Hopp til innhold

Over 100 personar isolerte etter ras

– Mamma, sjå alle trea! Familien Gjerde fekk seg eit skikkeleg sjokk då svære steinar og jordmassar dundra ned fjellsida i Oldedalen i Stryn. Mange fjellovergangar er stengde som følgje av uvêret.

Ras i Oldedalen

VEGEN ER SPERRA: Fylkesveg 5724 i Oldedalen er stengd inntil vidare.

Foto: Tina Henningsen Gjerde

Tina Henningsen Gjerde stod ute på tunet saman med sonen då det store jord- og steinraset kom ned nokre hundre meter bortanfor dei laurdag ettermiddag.

– Det buldra kraftig og nokre av blokkene var store som bilar, fortel Henningsen Gjerde.

Ho vedgår at ho vart redd. Ikkje minst fordi ho tenkte på mannen som var på veg heim og naboen som bur nærare.

Ingen personar vart tekne

No gjekk det bra med begge, men mannen hennar, Frode Gjerde, vedgår at slike hendingar set ein støkk, sjølv i folk som er vane med at det rasar.

– Eg høyrde stein og is som rasa i heile natt, seier Gjerde.

– Det plar gå snøras her om vinteren, og stein kjem det no ned heile tida. Men eit så stort ras har eg aldri opplevd før, fortel Gjerde.

Fylkesveg 5724 er blant landets mest rasfarlege vegar , samstundes som det er ein sterkt trafikkert turistveg. Dette er vegen inn til den nasjonale turistattraksjonen Briksdalsbreen, som årleg blir besøkt av 300.000 turistar.

Ras i Oldedalen november 2020

TETT PÅ: Raset gjekk ikkje så veldig langt unna denne garden.

Foto: Tina Henningsen Gjerde

Mange farevarsel

Fredag sende Meteorologisk institutt og NVE heile 45 farevarsel for helga åtvaringar mot sterke vindkast, høg vasstand, flaum, jordskred og generelt mykje nedbør. Statsmeteorolog Tone Christine Thaule fortel til NRK at vêret vil halde seg gjennom helga slik dei varsla på fredag.

– Det vert mykje vind og nedbør, seier ho.

Laurdag føremiddag var vinden på Kråkenes fyr i Kinn kommune oppe i orkan ein kort periode. Middelvinden syner sterk storm med målingar på 33,4 meter i sekundet. På Kvamsfjellet i Jølster bles det 33,5 sekundmeter medan det på Trolledalsegga i Nordfjord vart målt ein middelvind på 37, 1 m/s.

Gjennom webkameraet til Fjordenes Tidende kan du sjå bølgjene slå innover fyret.

Kom seg heim med båt

Frode Gjerde og Jacob Henningsen Gjerde

RAS LIKE VED HUSET: Berre nokre hundre meter frå huset gjekk raset. Frode Gjerde (t.v.) og sonen Jacob Henningsen Gjerde.

Foto: Tina Henningsen Gjerde

Då NRK snakkar med Gjerde laurdag ettermiddag, er han på veg heim etter å henta ein vêr i Førde.

– No vert det vel til at eg må finne meg alternativ overnatting hos slektningar, seier han.

Heime held kona, tre born og 50 vinterfôra sauer hus, nokre hundre meter frå raset.

Men ein time seinare var han likevel heimkomen. Røde Kors stilte med båt og fekk transportert han trygt heim. Men vêren vart ståande igjen i Olden hos kjenningar.

Bonden fortel at han er blitt fortalt at raset har gått høgt oppe i fjellsida. Sjølv fortel han at det har regna kraftig i området, og at det er nedbøren som har utløyst jord- og steinraset.

Raset har verken gjort skade på personar, bilar eller bygningar, men ein del av innmarka til naboen har fått skadar. Ifølgje politiet er sjølve raset 1,5 meter høgt og fire meter breitt der det kryssar fylkesvegen.

Opnar tidlegast måndag

Statens vegvesen opplyser på si side at rasfaren i helga er for stor til dei kan opne vegen, og at ein geolog først må synfare rasstaden. Det vil mest truleg skje på måndag. Laurdag ettermiddag sende dei ut melding om at det vil verte gjort ei vurdering klokka 14 måndag om når vegen kan opne.

Nokre kilometer lenger oppe i Olden bur Johanne Melkevoll. Saman med Hege Gjertsen leiar ho ei aksjonsgruppe som jobbar med å få sikra vegen , som også tusenvis av turistar kvart år køyrer for å kome inn til Briksdalsbreen.

– Vi er veldig sårbare når vegen vert stengd så lenge. Det er dårleg vêr, og det er ikkje mogeleg å kome seg inn og ut av bygda utan å bruke båt, seier ho.

Både born og vaksne pendlar dagleg på vegen til og frå barnehage, skule og jobb.

– Hadde raset gått på same tidspunkt på ein vekedag, hadde vi hatt born heilt ned i eittårsalderen som hadde blitt skilde frå foreldra sine.