Hopp til innhold

Pasientar etterlyser meir sunn mat på sjukehuset

Søte dessertar vert servert alle pasientane på sjukehuset. Men pasientane etterlyser meir frukt og grønt.

Vi handler stadig sunnere mat

JA-MAT: Dessertar som gele med vaniljesaus er vanleg på sjukehusa. Men pasientane vil ha meir frukt og grønt.

Foto: Bringedal, Arnljot / Aftenposten

– Ein av tinga i samfunnet og som mange får problem med er diabetes og sukkersjuke. Når ein et mykje søtt så legg det seg på feil plassar og ein får mykje sukker i blodet, seier Tove Simmerøy frå Høyanger.

For kort tid sidan vart ho skriven ut frå Førde sentralsjukehus etter eit sjukehusopphald som varte i to veker.

Sunt fokus i samfunnet

Det er eit stort engasjement for at vi skal ete sunnare og unngå sukker. Men på Førde sentralsjukehus, i likskap med andre sjukehus, får pasientane kvar dag tilbod om dessert etter middagen. Dessertane er ofte sukkerhaldige godbitar, som karamellpudding med krem, eller gele med vaniljesaus.

Simmerøy meiner sjukehusmaten var god, men at det vart mykje søtt.

– Det var puddingar, gele og mykje god saus. Ganske kraftig kost og godt tillaga, men det vart for mykje av meg.

Kjøkkensjef ved Førde sentralsjukehus, Elin Haugen, fortel at dei må lage mat som er tilpassa ei variert gruppe beståande av alt frå tilsette, pårørande og pasientar, og at dei prøver å legge til rette best mogleg. Men Haugen vedgår at dei kunne ha tilført måltida meir ferske grønsaker og salat.

Sjukehusmat

PASIENTEN VIL HA VAL: Kjøkkensjef ved Førde sentralsjukehus, Elin Haugen (t.h) og Karin Aasen, meiner desserten er viktig for dei som berre orkar å ete akkurat det den dagen.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Vi kunne ha blitt betre og "tvinga" folk til å ete meir grønt og råkost på tallerken. Så fekk ein sjå om dei åt det eller ikkje. På den måten kunne ein kanskje fått inn meir sunne matvanar, seier Haugen.

– Valfridom er viktig

Sentralsjukehuset i Førde rettar seg etter statens ernæringsråd sine retningsliner for kosthald, og vil innan 2020 servere 15 prosent økologisk mat, og vil suksessivt auke prosentandelen fram mot dette. Haugen understrekar at pasientane må få valmoglegheiter.

– Vi prøvar å ha litt for ein kvar smak. Vi lever i eit samfunn der val er viktig. Som helseføretak kan vi ikkje berre smale inn og seie «her er det du skal ete». Hadde vi fjerna desserten hadde vi kanskje fått mange protestar for det er kanskje berre desserten du klarer å ete akkurat den dagen.

Simmerøy ønskjer seg i likskap med Haugen meir valfridom for pasientane på sentralsjukehuset, men ønskjer fleire sunne alternativ.

– Dei kunne kanskje hatt nokre fleire salatar til middagane i alle fall slik at vi kunne velje litt, seier Simmerøy.