Hopp til innhold

Fryktar borna må bli tatt før vegen blir sikra

OLDEDALEN (NRK): Sindre Aabrekk og borna Martine (4) og Rasmus (2) bur langs ein av Noregs mest rasfarlege vegar. Likevel blir ikkje vegen betre sikra mot ras.

Sindre Aabrekk saman med borna Martine Malm Aabrekk (4) og Rasmus Malm Aabrekk (3)

REDD: Sindre Aabrekk si største frykt er at borna Martine (4) og Rasmus (2) skal bli tekne av ras. Berre fire vegstrekningar i Noreg er meir rasfarleg enn vegen langs Oldevatnet.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette er vegen inn til den nasjonale turistattraksjonen Briksdalsbreen som årleg blir besøkt av 300.000 turistar.

På det meste på sommartid går det dagleg 240 turistbussar fram og tilbake den svingete, smale, rasfarlege og til dels usikra vegen.

– Skal det måtte gå liv før politikarane forstår alvoret, spør Sindre Aabrekk medan han ser ned på dei to borna sine.

Aabrekk er redd. Han er redd for å sende ungane til barnehagen og han er redd når han køyrer med dei i sin eigen bil.

– Når det er mykje nedbør og rasfare går eg med ein frykt heilt til ungane er heime igjen, seier han.

Jordras Oldedalen 2013

GIGANTISK RAS: Dette raset i 2013 sopa med seg fylkesvegen ut i Oldevatnet.

Foto: Ole Andre Kvame

Ifølgje Statens vegvesen er det berre fire vegstrekningar i landet som er meir rasfarleg enn fylkesveg 5724 langs Oldevatnet.

– Livsfarleg

Også småbarnsmor Johanne Melkevoll er fortvil over vegen.

– Vegen er svært rasfarleg, til dels usikra og livsfarleg på vinteren, seier ho.

Johanna Melkevoll

KREV HANDLING: Johanne Melkevoll krev at det må gjerast noko med vegen langs Oldevatnet.

Foto: Bård Siem / NRK

Hege Gjertsen er leiar i foreldreaksjonen for tryggare veg til Oldedalen. Ho har sjølv fem born og i eit brev til ordføraren i Stryn kommune skriv ho mellom anna:

«Som mamma kjenner eg på ein reell frykt og angst når eg ferdast opp og ned kvar dag. Kven i bilen skal eg prioritere og prøve å få ut dersom det skjer noko. Kva rekkjefølge? Er det verre eller tryggare med skulebussen? Skal vi bruke barnestolar eller ha borna på fanget?»

Gjertsen legg til at bygdefolket i Oldedalen føler seg gløymde av kommunen og storsamfunnet.

Snøras i Oldedalen

SNØRAS DUNDRAR NED MOT VEGEN: Her ser vi eit av dei mange rasa som kvart år går over fylkesveg 5724 mellom Olden og Briksdal i Stryn kommune.

Foto: Privat

Vil ikkje love pengar

Leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune, Jannicke Bergesen Clarke (Ap), kan ikkje love meir pengar til fylkesvegen i Oldedalen.

I ein e-post til NRK skriv ho mellom anna følgjande: «Det einaste eg kan love er at Vestland fylke skal halde fram arbeidet for å få meir rassikringsmidlar slik at fleire av vegane våre kan sikrast og rustast opp». Ho viser til det er fylkestinget i Vestland som til slutt skal avgjere kva vegar som skal oppgraderast eller sikrast mot ras.

Bergesen Clarke uttrykker stor forståing for innbyggjarane i Oldedalen sin frustrasjon. Samtidig legg ho til at det er mange vegar i Vestland med stort behov for skredsikring som framleis ikkje er sikra mot ras.

Møteplass sklir sakte ut i vatnet

Tilbake i Oldedalen set vi oss i bilen, køyrer forbi fleire område der det ofte går ras og stoppar på ein møteplass. Møteplassen har ikkje rekkverk og hallar nedover mot det brådjupe Oldevatnet.

– Møteplassen skulle vore sikra i fjor, men ingenting er gjort. Det er svært kritikkverdig, seier Melkevoll.

Aabrekk legg til at møteplassen kan vere reine dødsfella når det er glatt. Spesielt for tilreisande som ikkje veit at møteplassen hallar nedover mot vatnet.

Oppdaterte tal viser at det trengst 71 milliardar kroner til å rassikre det norske vegnettet, på nær 1200 ulike stader. Berre på Vestlandet er det behov for 40 milliardar.

Sindre Aabrekk

STORE HOLROM i FUNDAMENTET: Fleire steinar har lausna, noko som gjer at møteplassen hallar nedover mot vatnet. – I verste fall kan det heile skli ut i vatnet, seier Sindre Aabrekk.

Foto: Bård Siem / NRK

Krev ny tunnel

Det er ikkje berre om vinteren vegen langs Oldevatnet er farleg. Den kjende Briksdalsbreen inst i dalen gjer at det på sommartid ofte kryr av folk og køyretøy langs den smale vegen.

– Skal ein full turistbuss måtte gå i vatnet før noko blir gjort, spør Melkevoll.

Buss som har køyrd av vegen i Oldedalen

På det meste går det om sommaren 240 bussar dagleg inn og ut den svært smale vegen langs Oldevatnet. Av og til går det gale. 300.000 turistar besøkjer kvart år den berømte Briksdalsbreen.

Foto: Privat

Gjertsen, Aabrekk og Melkevoll krev at dei mest rasfarlege områda langs vatnet blir lagde i tunnel. Det er rassikringstunnel på strekninga i dag, men bygdefolket meiner han er altfor kort.

– Ny og lengre tunnel er einaste måten å få det trygt. Vi har ingen å miste, seier Melkevoll.

Når det gjeld den usikra møteplassen som hallar nedover mot vatnet, lovar Bergesen Clarke at utbetringsarbeidet vil starte denne veka.