Hopp til innhold

KrF-toppen kritiserte «ørkenvandring» og melde seg ut av partiet – no snur han tvert

Fylkesvaraordførar i Hordaland Pål Kårbø varsla overgang til Høgre, men hamna langt nede på nominasjonslista. No gjer han full retrett – og melder seg inn igjen i KrF.

Pål Kårbø og Knut Arild Hareide på KrFs landsmøte 2017.

TILBAKE TIL KNUT: Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (t.v.) i Hordaland varsla overgang til Høgre i august, men har no ombestemt seg.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Partitoppen i Hordaland melde seg overraskande ut av partiet i august, etter å ha gått ut mot det han kalla «ørkenvandring» i rikspolitikken.

Samstundes vedgjekk den tidlegare fylkesleiaren overfor NRK at manglande støtte i partiet bidrog til at han melde seg ut.

– Eg vil takka Pål for alt han har gjort for partiet, og ønskjer han lukke til vidare, kommenterte KrF-leiar Knut Arild Hareide då utmeldinga blei gjort kjend i august.

«Stikk djupare enn eg var klar over»

Onsdag kveld melder Kårbø sjølv om u-svingen på Facebook.

«Frustrasjonen i august var stor over nasjonal ørkenvandring, samstundes er det noko med ein partikultur som stikk djupare enn eg var klar over, og det at eg innehar Fylkesvaraordførarvervet på vegne av KrF har også vegd tungt», skriv han.

Overgangen til Høgre blei gjort kjend før nominasjonslistene til Høgre i Hordaland skulle utarbeidast.

– Eg har aktivt tatt kontakt med partiet Høgre og sagt at eg er motivert for å stilla på deira fylkestingsliste til neste val, sa Kårbø i august.

Men fylkesvaraordføraren blei ikkje umiddelbart omfamna i sitt nye parti. Kårbø blei nominert heilt nede på 17.-plass.

«Ørkenvandringa» i ferd med å ta slutt?

Fylkesleiar i Hordaland og sentralstyremedlem Dag Sele er svært overraska over Kårbø sin retur.

– Eg er glad for at Pål har kome fram til at han kan kjempa best for sine verdiar i KrF, seier Sele.

KrF-leiar Knut Arild Hareide opplyste onsdag kveld at partiet har fått 1600 nye medlemer dei siste dagane.

Dag Sele

FYLKESLEIAR: Dag Sele i Hordaland KrF.

Foto: Elise Angell / NRK

Blant dei er altså Kårbø.

– Kva tankar gjer du deg om at ein såpass profilert politikar, som mellom anna gjekk ut mot partiet si «ørkenvandring», no melder seg inn att og vil vera med å staka opp kursen for partiet vidare?

– Han har nok registrert at det han kalla ein ørkenvandring, kanskje er i ferd med å ta slutt. Så er det ei kjent sak at det også i Hordaland er delte og sterke meiningar i spørsmålet om retningsval. Eg trur han fell godt inn i den debatten me skal ha framover, kommenterer Sele.

Kårbø gir igjen uttrykk for at han meiner KrF bør gjera som Venstre.

– No skjer det verkeleg noko med KrF, sjølv om eg må innrømma at situasjonen til partiet er i overkant krevjande og dramatisk. Eg håpar no konklusjonen på partiprosessen blir at KrF reelt forhandlar med dagens Solberg-regjering i forsøk på å finna fleirtal der, skriv fylkesvaraordføraren.

Kårbø opplyser til NRK onsdag kveld at han ikkje vil kommentera saka utover det han har skrive på Facebook.