– Det tok litt av ja, humrar Førde VBK-spelaren Martin Olimstad.
På under ein månad har over fire millionar sett videoklippet der syskena spelar volleyball «med» eitt bord i Åmlihallen.
I over eit halvt minutt rullerer syskena Martin og Emilie Olimstad på mottak, opplegg og smash.
– Det vart ei bra trening og eg fekk opp pulsen. Men eg skal vedgå at vi var litt heldige, seier eliteserielaget Førde sin libero, Martin Olimstad.
Måtte vere kreative
FØRDE-SPELAR: Martin Olimstad brukte juleferien på å bli verdskjendis saman med systera, Emilie.
Foto: Rune Fossum / NRKSyster Emilie (17) går andre året på ToppVolley Norge. Pappa Jostein, tidlegare spelar og trenar, stod med mobiltelefonen i handa og foreviga det dei sjølve kallar «juledrill i Åmli».
Filmsnutten spelte dei inn i romjula i heller folketomme Åmlihallen. I over eit halvt minutt spelar syskena på eine sida av nettet ball med bordet på den andre sida.
– Det var jo ikkje så veldig mange andre å trene med, så vi måtte vere kreative. Pappa sette eit bord på skrått, så var det berre å slå på det og halde ballen i gang så lenge som mogleg, fortel Martin Olimstad.
Sjølv om det var mest for moro, måtte dei halde på ei tid før dei fekk det til.
– Etterpå heldt vi på kring ein halvtime til for å få til ei lenger ballveksling, så det vart ei grei trening ut av det, legg han til.
22.000 delingar
IMPONERT: Tore Aleksandersen (t.h.) kjenner Martin Olimstad frå fleire turar til Førde. – Martin er teknisk god, og eg har høyrt mykje positivt om Emilie, så eg er ikkje overraska over at dei fekk dette til, seier han.
Foto: Rune Fossum / NRKMed god hjelp frå trenarar i ToppVolley Norge, spreidde videoen seg verda over etter at Olimstad senior delte videoen på Instagram.
– Eg tenkte det kunne vere inspirerande for andre som trenar åleine, men plutseleg tok det heilt av. Det er kanskje ikkje så rart. For mange i ein av verdas største breiddeidrettar, er øvinga identifiserbar, seier han.
På facebooksidene til volleywood.net åleine har videoen over fire millionar avspelingar, over 22.000 delingar og over 8.400 kommentarar.
– Krevjande
Ein av sjåarane er landslagstrenar Tore Aleksandersen. Han er imponert, men ikkje overraska over prestasjonane til Olimstad-syskena.
Sjølv om dei gjorde nokre forsøk på å få ballveksling med bordet.
– Dette er ein krevjande drill. Ein skal vere teknisk god for å angripe så kontrollert mot bordet gang etter gang, seier Aleksandersen som til dagleg trenar det polske profflaget BKS Profi Credit Bielsko-Biala.
– Eg trur eg kan nesten garantere at ikkje alle på laget hadde fått denne øvinga til å gli så lett, avsluttar han.