Hopp til innhold

Over eitt år sidan 12-åring døydde ved busslomma: Ingenting er gjort med vegen

Naboar har varsla i fleire år. Etter dødsulukka i fjor var alle einige om at noko måtte gjerast med vegen. Eitt år seinare er vegen heilt lik.

Henning Øvreås

Naboar har i lang tid etterlyst tiltak for å gjere fylkesveg 561 ved Torsvik i Øygarden tryggare for mjuke trafikantar.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Tysdag 14. juni i fjor blei Noah Landro (12) påkøyrd av ein bil då han gjekk ut i vegen framføre ein buss på stoppet Torsvik kryss i Øygarden utanfor Bergen.

Det er 80-sone på strekninga. Her er det ingen overgangsfelt.

Også tidlegare har det vore alvorlege hendingar, mellom anna i 2013. Då blei ei 12 år gamal jente påkøyrd, men kom frå det med ein brekt fot.

No reagerer foreldra til Noah Landro på at ingenting er gjort.

– Vegen er akkurat lik i dag som før. Det er dei same problema som kan dukke opp igjen, seier Morten Landro.

– Det er viktig å få gjort noko, så ikkje fleire blir nøydde til å hamne i same situasjon som oss. Det unner eg ingen. Det burde ha kome på plass tiltak som minskar risikoen for at noko slikt skal skje igjen.

Naboar sit med hjartet i halsen

I fleire år har bebuarar bedt om tiltak.

Ein av dei er Henning Øvreås. Han har born i ungdomsskulealder som kryssar den trafikkerte vegen til og frå skule og fritidsaktivitetar.

– Eg sit med hjartet i halsen kvar dag.

Han meiner det er uforståeleg at det ikkje er gjort fartsreduserande tiltak for å sikre overgangen etter dødsulykka i fjor.

– Slik trafikksituasjonen er no prøver vi å køyre dei til og frå vener, fritidsaktivitetar og skule så ofte vi kan.

Henning Øvreås

Henning Øvreås forstår ikkje kvifor farta ikkje har blitt redusert, eller kvifor det ikkje er sett opp skilt som varslar om at born kryssar vegen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Har skjedd mykje

Ordførar i Øygarden kommune seier det har skjedd mykje sidan ulykka i fjor.

– Vi har tileigna oss grunnen til ein snuplass for buss på andre sida av vegen, ei lomme kor ein slepp å krysse vegen for å gå av og på bussen, seier Tom-Georg Indrevik (H).

Kommunen har gitt 10 millionar kroner i kommunale midlar til det nye busstoppet. I tillegg søkte dei i år om midlar frå fylkeskommunen til fysiske trafikksikringstiltak og fekk tildelt ein million kroner til det. I tildelinga stod det at prosjektet må vere starta innan utgangen av året, men at sjølve ferdigstillinga kan flyttast på.

Ordførar i Øygarden kommune Tom Georg Indrevik

Tom Georg Indrevik (H) seier Øygarden kommune har tatt ansvar for det dei kan når det gjeld å kome vidare med prosjektet om nytt busstopp.

Foto: Gerd Johanne Braadland

Kommunen jobbar med anbodsgrunnlaget for prosjektet no, og rekk ikkje å ha bussplassen klar i år.

– Eg håpar vi får lyst ut anbodet rimeleg raskt og at vi i løpet av vinteren får bygd denne busslomma, seier Indrevik.

Ordføraren er likevel einig i at det har tatt for lang tid før noko har skjedd.

På spørsmål om kvifor ingen konkrete fartsreduserande tiltak er gjort, viser han vidare til fylkeskommunen.

Les også Politiet har henta inn videoovervaking etter at gut (12) døyde etter påkøyrsel

Blomster etter bilulykken i Øygarden 14.06.2022

Skal redusere farta til 70 km/t

Busstoppet ligg på fylkesveg 561. Vestland fylkeskommune tok over ansvaret for vegen frå januar 2020 av. Før det var det Statens vegvesen som var ansvarleg.

I 2019 gjorde Vegvesenet ei fartsgrensevurdering etter at naboar hadde bedt om det. Då konkluderte dei med at det ikkje var grunnlag til å setje ned fartsgrensa.

– Vi gjorde ingen anslag på akkurat kor mange som kryssa denne vegen til fots, seier Frode Moen Aarland, seksjonssjef i Vegvesenet.

Etter deira syn oppfylte ikkje strekninga i 2019 kriteria for å få verken bli skilta eller få redusert fartsgrense.

Etter ulukka konkluderte politiet med at ingen kunne klandrast for det som skjedde. Bilisten køyrde under fartsgrensa, ifølge politiet.

Fylkeskommunen lovde å ta grep.

Avdelingsdirektør for infrastruktur og veg, Dina Lefdal, sa til Bergens Tidende at dei ville sjå på tryggleiken på staden, men at det var uaktuelt å legge overgangsfelt i ei 80-sone.

Eitt år og tre månadar seinare har det ikkje skjedd noko. Det er framleis 80-sone på vegen. Men i samråd med Vegvesenet, har fylkeskommunen no bestemt at fartsgrensa skal ned til 70 km/t.

Mats Korneliussen vestland fylkeskommune

Mats Korneliussen er leiar i seksjon for forvaltning og utgreiing i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Foto: Privat

– Vi har berre fått aksept til å sette ned farta på den nordlege delen av strekninga mellom Vik og Rong til 70 km/t. No arbeider vi vidare med dei formelle prosessane for å redusere farta.

– Når konkret blir fartsgrensa endra?

– Dette har høg prioritet og er viktig for oss, og vi håper vi får det på plass i løpet av hausten, seier Korneliussen.

– Naboar etterlyser andre tiltak, som skilt. Kvifor har de ikkje gjort slike grep?

– Det er ikkje vurdert at det har vore grunnlag for å etablere barn-skilt ved fylkesvegen her, svarar han.

Arbeidet har tatt tid fordi dei ventar på at ulykkeanalysegruppa til Statens vegvesen skal bli ferdig med arbeidet etter dødsulykka i fjor. Korneliussen veit ikkje når rapporten er ferdig.

– Men vi har ein del pågåande planar med både einsidig busstopp ved Torsvik og fartsgrensereduksjon.

Les også Noah blei berre 12 år – rekordmange dødsulykker i 2022

Montasje: Gutt i redningsvest smiler i kamera, til høyre gravfølget som følger ham til graven etter begravelse