– Viss du ikkje må over fjellet, er nok dette ein slik dag der du ikkje bør besøke fjellet, seier trafikkoperatør Ketil Molvær.
Tett snøvêr og kraftig vind gjer at det er dårleg sikt på mange fjellovergangar i Noreg i laurdag føremiddag.
Kolonnekøyring
Klokka 10 vart det innført kolonnekøyring på riksveg 15 over Strynefjellet, som er ein av hovudvegane mellom nordvestlandet og Austlandet. Men Molvær utelukkar ikkje at fleire fjellovergangar kan verte stengde.
– Det er meldt dårlegare ver. Temperaturen skal falle og det skal blåste kraftigare, samstundes som det kjem meir nedbør. Vi kan få kolonnekøyring, og i verste fall stengde vegar, også på andre fjellovergangar.
Slaps på vegane
Også i låglandet i indre strok kan det vere vanskelege køyreforhold
– Det er mykje vatn og snøslaps på vegane. Folk må ta det med ro, seier Molvær.
Førebels er det berre på Strynefjellet at uvêret skapar problem for dei vegfarande. Men på fleire fjellvegar over heile landet er det meldt om vind og snøbyer.
Innstilte båt- og ferjeruter
Også på sjøen skapar uvêret problem. I Vestland fylke er to hurtigbåtruter innstilte. Også i Møre og Romsdal er to hurtibåtar innstilte. Kystekspressen innstiller anløp på Edøy klokka 15.10 og 17.30 laurdag på grunn av vêret. Passasjerane blir oppmoda om å ta ferje og deretter drosje. Også hurtigbåten mellom Hareid, Valderøya og Ålesund er innstilt ut dagen.
Ved Kråkenes fyr i Kinn kommune vart det laurdag meldt over 40 sekundmeter i kasta. Gjennom webkameraet til Fjordenes Tidende kan du sjå bølgjene slå innover fyret.
45 farevarsel
Men meteorologane bur oss på at det kan verte verre. Dei har sendt ut
farevarsel for helga. Det blir vått og mykje vind i store delar av landet dei neste dagane.– Det kjem eit lågtrykk frå Island som vil prega helga, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.
Det er meldt om flaumfare i Vestland og Rogaland. I indre del av Vestland og nordre del av Rogaland er det også fare for jordskred.
– Det kjem nok som snø og sludd når det først kjem inn, og så blir det regn opp til nesten 1000 meter over havet. Når fronten har passert blir det bygevêr, og då går snøgrensa ned til mellom 500 og 800 meter. Og Austlandet slepp unna byevêret og får opphald og periodar med sol, seier Andersen.
Det er sendt ut gult farevarsel for vind i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland. Det blir kraftig vind frå sør, før han dreiar sørvest utover laurdagen.
– Me varslar opp i orkan styrke ved Stad, storm på kysten av Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag, og lokalt kraftige vindkast i Nordland, seier Andersen.
Det er ikkje berre frå oven det blir vått i helga. Frå Agder og nordaustover mot svenskegrensa varslar meteorologane om høg vasstand frå laurdag kveld til søndag formiddag.
– Folk bør sikra gjenstandar i strandsona, og sjekka båtar og slikt. Det er heilt på grensa til at det kan bli små øydeleggingar i vasskanten, seier Andersen.