Hopp til innhold

Politiet har henta inn videoovervaking etter at gut (12) døyde etter påkøyrsel

Ein 12 år gamal gut døde etter at han var påkøyrd av ein personbil i Øygarden. Føraren av bilen er sikta etter ulukka.

Blomster etter bilulykken i Øygarden 14.06.2022

PÅKØYRD: Guten vart påkøyrd på denne vegen tysdag ettermiddag.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Politiet veit ennå ikkje kva som er årsaka til dødsulukka.

Ulukka skjedde då ein personbil passerte ein buss som sto på eit busstopp på Torsvik kryss i Øygarden.

Samstundes gjekk det folk av og på bussen.

Føraren av bilen er siktet etter ulukka.

– Bilen er tatt i beslag for undersøkingar. Det same er førarkortet. Då er han å anse som sikta, seier politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen i Vest politidistrikt.

Politiet mistenker ikkje at føraren var påverka eller at han ikkje overheldt fartsgrensa.

Har henta inn videoovervakning

Politiet har henta inn videoovervaking frå bussen.

Dei skal samstundes undersøke om bilen har gjort opptak av ulukka, og sjå om dei kan lese av fart.

– Erfaringa er at opptak kan vere heilt avgjerande for å vise kva som har skjedd i slike saker. Om han kan bli lasta eller ikkje, det skal etterforskinga vise, seier ho.

Ulukke Toftøy

PÅKØYRD: Ein 12 år gamal gut døde etter at han var påkøyrd av ein personbil i Øygarden. Føreren av personbilen er sikta.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Fekk livreddande førstehjelp

Klokka 15.17 tysdag fekk politiet melding om at ein person var påkøyrd.

Like etter klokka 17 stadfesta politiet at guten fekk livreddande førstehjelp på staden, men livet stod ikkje til å redda.

– Det er med sorg for heile lokalsamfunnet at me må melde at ein gut på 12 er død, sa innsatsleiar Ole Bjørn Sveen i Vest politidistrikt.

Ein gut vart påkøyrd av ein personbil. Han fekk livreddande førstehjelp på staden, men livet stod ikkje til å redda.

Ein gut vart påkøyrd av ein personbil. Han fekk livreddande førstehjelp på staden, men livet stod ikkje til å redda.

Skjedde då elevar gjekk av bussen

Alle naudetatar var raskt på staden.

Det me veit, er at det har vore ein buss til stades, og det har vore ungar. Me veit ikkje om dei var på veg til ein buss eller om dei venta på ein buss, seier Sveen.

Politiet opplyser at bussen er ein rutebuss som passerer skulen guten gjekk på, og hadde mange elevar om bord.

Ulukka skjedde då elevane gjekk av bussen.

Politiet jobbar no med å finna ut kva ungane har sett, og kven av dei som er vitne til ulukka.

Guten gjekk i 6. klasse på Landro skule.

Landro skule, Øygarrden

SKULE: Guten gjekk i 6. klasse på Landro skule.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Vil skåne barna

Han fekk livreddande fyrstehjelp i 50 minutt, før han vart erklært død på staden av lege.

Sveen seier at dei skal snakka med fleire vitne på staden, men mange av ungane og andre vitne på staden var i sjokk, og politiet ynskja at dei skulle få tid til å samla seg før eit vitneavhøyr.

Me har samla sjåfør, foreldre til barnet, og ungar som var saman med avdøde, i eit eigna lokale i nærleiken. Dei blir fylgde opp av det lokale kriseteamet, seier Sveen.

Guten vart påkøyrd av ein personbil i ei 80-sone.

Politiet skal avhøyre fleire vitne etter ulukka onsdag.

Svendsen seier at dei vurderer å skåne ungane som har sett ulukka.

– Eg tenker at om me kan innhente informasjon på anna vis, så hadde det vore det beste.

Samla til minnestund

Landro skule starta dagen med å samle alle elevane i gymsalen onsdag morgon.

– Det vart ei sterk, men verdig stund. Det er trist, men godt å vere saman, seier rektor Anita Vabø ved Landro skule.

Skuleleiinga fokuserer no på å ta godt vare på elevane og personalet deira.

– Våre tenker går til næraste familie i denne tunge tida, seier ho.

Satte krisestab

Ordførar i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik (H), seier fokuset no er på dei næraste.

– Me sette krisestab umiddelbart då me fekk melding om ulukka, før me visste omfanget. Det me gjer no er å støtta særleg familien, men òg medelevar og lærarar, seier Indrevik til NRK.

Korleis pregar denne ulukka lokalsamfunnet?

– Me er framleis mange små bygder, så denne ulukka påverkar oss alle, og spesielt dei med barn.

Dei opna Landro kyrkje for folk frå klokka 20 tysdag kveld.

Tom Georg Indrevik

ORDFØRAR I ØYGARDEN: Tom Georg Indrevik (H).

– Vi tilbyr rommet vårt som ein stad der ein kan samlast, tenne lys og vere i stille og ettertanke, seier sokneprest Bjarte Nese.

Landro kyrkje ligg like ved Landro skule. Soknepresten meiner det skaper eit spesielt band mellom skulen og kyrkja.

– I kyrkja kan vi komme når det vonde rammar oss. Dette er ein trist dag, og vi ønskjer å vere til disposisjon for lokalsamfunnet, seier Nese.