Hopp til innhold

Folk er trøytte av klimapraten til kyrkja

Ny undersøking reiser spørsmål om klimaengasjementet til kyrkja. Men ingenting tyder på at kursen blir justert.

Giske kyrkje

PROFETISK RØYST: Ny undersøking reiser spørsmål om klimaengasjementet til kyrkja. Kritikarar meiner kyrkja sløser med sin moralske og politiske kapital.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I den nye medlemsundersøkinga i Den norske kyrkja oppgir berre 12 prosent av medlemmene at kyrkja er «samfunnsnyttig» når ho tek stilling til klimaspørsmålet.

«Dette har vi sett tidlegare òg, som kan tyde på at dette ikkje er ei rolle medlemmene meiner er formålstenleg at Den norske kyrkja tek», skriv forfattarane av rapporten.

Til samanlikning oppgir 8 av 10 medlemmer at kyrkja er «nyttig» når ho gjennomfører seremoniar eller støttar menneske i sorg.

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk seier til NRK at «klimaråkøyret frå biskopane framandgjer store grupper av det norske folket overfor kyrkja».

Det etterlatne inntrykket blir at folk som jobbar i oljeindustrien er umoralske menneske, med patosfylt helsing frå Den norske kyrkja. Det er klart at dette bidreg til å tømme kyrkjene, seier han.

I 2015 svarte tidlegare statsråd Tina Bru (H) med å melde seg ut av kyrkja etter ein kronikk i Aftenposten der to biskopar tok til orde for å bremse oljeproduksjonen.

Seks år seinare vedtok Kyrkjemøtet – med 91 mot 14 stemmer – ein formell uttale om at regjeringa må slutte å leite etter olje og gass.

Mindretalet argumenterte langs fleire aksar:

  • Kyrkja må verne om den profetiske røysta si, og vakte seg for å bli ein «resolusjonsmaskin».
  • Vedtaket var ikkje teologisk fundert, men sprang ut av ei politisk røyndomsbeskriving.
  • Vedtaket forbraut seg mot kyrkja som ein usemjefellesskap. Kyrkja skal også vere oljearbeidarane si kyrkje, på same måte som kongen skal vere kongen til kommunistane.
  • Til sist argumenterte fleire for at kyrkja hadde rota seg inn i realpolitiske avvegingar ho ikkje hadde særleg greie på.
UJVd06f-mSE

– Det blir sagt at Kyrkja ikkje skal drive med politikk, men eg er overtydd om at politikken treng røysta til kyrkja for å ta dei gode vala, sa biskop Olav Øygard i forkant av voteringa i 2021.

Foto: NTB

Vi må kanskje snakke annleis om klima

«Kyrkja uttaler seg i saker ho ikkje har kompetanse eller føresetnad for å uttale seg i», skriv Minerva-redaktør Nils August Andresen i artikkelen Venstrevridd kyrkje? Om å vere folkekyrkje i eit demokrati.

I 2016 ironiserte han over Kyrkjerådets uttale om at dei var «skeptisk til ein politikk der dyrehald med ku, sau og geit basert på lokale beiteressursar blir straffa av klimaomsyn».

«Kven i alle dagar vil oppsøkje ei kyrkje som i forkynninga si høyrest meir ut som bondeorganisasjonanes Matprat enn evangeliets Matteus?» noterte Andresen.

Andre har ironisert over at kyrkja har spelt vekk politisk kapital på utsegner om snøskuterkøyring.

Vi må ikkje snakke mindre om klima, men vi må kanskje snakke annleis om det, seier Ingvald Frøyen, som er sokneprest i Sunnfjord.

Han meiner landbrukspolitikk, Matteus-evangeliet og kampen for dei marginaliserte kan gå opp i ei høgare eining.

Det har han sjølv erfart, då han var misjonær i Mali. Der forkynte han evangeliet – om nødvendig med ord – men mest med hendene.

I praksis handla det om å stoppe ørkenspreiinga; om å sikre reint grunnvatn; om å ta vare på artsmangfaldet og om å motarbeide troféjakta på elefantar.

Tilbake i det velolja maskineriet som er Noreg, innser Frøyen at han må spele ei anna rolle. Han spør seg likevel om han har overkompensert og vorte for «unnvikande og varsam» etter heimkomsten.

Den største saka i kommunen handlar om Engebøfjellet, der utbyggjaren har fått løyve til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Det er ei sak som engasjerer meg sterkt, men eg har vore varsam. Det er ulike syn, og eg skal vere prest for alle.

Ingvald Andersen Frøyen

– I eit velfungerande land og med demokratiske prosessar, så blir det sjølvsagt annleis. Men også her blir menneske, dyr og natur overkøyrd, seier Ingvald Frøyen, som er sokneprest i Sunnfjord. Han var tidlegare misjonær i Mali.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Ikkje meiningsmålingar som bestemmer kva som er rett og viktig

Olav Fykse Tveit, som er preses og leiande biskop for Den norske kyrkja, seier til NRK at «vi må ta til etterretning at kyrkja i mindre grad blir oppfatta som samfunnsnyttig i arbeid for klima og miljø».

(Sjå heile svaret under)

Pave Frans

Pave Frans' rundskriv frå 2015 – Laudato Si – skisserer korleis forvaltartanken og kallet til å ta vare på skaparverket kan omsetjast til praktisk politikk.

Foto: Alessandra Tarantino / AP

Den såkalla torike-læra byggjer på ordlyden i Matteus-evangeliet om å «gi keisaren det som tilhøyrer keisaren, og Gud det som tilhøyrer Gud».

Historisk har læra gitt argument til dei som trekkjer eit skarpt skilje mellom det åndelege og det verdslege.

Andre meiner at denne tilnærminga blir for skjematisk og rigid.

Blant dei er Sturla Stålsett, som gav namn til Stålsettutvalet.

Den som eintydig lesar Matteus-teksten til støtte for ei klassisk førestilling om å skilje mellom religion og politikk, fører vidare ei utbreidd forenkling, seier han.

Han seier det er nyttig å høyre kva medlemmane tenkjer, men at «skiftande meiningsmålingar» ikkje kan ha det siste ordet om kven kyrkja skal vere.

Derfor kan kyrkja aldri stille seg «utanfor» eller teie om klimasaka, berre fordi medlemmene eller andre måtte vere usamde om ho.

I tillegg til å vere prest og teolog var Tom Sverre Tomren sentral i oppbygginga av MDG på Vestlandet.

Kva som rett og viktig må styrast av teologiske og etiske debattar, ikkje av meiningsmålingar, seier han.

Han tek undersøkinga til inntekt for at det «trengst meir og tydelegare tale om miljøetikk i kyrkja».

Om eg skal gi kyrkjeleiarane eitt råd her, så er det å ta dette som ei utfordring til å intensivere arbeidet og satsinga på økoteologi, klima og miljø.

Therese Egebakken

- Under plenumsbehandlinga av saka måtte eg fleire gonger minne meg sjølv på at eg sit i Kyrkjemøtet og ikkje på eit partipolitisk møte, sa Therese Egebakken etter Kyrkjemøtet i 2021.

Foto: privat

Kyrkjene kan ikkje vere tause

Ei kartlegging Dagen har gjennomført i samarbeid med Senter for undersøkjande journalistikk (SUJO) viser at «aktive kristne» er meir bekymra for klimatrusselen enn befolkninga generelt.

I undersøkinga svarer 65 prosent at «det er viktig å gjere tiltak for å motverke klimakrisa».

Sokneprest i Ris i Oslo, Paul Erik Wirgenes, var tidlegare avdelingsdirektør i Kyrkjerådet og leiar av styringsgruppa for det økumeniske prosjektet «Skaparverk og berekraft».

Han seier at kyrkja har solid fagleg og teologisk grunnlag for klimaengasjementet sitt, og at det ville vere ei unnlatingssynd å vike unna eller å sjå an publikum.

Skal vi ta kjærleiken på alvor, må kyrkjene også tale inn i desse komplekse utfordringane, seier han.

Ei av dei viktige forpliktingane i dette ligg i erkjenninga av at klimaendringane rammar dei fattigaste aller hardast. Kyrkjene kan ikkje vere tause i dette sjølv om ein del av folket vårt og medlemmene våre skulle synast det er brysamt eller sjølv tenkjer annleis.

Les også Får kritikk for klimavedtak: – Kirken må kunne ta opp temaer som det jobbes med politisk

Olav Fykse Tveit

Vebjørn Selbekk

– Det etterlatne inntrykket blir at folk som jobbar i oljeindustrien er umoralske menneske, med patosfylt helsing frå Den norske kyrkja. Det er klart at dette bidreg til å tømme kyrkjene, seier Vebjørn Selbekk.

Foto: NTB